Ingar Kaldal: Historisk forsking, forståing og forteljing

Arbeidsoppgåver
om 'Historiske spor og tomme rom'

(oppgåvene vil stadig kunne bli forandra etter at dei er vorte prøvde ut i undervisninga, og etter råd frå dei som har prøvd seg på dei)

1. Sjå om du kan komme på så mange ord og uttrykk som muleg som kan brukast om det ein bygger historiske framstillingar og som tradisjonelt er vorte omtalt som 'kjeldene'. Noter deg stikkord om korleis alle uttrykka kan vere med på å styre tankane våre mot bestemte aspekt eller eigenskapar enten ved det materialet (PS: 'materiale er eit av mange andre uttrykk om det same) som det handlar om, eller ved måten å bruke det på når ein skriv historie. Korleis kan ulike begrep om 'kjeldene' signalisere ulike tenkemåtar om kva historisk forsking handlar om?

2. Kva har historisk forsking til felles med utforking av fjerne planetar? Kva er dei viktigaste forskjellane mellom dei?

3. Her blir det i læreboka påstått at historisk materiale på eitt vis er ein endeleg ressurs,og på eit anna vis uendeleg i sitt potensiale. Det kan hørast ut som ei sjølvmotseiing. Prøv å konkretiser noen argument for og imot ein slik måte å seie det på.

4. Tenk deg at du hadde fått tilgang på ei tidsmaskin som du kunne reise med tilbake til ein situasjon i fortida som du vil studere historisk.
a) Sett opp ein systematisk oversikt over kva det ville ha bydd på av fordelar i forhold til det som er ein meir realistisk kvardag for ein som driv historisk forsking (kva ville det gitt oss som vi elles ikkje har)?.
b) Sett så opp ein oversikt over problem som det ikkje ville ha løyst, av dei problema vi er ute etter å finne svar på som historikarar - og kanskje: kva problem er vi betre i stand til å løyse fordi vi lever i ettertid, og nettopp ikkje står midt oppe i den fortida vi vil utforske (altså kva problem ville tidsmaskina ha skapt).

5. Spor frå levd liv forsvinn heile tida i strie straumar. Lag ein oversikt over korleis det som blir att, og som vi kan dra nytte av i historisk forking, er prega av 'skeive' utval. Prøv så å gjere kort og konkret greie for dei viktigaste følgjene dette har for dei bilda vi har av fortida, og for det vi har av historisk kunnskap.

6. Tenk deg at du fekk til oppgåve å formulere noen grunnleggande kriterie for kva som bør bevarast og ikkje ved våre historiske arkiv og museer. Kva ville du da velje ut? Korleis ville du argumentere for dei ulike kriteria du da ville sett opp?


Tilbake til oversikt
Epost:
ingar.kaldal@hf.ntnu.no
Heimesida mi er her

Denne sida vart sist oppdatert 12.9.2003