Tilbake til liste over historiefaglig produksjon. Tilbake til Ingar Kaldals heimeside.


Artikkel i Årbok for Nord-Trøndelag Historielag 2001, s.7-23:

Ingar Kaldal:
Knappe levebrød og vanskeleg solidaritet.
Korleis arbeidsløysa i mellomkrigstida skapte kamp om levebrødet og vanskeleg samhald mellom arbeidsfolk i Follafoss

I mye historie som er skriven om arbeidarrørsla, kan det synast som om solidaritet og samhald har hørt naturleg til der det fanst arbeidsfolk, og at det berre var spørsmål om å erkjenne den, organisere den, og sette den ut i livet. Slik har det aldri vore. Solidariske idear og handlemåtar har i arbeidarrørsla og arbeidarklassen, som i andre miljø, vore noe ein måtte bygge opp gjennom hardt strev og vanskelege val, der erfaringar og lærdommar måtte gjerast på grunnlag som var langt frå eintydige. Kva løysingar som har vore dei mest solidariske eller rettferdige, har aldri vore gitt, men tema for tolkingar, og for kamp mellom ulike interesser og omsyn. Og det har handla om makt og kontroll, disiplinering og innordning. Nettopp slike forhold har ligge under mye indre strid i arbeidarrørsla. Særleg har dette vist seg tydeleg når levebrødet har vore knapt, og arbeidar har stått mot arbeidar, og arbeidargrupper har verga sine interesser mot andre grupper, og da både mot rikfolk som sto for utbytting og overflod, og mot svakare grupper som sto utanfor arbeidsmarknaden, men ville ha del i levebrødet. Kva vanskar dette kunne skape, viste seg godt på industristaden Follafoss i Verran i 1920- og 30-åra. Det er desse solidaritetsvanskane og korleis dei vart løyste, denne artikkelen skal handle om.

(artikkelen bygger på materiale frå doktorgradsavhandlinga til Ingar Kaldal: Arbeid og miljø ved Follafoss tresliperi og Ranheim papirfabrikk 1920 -  1970. Nr 3 i skriftserie ved Historisk Institutt, Trondheim 1994. Boka kan bestillast frå Historisk Insitutt, NTNU, 7491 Trondheim, telefon 73596440, eller ved å kontakte forfattaren (epost: ingar.kaldal@hf.ntnu.no). Fotnotar og referansar som viser kor opplysningane til denne artikkelen stammer frå, kan leitast opp i avhandlinga på sidene 213-234, av plassomsyn er dei kutta ut her. I avhandlinga finst også ei liste over namna på dei mange som i 1980-åra vart intervjua for prosjektet, og som her er siterte når dei fortel om eigne erfaringar).

I Follafoss var det enno for hundre år sidan berre eit sagbruk og ein liten tettstad, omkring der Folla rann ut i Beitstadfjorden. I 1909 vart det på denne plassen starta eit tresliperi. Etter det vart Follafoss i løpet av eit par tiår bygd ut til ein av Nord-Trøndelags viktigaste instustristader. Etter å ha vore drive noen år i privat eige, vart tresliperiet i 1919 selt til Nord-Trøndelag Fylke, som tok over det først for å bygge ut vasskrafta i Follavassdraget til elektrisitetsforsyning for distriktet. Men frå 1922 bygde fylket om sliperiet til elektrisk drift, og til meir moderne tremasseproduksjon. Dermed var ein heilt spesiell bit av norsk industrihistorie i gang: eit fylke sto som eigar og drivar av ei stor industribedrift. Den historia varte til 1983. Da tok Lyng Industrier over, og dreiv sliperiet noen år før dei overlet fabrikken til Norske Skog. Denne historia skal vi la ligge her, ho er kjent for dei fleste gamle nordtrøndarar. I staden skal vi stoppe opp ved situasjonen i mellomkrigstida, og granske nærare korleis arbeidsfolk i Follafoss opplevde krisene og arbeidsløysa, som ein situasjon fylt av vanskeleg solidaritet og motstridande interesser.
 I 1920 baud tresliperiet på levebrød for omkring 100 arbeidarar og deira familiar. Frå da vart arbeidsstokken dobla fram til 1926, da utbygginga ved sliperiet var fullført. Dette betydde at den internasjonale krisa som hausten 1920 avløyste høgkonjunkturen frå første verdskrigen, og den arbeidsløysa som frå da av rådde elles i samfunnet, her ikkje vart merka like sterkt som andre stader. Dette gjorde at sliperiet i Follafoss enda meir enn i åra før 1920 framsto som ein særs heldig arbeidsplass å ha ”komme seg innom veggane” på. Store grupper mannfolk som gjekk lange tider utan lønnsarbeid, fann ein i Follafoss først frå midten av 1920-åra. Mange av dei var søner av den første genera-sjonen sliperi-folk. No melde dei seg til teneste i eit lokalt industrisamfunn der mange hadde funne seg gode levebrød, og sto hardt på for å få behalde det. Samtidig fortsette det også å melde seg arbeidsvillinge gutar frå bygdene omkring. Situasjonen var ikkje enkel.
 No skal ein ikkje overdrive kor gylne tidene var i Follafoss heller sjølv om sliperiet vart bygd ut, og arbeidsløysa vart utsett noen år etter 1920. For også dei som hadde jobb, merka krisene ved at produksjo-nen vart inn-skrenka og stoppa i periodar . Av og til hadde dei etter kvart også grunn til å tvile på framtida på staden. I 1930 var sliperiet på konkurs-randa, men staten ga hjelp. Og i 1932 såg det mørkt ut da ein forferdeleg vårflom ødela fabrikken. Men leiarane i fylket hadde fleire grunnar til å halde sliperiet i gang: både av omsyn til tømmersalet for skogeiga-rane, avsetnaden på kraft frå elverket og sysselset-tinga. Den hardaste og drygaste krisa opplevde sliperifol-ket i 1935, da sliperiet stoppa lange tider både i streik og fordi lagra var fulle. I 1936 vart situa-sjonen for folk i Follafoss be-skriven slik på eit møte i sliperiarbeidar-foreinin-ga: mange ungdommar ledige, inn-skrenka drift ved sliperiet, lite skogs-arbeid og mislykka fiske i Beitstad-fjorden, slik at det var lite matfisk óg. Ein som var ung i 1935 fortel at han det året reiste frå Follafoss fordi det var ei "elendig tid". Med seg hadde han 50 kroner han hadde fått låne av kommunen. Men i 1937 fekk han høre heimefrå at det var betre med arbeid igjen, og han drog straks tilbake. Men hausten 1937 vart det snakk om permis-jonar att. I siste del av 1930-talet gjekk både 30 og fleire til jamnt utan arbeid i Follafoss.

Utanfor porten
Dette var ein situasjon som prega stemninga på staden gjennom store delar av mellomkrigstida. Mange ledige ungdommar møtte stadig opp utanfor sliperi-veggen når det var skiftbytte, i håp om at det trongst ein ekstra mann. Dei passa nøye på, og det hendte det vart trøb-bel mellom dei. For formennene kunne óg ha sine utvalde som dei ville ha inn-.
 Bedriftsleiinga skildra dei ledige ungdommane slik: "..en del ungdommer, som i almin-delighet har arbeide enkelte skift, dager eller korte perioder, og derfor er blitt kalt 'reserven'. Disse er ikke ansatt på samme måte som de øvrige arbeidere. De blir nemlig tilsagt til arbeide, når man har bruk for dem, og slutter som regel uten oppsigel-se". For bedrifta var dei ein fleksibel reserve som kunne nyttast eller sendast heim etter som dei trongst. Midt på 1930-talet kom det for ein dag at leiinga dreiv og snaut reservane for ferie-pengar ved å passe på å seie dei opp før dei hadde arbeidd samanhengande i tolv veker. Det var nemleg grensa for å få rett til feriepengar. Fagforeinin-ga meinte å kunne bevise at disponenten hadde gitt ein av formen-nene ordre om å passe på dette. Året etter den vart saka løyst, og nesten alle reservane feriepengane sine etter-betalt.
 Frå det å vera heilt utanfor, med minimale håp om jobb, til å vera tilsett som fast, var det fleire stadiar å gjennomgå for ein unggut i Follafoss. Den som greide å gjera seg husvarm som reserve på eit skift, hadde større håp om å bli fast enn den som berre gjekk på strøjob-bar ute: "Vi som arbeidde ute, var spente på om vi fekk arbeid i slipe-riet. For det begynte å bli mindre med utearbeid (etter at utbyggingane var over)". I denne utrygge situasjonen gjaldt det å vise at ein dugde også til fastare arbeid. "Ungdom-mane var redde for å komme for seint, for formennene kunne vera sinte i 30-åra", seier ein.

Dele på arbeidet - med sine eigne "på stedet"
I 1922-23 vart det bygd eit nytt lagerbygg eit par hundre meter ovanfor det gamle ved hamna til sliperiet. Frå dette nylageret måtte massen fraktast ned til kaia med traller under lasting. Dette arbeidet, som kravde folk berre av og til, vart ein sjanse for ledige ungdommar. Dei som fekk vera med på denne massetrillinga, vart kalla "ballstad-gutar". Massen vart lasta på store firehjuls traller som det gjekk 10-12 tremassballar à 200 kilo på, og som vart dregne av ein hest på skeiner frå nylageret ned til kaia.
 Massetrillarane sto i nært samband med lastarane, som tok imot massen på kaia og lasta den ombord i båtane. Lastarane var stort sett småbrukarar frå bygdene omkring Follafoss, som dette arbeidet passa for, fordi dei ikkje var ute etter fast arbeid, og kunne tilkallast når det kom båt. I tillegg fanst det ein del som på vinteren arbeidde i skogane omkring Follafoss, men som elles i året var interesserte i arbeid på staden.
 Arbeidslause, lastarar og skogsarbeidarar var grupper som på ulike vis var utanfor i Follafoss. Dei arbeidslause sto utanom arbeids-livet, men dess meir innafor miljøet på staden, i alle fall mange av dei. Lastarane hørte til utanfor staden, men var dess viktigare i arbeidslivet der. Skogsarbei-darane både arbeidde og budde utanfor, men sto i fleire samanhengar i nært forhold både til bedrift og fagor-ganisasjon i Follafoss. I ei tid med mye både trengsel og kamp kom dei som dominerte staden, sliperiarbeidara-ne, opp i solidaritets-vanskar med alle desse gruppene.
 I sliperiarbeidarforeininga sto dei som hadde arbeid og var fast knytta til sliperiet. For dei var dei ledige delvis noen dei tykte synd om, delvis sønner utan eige levebrød, og til dels folk bedrifta kunne ta av om ho ville bli kvitt andre. I alle tilfelle hadde sliperiarbeidarforeininga grunn til å hjelpe dei – samtidig som dei representerte konkurranse om arbeidet.
 Gjennom heile arbeidsløysetida prøvde sliperiarbeidarforeininga å redusere overtids-arbeidet for sine eigne til fordel for dei ledige. Ho vedtok korreksar og bøter mot medlemer som tok for mye overtid, ho foreslo avspasse-ringsord-ningar så ledige kunne sleppe til, og ho sette ned komitéar for å kontrol-lere over-tida.
 Helgareingjering av maskineriet i sliperiet, etter at produksjonen var stoppa på laurdagskveldane, var ei oppgåve som her sto i ei spesiell stilling. På den for ungdommen aller mest dyrebare natta i veka var det godt å få fri for mange som hadde fast arbeid. Samtidig var det da også på eit vis ekstra god å sleppe til for mange ledige, for dei fekk da helgatillegga, som andre. Etter ei natt på reingje-ring, "handla vi full ryggsek-ken med mat, og var sjeleg-lade", seier ein som opplevde dette.
 I eit særskildt forhold til over-tidsbruken sto verkstadar-beidara-ne ved sliperiet. Dei tente også godt i tider med innskren-kingar, fordi leiinga da gjerne passa på å få gjort større reparasjonar. "Når det var stans, var dei misun-nelege på oss på verksta-den, for det var repara-sjonar (..). Berre ein del av sliperi-ar-beidarane fekk jobb, medan vi på verkstaden hadde jobb nesten alle", seier ein. I 1929 oppsto ein skarp diskusjon mellom verkstadfolka og resten av sliperiarbeidarforeininga om korvidt dei skulle avspassere overtid til fordel for ledige. Reparatø-rane meinte arbeidet deira kravde kunn-skapar som dei arbeidsledige ikkje hadde. Dessutan, om ein reparatør avspas-serte ein dag etter å ha arbeidd overtid, var det langt ifrå sikkert at bedrifta ville sette inn ledige i staden – i motset-ning til på skift, der det hørte til tariffavtalen at det skulle vera eit fast tal med tilsette på kvar plassen for å kunne kjøre produksjonen, og dermed var leiinga pålagt å skaffe reservar når noen var borte. For reparatørane var sjansen stor for at avspasse-ring i staden kunne føre til at bedrifta reduserte talet på faste i verkstaden. Motsetningar om dette førte til at verkstad-arbeidarane i 1929 starta sin eigen klubb innanfor sliperiarbeidarforeininga.
 I spørsmålet om å dele på det knappe levebrødet låg det altså både indre og ytre solidaritetsvanskar. Sliperiarbeidarforeininga prøvde å forlike og disiplinere sine eigne. Samtidig handheva ho sine interesser mot grupper utanfor bygda som var ute etter arbeid i Folla-foss. At foreininga først og fremst tok vare på levebrø-det for dei på staden, kom til uttrykk også i forsøk på å få eigne medlemer til å dele på arbeidet berre med dei arbeidsledige på staden. I 1928 vedtok sliperiarbeidarforeininga at arbeids-lause "på stedet, som er organisert", burde få mest muleg av reingje-rings-arbeidet i helgane.

Heimstadrett mot marknad
Sliperiarbeidarforeininga prøvde altså å styre fordelinga av ledige jobbar. Det hendte ho greip inn etter vurdering av dei enkelte sine behov for arbeid. Og ho "påla" sine medlemer å sørge for å få inn folk frå medlemsstokken som var arbeids-lause viss dei tok seg permisjonar. Til-litsmennene var stadig på bedriftsleiinga om slike fordelingsspørsmål. "Under ellers like forhold", sa bedrifts-lei-inga seg villig til å bytte om på folk ved tilsettin-gar og oppseiin-gar. Men leiinga meinte sjølv at ho tok bra omsyn til både ansien-nitet, familie-for-hold og bustad-kom-mune.
 I 1928 vedtok sliperiarbeidarforeininga, som ledd i denne politikken, å stoppe inntaket av nye medlemer inntil vidare. Den som ville melde seg inn, måtte heretter legge inn søknad om det til styret. Tidlegare hadde sliperiarbeidarforeininga hatt som del av sin tariffavtale at berre or-ganiserte arbeidarar skulle ha fast arbeid ved sliperiet. Det punktet vart avskaffa omkring 1920. Hadde den regelen stått ved lag no, ville stenginga av medlemsinntaket ha betydd "closed shop", altså stenging av ledige plassar i sliperiet for folk som ikkje fagforeininga ville skulle sleppe til. Mye tyder på at foreininga eit stykke på veg klarte å handheve ei slik styring av tilsettingane sjølv om den formelle regelen om ”berre organiserte” arbeidarar ved sliperiet ikkje sto ved lag. For det vart hugsa lenge etterpå at folk "fekk ikkje fortsette viss dei ikkje gjekk inn i foreinin-ga".
 Ein måte å styre tilsettingane på, var å sette opp lister over arbeidslause og forlange av bedrifta at ho tok dei inn når jobbar vart ledige. Ein arbeidar fortel at "vi fekk til den der lista" fordi formennene ikkje fordelte jobbane rettfer-dig. Han fortel at høgare sjefar på bedrifta var mot listesys-temet, fordi dei ville stå fritt. Men dei óg fann visst snart ut at det kunne vera fordelar med det når det først vart gjen-nomført. Dei som "knurra" mest da, var heller dei av reservane som lettast hadde fått jobbar før.
 Sliperiarbeidarforeininga prøvde også å få bedrifta med på eit eige ansienni-tetssystem basert på når folk hadde meldt seg inn i foreininga, og altså ikkje på når ein hadde begynt i arbeid ved sliperiet. I 1934 vart fleire som hadde vore reservar i "årevis", sagt opp medan noen sto i arbeid som hadde slutta å betale kontin-gent i sliperiarbeidarforeininga. Foreinin-ga ba da Papirindustriarbeidarfor-bun-det støtte ein eventuell konflikt for å få desse fjerna til fordel for reservar som betalte kontingent. Grunngjevin-ga var at "Hittil har det vært alles opfatning at hvis en skal faa arbeide ved Follafoss Træsliperi saa maa man være organisert". Forbundet svarte at sidan det ikkje sto i tariffavtalen, kunne ikkje foreininga gå til konflikt for eit slikt krav. Likevel vart ei liste levert på sliperi-kontoret over reservane med datoar for innmelding i foreinin-ga, for å markere foreininga sitt ansienni-tetsprinsipp. Noen månader seinare sendte sliperiarbeidarforeininga ei ny liste til leiinga med sju rangerte namn. Kravet som følgde lista, var at ledige plassar berre måtte gå til "faste medlem-mer". Og fleire av dei vart tekne inn.
 Sjølv om sliperiarbeidarforeininga ikkje fekk det heilt som ho ønska seg, tyder mye altså på at ho langt på veg greide å få det til å bli vanleg at ein måtte vera medlem i foreininga for å få jobb ved sliperiet. Det innebar små sjansar for ein uorganisert arbeids-laus om han ikkje vart teken opp i foreininga. Ein tidlegare sliperiarbeidar fortel at "Forei-ninga var redd å sleppe inn for mange, for da kunne vi ha forlangt å få arbeid (..). Eg prøvde å bli medlem før, men det gjekk ikkje". Mange vart haldne utanfor, seier han. Ein annan arbeidar som kom frå bygda sør for Follafoss, fortel at "Vi følte, eg og brørne mine... vi hørte ikkje Follafoss til. Vi hadde barndoms-heimen på Verrastran-da. Ungdommen frå Follafoss fekk gå inn i fag-foreinin-ga, ikkje vi. Vi hadde nesten ingen sjanse", seier han. Han vart halden utanfor sjølv om han også hadde hatt jobbar ved sliperiet før – det hadde han fått når formennene plukka ut dei dei ville ha: "Sær-leg ein ga meg mange skift. Men så ein søndags kveld sa han at han ikkje hadde noe arbeid til meg, og at han ikkje hadde lov til å ha meg, for eg var ikkje organisert. Da heldt det guten hardt å gå heim, særleg når eg ikkje fekk gå inn i fagforeininga deira. Eg var på om det fleire gonger, men vart nekta". Sliperiarbeidarforeininga verga altså dei som hørte til på staden mot konkurranse utanfrå.
 Kort tid etter at sliperiarbeidarforeininga vedtok å regulere inntaket av medlemer og dermed stramme opp "tilsettingspoli-tikken" sin, skjedde det interes-sante ting på det same feltet i laste-foreinin-ga, som altså i stor grad besto av folk frå bygdene utanfor tettstaden Follafoss. I 1929 vedtok ho ein ny paragraf i lovene sine: "Ved inntaking av medlemmer i lastefore-ningen skal det såvidt mulig takes hensyn til at medlemmerne blir ligelig fordelt efter følgende regler, en tredjedel fra Verran (sørover frå Follafoss, min merknad), den andre fra Vadanes-set og den tredje fra Fjellgår-dene". Den regelen vart heretter nøye passa på, slik at om det slutta ein lastar, så skulle han erstat-tast av ein frå same bygdelaget. Til og med når ein vart sjuk, og måtte leige noen i staden for seg, vart det helst sett at han brukte folk frå si eiga bygd, blir det fortald.
 Dette skulle altså sikre rettferd mellom tre bygdelag. Samtidig gjorde lasteforeininga i praksis lastejobbane til noe som skulle reserverast for folk utanfor sjølve Folla-foss. Både sliperiarbeidarforeininga og lasteforei-nin-ga stramma altså i 1928-29 opp si eiga "rett-ferdsstyring" når det gjaldt fordeling av jobbar. Og kor ein hørte til geografisk vart i fleire samanhengar i praksis gjort til sentralt fordelings-krite-rium.
 Midt oppi desse tiltaka frå sliperiarbeidarforeininga og laste-foreininga sine sider, var det også at skogsarbeidarane som var knytta til sliperiet i Follafoss starta fagforeining. Ho óg gjekk på bedrifta om å ta omsyn til foreinin-ga sine medlemer når folk skulle tilsettast på drifter i nye sesongar. Men her var ikkje tanken om ein slik rett umiddelbart naturleg å kople til det å høre til ein bestemt stad geogra-fisk. For skogsarbeidarar ville det prinsippet ha vore meir eit tveegga sverd enn for sliperi-arbeidarane som så eintydig hørte til i Follafoss, og som sjeldan hadde interesser av sysselset-ting utanfor akkurat den staden sjølve. Skogsarbeidarane sin arbeidsmarknad var spreidd på fleire bygder og kommunar, og det talte for at dei også burde tenke meir på tvers av geografiske grenser  når dei skulle verge interessene sine. For lastarane og sliperiarbeidarane var derimot geografisk tilknyting eit viktig kriterium.
 Tanken om heimstad-rett når gode skal fordelast, har røter blant anna i gamal norsk fattiglov-gjeving. Den påla i visse tilfelle bergverk og bruk å sørge for levebrød til folk med "hjemstavns-rett" på staden (noe ein fekk t.d. ved å ha budd der ei viss tid). Dette vart opplevd som eit hinder for bedrifter som gjerne ville hente sine arbeidarar fritt frå ein større arbeids-mark-nad. Da arbeidsløysa skapte trengsel om jobbane etter 1920, vart ein liknande heimstadrett fleire stader aktualisert som norm for fordeling av jobbar. Det vi har sett i Follafoss, er at vilkåra for å gjera ein slik heim-stad-retts-tanke gjeldande ved fordeling av jobbar, verka ulikt for sliperifolk, lastarane og skogsar-beida-rane.

Striden mellom lasteforeininga og sliperiarbeidarforeininga
Både arbeidsløysa og harde arbeidskonfliktar ved sliperiet i 1926, -27 og -28 skapte vanskar mellom sliperifolk og lastarar. Lastarane var viktig for makta til sliperiarbeidarane. Åleine kunne sliperi-arbei-darane berre stoppe ein produksjon som leiinga gjerne reduserte frivillig i ei tid med avsetnadssvikt. Så lenge bedrifta fekk skipa ut varer frå fulle lager, vart ho lite ramma av at sliperiarbeidarane stoppa arbeidet. Å stoppe utskipin-ga ville ha svidd, men det ville ikkje las-tarane utan vidare, same kor mye sliperiarbeidarane bad om det. Da det såg ut til å bli konflikt i sliperiet i 1925, heldt dei seg på sakleg og kjølig avstand: Det "anses os uvedkom-mende. Selv om streik indtræder, så må båt kunne lastes her sålænge vi ikke hører noget fra vort eget forbund om arbeidsstands".
 Dette sette igjen fart i taugtrekkinga om kven som hadde retten til massetrillinga frå nylageret, for det var eit arbeid som låg i grenselan-det mellom sliperi- og laste-foreinin-ga. Etter konflikten i 1926 forlangte sliperiarbeidarforeininga at masse-transporten skulle reser-verast for arbeidslause blant deira eigne medlemer. Og da lastarane under ein ny konflikt ved sliperiet i 1927 nekta å gå til sympati-streik, ville sliperiarbeidarforeininga blokkere mas-setrans-por-ten. Lasteforeinin-ga vedtok likevel å utføre også det arbeidet.
 To solidari-tets-klemmer vart no sett på lastarane: dei vart skulda både for svik mot lønnskampen til sliperiarbeidarane og for å vera ute etter å ta arbeidet frå ledige ungdommar i Follafoss. "Den nuværende ordning med denne massetran-sport er i høi grad uretferdig, i det det anvendes uorganiserte arbeidere fra distriktene omkring Folla mens en del av stedets organiserte arbeidere gaar ledige", skreiv formannen i sliperiarbeidarforeininga til fagforbundet sitt i 1927. Det måtte bli slutt på at lastarar på denne måten "optrær som entrep-renø-rer". Interessant ved denne skuldinga er korleis lojalitet mot organisasjon og "sted" var kopla ihop.
 Lasteforeininga nekta for å ha skaffa uorganiserte jobb med å trille masse. Men ho gjekk med på å "ta hensyn" til ledige ungdom-mar. Sliperiarbeidarforeininga kravde likevel at lasteforei-nin-ga skulle skrive i sin tariff at masse-trillinga skulle gå til dei ar-beidslause. Striden kjørte seg fast, og begge fagforbunda, Papir og Transport, sendte folk til Follafoss for å ordne opp. Men det var fåfengt. Så prøvde sliperiarbeidarforeininga å få massetril-lin-ga inn i sin tariff. Da produksjonen ved sliperiet vart stoppa i kon-flikt for tredje år på rad i 1928, lykkast sliperiarbeidarforeininga betre. Ho fekk støtte i Papirindustriarbeidarforbundet for å blokkere massetransporten. Og endeleg fekk sliperiarbeidarforeininga no leiinga med på at deira tariff gjaldt også for tran-sport av masse frå nylageret.
 Bedriftslei-inga nekta framleis å skriftfeste noen førsterett for sliperiarbeidarforeininga sine medlemer til denne massetril-linga. Likevel ser det ut til at sliperiarbeidarforeininga i praksis no greide å behalde dette arbeidet for seg og sine. I mai 1929 danna masse-trillarane ei eiga "transportgrup-pe" som vart teken opp i sliperiarbeidarforeininga.  Og i 1930 laga sliperiarbeidarforeininga eit eige forslag til tariffav-tale for mas-setranspor-ten.
 Samtidig vart laste- og sliperiarbeidarforeiningane samde om å samarbeide meir ved dei lokale lønnsoppgjera. I 1931 fekk dei testa samhaldet. For etter at lastarane forkasta eit meklingsfor-slag og gjekk til streik, stoppa leiinga også produksjonen i sliperiet. Som grunn ga ho at ein ikkje kunne halde i gang produksjonen når utskipinga sto. Men sliperiarbeidarforeininga oppfatta det som ein lockout, og ba fagforbundet sitt om å få bli teken ut i sym-pati-streik, "for at vi kan opfylde vore indgåtte forpliktelser like overfor lastear-beiderne". Det vart konflikt i to månader før lastarane godtok eit forslag.
 Mye tyder på at sliperiarbeidarane opplevde samarbeidsforsøket som problematisk. Dei følte seg "satt ut i arbeidsledig-het uten å begripe det ringeste av hvilken fordel lasteforeningen tenkte å oppnaa med sin handlemaate". Dessuten hadde det under denne konflikten komme noe nytt inn i bildet: bedriftsleiinga foreslo å slå saman dei to fagforeiningane, for å få ordna tariffane meir under eitt. I fagorga-nisasjonen vart det oppfatta som eit utspel for å få til meir sams lønnsvilkår for dei to gruppene. Det vekte motstand også blant lastarane, som tente svært bra på sine kortvarige men intense arbeidsøkter med å laste tremasse kvar gong det kom båt. Dette er viktig for det som skjedde seinare. La oss før vi går vidare, samle opp noen trådar i det bildet som no begynner å bli innfløkt nok.
 I utviklinga av solidaritetsproblemet mellom dei to gruppene kan ein merke seg fleire fasar: Først var sliperiarbeidarforeininga misnøgd med at ho ikkje sjølv fekk kamphjelp frå lastarane, så var ho misnøgd fordi ho hadde måtta yte kamphjelp til dei. Så vart det i staden bedriftsleiinga som begynte å snakke om meir samla oppgjer og felles organisering av dei to gruppene. Samtidig fortsette dei to fagforeiningane å "samordne" seg, men i staden for å støtte kvarandre sin kamp, handla det no meir om å passe på at den andre ikkje fekk meir enn ein sjølv.
 Da bedriftslei-inga i 1932 ba arbeidarane godta frivillig lønns-reduk-sjon etter at ein stor flom hadde skapt store ødeleggingar ved sliperiet, sa sliperiarbeidarforeininga at ho gjekk med på å gje frå seg 10 øre i timen berre viss lastarane fekk same reduksjon. Det gjorde dei. Men lastarane godtok det på si side berre viss dei vart stilt på line med sliperi-folk når det gjaldt å få arbeid under dei omfattande reparasjonane etter flomska-da-ne. Der kolliderte ønska. Sliperiarbeidarforeininga forlangte at dei faste sliperi-ar-beidarane måtte få arbeidet med oppryddinga. Og trongst det fleire, måtte reservane ved sliperiet få jobb framfor alle andre. Lasteforei-nin-ga meinte at dei i alle fall burde få jobb først etter dei faste på slipe-riet. Som med masse-trillin-ga sto det enda ein gong mellom ledige ungdommar i Follafoss og folk frå bygdene omkring.
 I 1933 fekk striden mellom dei to gruppene nytt utløp. I august det året aksjonerte sliperi-arbeidarane spontant mot ein tysk lastebåt som låg ved kaia med hakekorsflagg i masta (dette var eit halvår etter at Hitler hadde teke over makta i Tyskland, og aksjonen var ein politisk streik mot nazismen). Dei blokkerte lastinga. Men lastarane nekta å slutte seg til aksjonen. Dei viste til at Transportarbeidarforbundet hadde sagt at ingen hamnear-beidarar måtte nekte å laste eller losse tyske båtar. Dette utløyste bitter krangel mellom dei to fagforeiningane i Follafoss.

Maktkamp og utlufting
Etter ”hakekorsaksjonen” kravde sliperiarbeidarforeininga at lasteforeininga måtte oppløysast, og medlemene overførast til si foreining. Der skulle lastarane få sitt eige gruppe-styre. Men lastarane nekta. Også Transpor-tforbun-det avviste det først, men bøygde seg da ei tvistenemnd sentralt i LO gjekk inn for det. Lasteforei-nin-ga raste og meinte at sliperiarbeidarforeininga hadde spreidd løgn for å oppnå "den tilsiktede maktstil-ling". Dei hadde "faat i sinde at faa herredømme over lastearbei-derne".
 Attåt dei dårlege erfaringane med kampsamhal-det og lastarane sine kjensler for å ha si eiga forei-ning, dreide det seg om både lønn og arbeids-plas-sar. Lastarane innrømte sjølve at dei var høgare betalt enn sliperiarbeidarane. Men så hadde dei heller ikkje full jobb. Dei hadde ikkje "en times arbeide utenom lastningen", bortsett frå litt skogs-arbeide eller fiske, som dei sa. Skulle dei stå i sliperiarbeidarforeininga, rekna dei ikkje med å få mye støtte for å behalde den gode lønna. Men enda verre var frykta for at sliperiarbeidarforeininga ville ta jobbane frå dei, og overføre lastinga til folk i sjølve Follafoss som trong arbeid no som arbeidsløysa var på sitt største. At LO i 1934 gjorde klårt at dei noverande lastarane måtte få behalde jobbane sine, var ikkje nok till å gjera dei trygge.
 I to år var denne striden fastlåst. Lastarane blåheldt på foreininga si mot både LO, fagforbunda og sliperiarbeidarforeininga. Da tariffoppgjeret i 1935 nærma seg, prøvde sliperiarbeidarforeininga seg på å seie opp også tariffen for lastarane og på å få forhandle for dei. Formannen i lasteforeininga, skreiv da til Transportarbeidarfor-bundet: "(..) med tvang og diktatur er ikke de mange hundrede foreninger i vårt land oprettet, og bør heller ikke eksistere for å kjempe hverandre ned". Heller ikkje bedriftslei-inga godtok at laste-tarif-fen vart sagt opp av ei anna foreining. Dermed kom ikkje sliperiarbeidarforeininga noen veg. Også frå Papirindustriarbeidarfor-bundet kom det no varsel om å la saka ligge. I løpet av 1935 ebba striden ut. I eit brev frå sliperiarbeidarforeininga til forbundet under den siste store arbeidskonflikten som det året utspelte seg i Follafoss, heiter det defensivt: "vi er av den formening at det med tiden maa bli en ordning slik at arbeiderne ved Follafoss Træsliperi blir samlet i en forening under ett forbund". Det striden hadde handla om, var altså redusert til eit langsiktig ønske.

Oppgjer og ordning på fleire frontar
Omkring 1935 skjedde det klimaks og dels avklåringar i fleire av dei spørsmåla som i fleire år hadde skapt vanskar både mellom ulike arbeidargrupper og i forholdet til bedriftsleiinga i Follafoss:
 1. Lasteforeininga. Erkjenninga av at lasteforeininga fekk leva vidare og bestemme over seg sjølv, gleid på plass i løpet av 1935. I 1937 samarbeidde dei to foreinin-gane igjen om tariffor-handlin-gane. På eit felles styremøte lovte laste-foreinin-ga no at ingen masse skulle skipast ut dersom det vart konflikt ved slipe-riet. Kor sterk lovnaden var, kan ein ikkje vite, for det kom aldri noen ny konflikt der den vart sett på prøve.
 2. Monopoliseringsspørsmålet. I januar 1935 møttest styra for fleire fag-foreiningar i Follafoss-området for å rydde opp i det mange hadde sett på som forsøk på monopolise-ring av arbeidet frå sliperiarbeidarforeininga si side. I tillegg til foreiningane til sliperiarbeidarane, lastarane og skogsarbei-darane var foreinin-gane for dei på sam-virkelaget og kraftsta-sjonen óg med. Typisk nok sto skog- og landarbeidarforei-n-inga sentralt i denne oppryddinga. Som nemnt var dei lite interesserte i at retten til arbeid skulle bli knytta til det å høre til på ein bestemt stad, for deira arbeidsplass og arbeidsmarknad var skogar i mange bygder. Det hadde komme klagar til Trøndelag Samor-ganisa-sjon frå både Skog og Land og ei vegarbei-dar-forein-ing i området på at medlemer hos dei hadde vorte haldne utanfor jobbar på sliperiet av sliperiarbeidarforeininga. Det felles styremøtet i 1935 vedtok eit kompro-miss: Skuldingar som var retta mot sliperiarbeidarforeininga, vart kjente grunnlause. Det vart likevel slege fast "at sliperi-arbeider-foreningen i første rekke må ivareta sine medlemers interesser, men samtidig på beste måte ivareta de øvrige organisasjoners medlemers inte-resser". Noe meir konkret vart ikkje vedteke. Men eit mangeårig stridsforhold var tematisert og lufta ut, og grenser var markerte for kva andre grupper ville tolerere og ikkje frå sliperiarbeidarforeininga si side.
 3. Overtidsbruken. I 1935 gjekk disponen-ten ved sliperiet med på ei ordning for å erstatte overtid i produksjo-nen med avspasse-ring til fordel for dei arbeidsledige, men ikkje på verkstaden. Sliperiarbeidarforeininga fekk det året likevel med seg verkstad-klubben på å lage ein plan for skoft på verksta-den så fleire arbeids-lause kunne sleppe til. Det var eit steg i retning å avklåre også eit mangeårig tema for indre solidaritetvanskar mellom to grupper innan sliperiarbeidarforeininga.
 4. Forholdet til dei arbeidslause. Som sagt nådde krisestemninga i Follafoss eit klimaks omkring 1935. Det same gjorde uroa blant dei arbeids-lause. Dei pressa stadig sliperiarbeidarforeininga til å gå på bedrifta med lister over ledige og til å velje nye komitear til å følgje opp listene når jobbar vart ledige. I 1936 samla reservane seg til møte for å protestere til sliperiarbeidarforeininga. Ho gjorde for lite for å få til ei rettferdig fordeling, heitte det. På neste møte i sliperiarbeidarforeininga vart det oppvask. Fjorten reservar truga med å melde seg ut av sliperiarbeidarforeininga. Dette førte til at tillits-mennene gjekk på bedrifts-leiin-ga om å gå fram meir strengt etter ansien-nitet. Det lovte leiinga å gjera.
 5. Forholdet til leiinga i tilsettingspolitikken. Også i forhold til bedrifta var grensene for kven som skulle bestemme over tilsettingane oppe til strid i 1930-åra. Da produk-sjo-nen vart starta igjen etter den siste -lange streiken i 1935, og mange hadde vore borte på anna arbeid, nekta -leiinga sliperiarbeidarforeininga å vera med å plukke ut folk. Det fekk formannen til å skrive til Papirindustriarbeidarforbun-det: "..før har det vært slik at disponenten har innkaldt foreningens tillitsmenn og sammen med dem konferert om ansettel-sen. Denne gang foretok bedriften den på egen hånd og da vi gjorde opp-merksom på dette fik vi til svar at det var bedrifts-ledelsen som hadde med å ansette og avskedige arbeidere. Videre har vi hatt en såkaldt reserveliste over de medlemer som delvis kan beskeftiges og vi har ført en viss kontroll slik at arbeidet er blit fordelt mest muleg likt på disse".
 I 1937 prøvde sliperiarbeidarforeininga å få inn i tariffen igjen den gamle regelen frå omkring 1920 om å ha berre organi-serte i arbeid. Det nekta leiin-ga. Året etter kravde foreininga at leiinga skulle forplikte seg i tariffen til å rådføre seg med tillits-mennene ved tilset-tin-gar. Heller ikkje det gjekk leiinga med på å skriftfeste. Ho gjekk berre med på å tariffeste at ho skulle ta omsyn til ansien-niteten, når "det finnes mulig". Sjølv om det var vanskeleg å tøye leiinga lenger enn dette i skriftfesting av rettar for fagfor-einin-ga, fekk ho fortsette å handheve den innverknaden ho hadde hatt lenge i praksis.
 6. Den siste arbeidskonflikten. Desse oppgjera og grenseoppgan-gane som sliperiarbeidarforeininga hadde dels med andre grupper og leiinga og dels med sine eigne, skjedde i same periode som den siste arbeidskon-flikten utspelte seg ved sliperiet i Follafoss. Den lange arbeidsfreden som følgde, og som kom til å prege Follafoss som andre delar av det norske industrisamfunnet i mange tiår framover, kan sjåast som enda ein del av den same utviklinga mot meir ordna, fredelege, og disiplinerte forhold i arbeidslivet.

Sosial ordningsprosess
Strevet etter trygge og rettferdige forhold for seg og sine har ofte ført arbeidsfolk ut i strid ikkje berre med folk over dei, men også med kvarandre og med andre arbeidarar. Det viste seg i Follafoss i 1920- og 30-åra, da både trengsel om levebrødet på staden og konfliktar med bedrifta sette solidaritetsproblema på spissen. Men midt på 1930-talet skjedde oppgjer, utprøvingar og dels avklårin-gar på fleire frontar. I den prosessen skjedde klårgjeringar av normar og reglar for kva forhold gruppene skulle ha til kvarandre, for kva som hørte til kven og korleis levebrød skulle fordelast. Dette skjedde samtidig med at forholdet til bedrifta også vart regulert på nye måtar, og dei store arbeidskonfliktane vart borte i mange tiår framover.
  Trongen blant partane i sliperiet til å ordne seg fredeleg auka samtidig med at fredsviljen i arbeidslivet vart markert med ein Hovudav-tale som regulerte forholdet mellom LO og NAF (arbeidsgjevarforeininga – i dag NHO), og med at Arbeidarpartiet gjorde seg til fredeleg styrar av landet, alt dette skjedde i 1935. Kva samanhengar som fanst mellom dette og forholda lokalt, er vanskeleg å seie, og det er ikkje tema her. Men for å avslutte med ein ikkje heilt irrelevant digresjon: for sliperi-arbei-darane i Follafoss må den nye arbeidarstatsministeren, Johan Nygaards-vold, ha vore ein dei fann lett å kjenne som sin mann. Han kom frå Hommelvik, ein tettstad over fjorden som likna Follafoss. Han var kjent som kropps-arbeidar med lang erfaring frå sagbruket på staden. I 1926 hadde han talt til sliperifolket på eit arbeidar-stemne på Brettingen, utesamlingsplassen i Folla-foss. For dei ulike arbeidargruppene i Follafoss kan også det nye arbeidarregimet i landet ha styrka kjensla av at dei hørte til ein større fellesskap der det gjaldt å finne fram til fredelege løysingar. Men ein viktigare grunn til at dei lokale solidaritetsvanskane vart mindre synlege frå midten av 1930-åra, var truleg at konjunkturane betra seg, levebrødet var mindre knapt, og optimismen vart styrka, men det òg hang saman med både betre tider for sliperidrifta, og den nye tiltrua til arbeidarstatsministeren Nygaardsvold.


Spørsmål eller kommentarer kan sendes til
ingar.kaldal@hf.ntnu.no