Ingar Kaldal: Frå sosialhistorie til nyare kulturhistorie

Tilbake til Ingar Kaldals heimeside .

Framsida av boka

Boka vart ferdig sommaren sommaren 2002, og vart utgitt på Det norske Samlaget. Her følgjer ein kort presentasjon av innhaldet:

Boka gir ei samanfattande og diskuterande innføring i noen grunnleggande brytningar og endringar som har utspelt seg internasjonalt i historieskrivinga og humaniora i dei siste tiåra: frå sosialhistorie slik ho fekk si form på 1970-talet, til meir kulturorienterte retningar, som i 1980- og 90-åra dels førte vidare og til dels braut med både sosialhistoriske og meir etablerte tenkemåtar innan moderne historieskriving. Desse nyare retningane er i dag kjende under namn som m.a. historisk antropologi, mikrohistorie, Alltagsgeschichte, poststrukturalisme, linguistic turn, diskursanalyse, postmoderne historie og historie som forteljing. Etter kvart finst det ein omfangsrik litteratur og debatt på dette feltet. Men lite er vorte gjort for å formidle desse viktige brytningane ut over dei innvigde fagmiljøa. Og i Norge har feltet vore meir prega av karikerande polemikkar enn av forsøk på å presentere feltet med sikte på å lære noe.
    I boka prøver eg å vise vise korleis nye teoretiske og metodiske grep kan få følgjer for måten å skrive historie på. Samtidig er det eit mål å få fram korleis synspunkt frå seinare år har røter i eldre tradisjonar både innan historie og andre kulturfag. Boka presenterer til ein viss grad også historiografiske utviklingstrekk innan feltet, og innfører lesarane i både metodiske og filosofiske aspekt ved dei spørsmåla det handlar om.

Målgruppa er studentar på mellom- og hovudfagsnivå. Sjølv om utgangspunktet er historiefagleg, dreier det seg her om spørsmål som er relevante innan fleire fag og studiar som handlar om kultur og samfunn, og som bør kunne få nytte av boka. Målet er difor å skrive ho på ein måte som gjer ho brukbar i fleire studiesamanhengar enn historie.


Innhald
1 Frå sosialhistorie til nyare kulturhistorie
  Kva var sosialhistorie?
  Historie om glømte grupper
  Samfunnshistorie
  Stor teori og moderniseringsforteljing
  Norsk sosialhistorie
2 Kultur – kva har (ikkje) det vore?
3 Kva var nytt ved nyare kulturhistorie?
  Daglegliv og levemåtar?
  Erfaringar, opplevingar og mentalitetar?
  Kultur som betydningar og meiningsinnhald?
  Hermeneutikk og dekonstruksjon
4 Utfordringar og vanskar
  Store forteljingar
  Totalitet og orden
  Tekst og kontekst
  Erfaring, interesser og identitetar
  Desentrere blikket
  Historisere begrepa
  Sanningar i mytane
  Forteljaren i historia
5 Kva så?
 Litteratur
 Register


Kommentarar og spørsmål om meir informasjon kan sendast til
ingar.kaldal@hf.ntnu.no