Ingar Kaldal: Historisk forsking, forståing og forteljing

Arbeidsoppgåver
om 'Historisk sportolking'

1. Prøv med eigne ord å forklare for noen andre kva Jörn Rüsen kan meine med å skrive at historiske kjelder er som trappetrinn inn i den historiske tenkingas rådhus, som ein kjem klokare ut av denn det kjeldene er i stand til å gjere ein. Etter å ha forklart så grundig kva poenget med dette er, kan du gjerne prøve å diskutere påstanden kritisk. Kva kan hevdast som argument for og mot ei slik oppfatning?

2. Gjer med eigne ord greie for forskjellen mellom eit materielt og eit funksjonelt kjeldebegrep. Prøv så ut denne forskjellen på ulike typar materiale som fiinst frå fortida. Korleis kan dei ulike kjeldebegrepa bidra til å styre oss i ulike retningar når det gjeld å utnytte materialet? Noter deg så noen argument som taler for og mot begge dei to kjeldebegrepa. Kva fordelar og ulemper fører dei med seg?

3. La oss arbeide litt vidare med denne teksten frå Amtmannsberetninga får 1861-65 for Nordre Throndhjems Amt, eller med desse utvalde avsnitta frå ei Medisinalberetning frå 1859, som omtaler 'Almuens Levemaade' i Skogn og Levanger i noverande Nord-Trøndelag fylke.
a. Skisser fleire ulike historiske spørsmål som du kan tenke deg å ville bruke desse kjeldene til å seie noe om. Vurder kort kor viktig det vil vere i dei ulike 'prosjekta' å finne ut nøyaktig kva person som har forfatta teksten. Når vil det vere viktig, og når vil det vere mindre viktig - og kvifor?
b. Sett opp noen punkt om kva du meiner det er lurt å gjere for å kunne kontekstualisere tolkinga av desse tekstane.
c. Gjer greie for problem du reknar med det kan føre med seg om ein bruker det desse tekstane inneheld utan å kontekstualisere det. Kva kan det føre til av vanskar, misforståingar og kanskje feilslutningar?
d. Noter alle ord i desse tekstane som du  kan tenke deg  kan ha vore forbunde med andre betydningar i den tida teksten stammer frå, enn i dag. Kva vil du gjere for å finne ut meir om kva dei kan ha betydd da?
e. Begge desse tekstane gir inntrykk av å beskrive konkret korleis forholda var på fleire område. Vel ut eit eller noen tema som ser ut til å bli grundig skildra, og skriv ned ei kritisk vurdering av kva du ser grunn til å lite på, og kva det er problematisk å lite på av det tekstane påstår om dei forholda du er ute etter å vite noe om. Gå her systematisk inn på korleis desse kjeldebitane let seg vurdere ut frå spørsmål om nærheit, primær- eller sekundærkjelde, avhengigheit, og kva motiv og interesser dei er prega av.
f. Prøv så å lese dei same to kjeldene med vekt på kva dei to tekstane kan seiast å uttrykke gjennom måten dei er utforma på, språkleg, retorisk, narrativt og litterært. Sjå her f.eks. etter korleis bestemte språklege uttrykksmåtar, metaforar og narrative grep i tekstane kan vise noe om kva tenkemåtar forfattaren har stått for om ulike spørsmål som blir berørte, og om kva betydningar og meiningsinnhald det tekstane fortel om, har vore forbunde med. Skriv ei utgreiing der du fortel kva du har komme fram til.

4. Ta for deg ein kjelde eller fleire kjelder som du har greidd å finne på nettet (eller ein annan stad, t.d. i eit arkiv). Lag ei skriftleg framstilling der du gjer følgjande:
a. Skisser i stikkord fleire ulike historiske spørsmål som du kan tenke deg å ville bruke desse kjeldene til å seie noe om. Vurder kort kor viktig det vil vere i dei ulike 'prosjekta' å finne ut nøyaktig kva person(ar), gruppe eller aktørar som har skapt materialet. Når vil det vere viktig, og når vil det vere mindre viktig å identifisere dei nøyaktig eller meir omtrentleg - og kvifor?
b. Sett opp noen punkt om kva du meiner det er lurt å gjere for å kunne kontekstualisere tolkinga av det materialet du her har vald å ta for deg.
c. Gjer greie for problem som du reknar med det kan føre med seg om ein bruker det dette materialet ber i seg av spor utan å kontekstualisere det. Kva kan det føre til av vanskar, misforståingar og kanskje feilslutningar?
d. Noter alle trekk ved det materialet du tek for deg, som du  kan tenke deg  kan ha vore forbunde med andre betydningar i den tida materialet stammer frå, enn i dag. Kva vil du gjere for å finne ut meir om kva dei kan ha betydd da?
e. Viss det materialet du arbeider med, også inneheld skildringar av noe som har skjedd, eller forhold som har rådd, vel så ut eit eller noen tema som ser ut til å bli skildra, og skriv ned ei kritisk vurdering av kva du ser grunn til å lite på, og kva det er problematisk å lite på av det materialet påstår om dei forholda du er ute etter å vite noe om. Gå her systematisk inn på korleis det materialet gir seg ut for å skildre, let seg vurdere ut frå spørsmål om nærheit, primær- eller sekundærkjelde, avhengigheit, og kva motiv og interesser dei er prega av.
f. Prøv så å tolk det same materialet med vekt på kva spora i det kan seiast å uttrykke gjennom måten dei er utforma på, symbolsk, estetisk, stilistisk, språkleg, retorisk, narrativt eller litterært. Sjå her f.eks. etter korleis det som eventuelt finst i materialet av bestemte uttrykksmåtar, stiluttrykk, metaforar og narrative grep, kan vise noe om kva tenkemåtar, verdiar, veremåtar, kulturelle betydningar og kodar osv som har rådd i det miljøet materialet stammer frå.

5.

Tilbake til oversikt
Epost:
ingar.kaldal@hf.ntnu.no
Heimesida mi er her

Denne sida vart sist oppdatert 25.9.2003