Ingar Kaldal: Historisk forsking, forståing og forteljing

Arbeidsoppgåver
om 'Å framstille, forklare og fortelje historisk'

1. Skriv ein bokomtale av ei av dei bøkene du har på pensum i historie. Legg vekt på å få fram det som pregar boka av forklaringstypar og måtar å framstille og fortelje på. Vel ut enkeltbitar av framstillinga og undersøk nøye kva slags forklaringstypar som er i bruk. Kva narrative grep pregar framstillinga, og korleis refektere kritisk over korleis dei fungerer?

2. Her finn du eit sitat frå ein av dei viktigaste norske historikarane i åra omkirng 1900. Sitatet er henta frå J.E. Sars. Samlede Værker. Tredie Bind. Kristania og Kjøbenhavn 1912. s. 431. Sitatet viser i eit nøtteskal fleire trekk ved Sars sine måtar å tenke og framstille historia på. Og det viser fleire eksempel på det mange i dag vil omtale som narrative grep og språklege figurasjonar i måten å framstille historia på. Studer teksten nøye, strek under ord som du meiner er viktige, og sekvensar i teksten som viser kva retoriske knep, språklege metaforar og forteljargrep som er i bruk.
a. Skriv så ein analyse av sitatet der du legg vekt på få fram desse aspekta ved den måten Sars samanfattar sitt syn på denne delen av norsk historie på. Prøv å bruk det læreboka seier om både forklaringstypar og historie som fortlejing og litteratur når du analyserer teksten.
b. Gå til eit bibliotek og få tak i den boka sitatet stammer frå, og les så  vidare frå den staden dette sitatet er henta frå (s. 431, les vidare til s. 445, tips om vidare lesing: s. 450-51, 484-493,  522-525, 541-549). Bygg så ut analysen din av Sars' framstilling av norsk historie ved å vise til det han der skriv. Korleis konkretiserere han sitt syn på korleis det er 'Historia' som har gjort 'Folket' i stand til å skape Grunnloven? Kva materiale bruker han, og kva tema og sider ved utviklinga vel han å ta med i framstillinga? Kva slags forklaringstypar og forteljande grep bruker han i teksten? Kva finst i Sars sine tekstar av spor etter retoriske knep, litterære sjangergrep, språklege figurasjonar og metaforar? Korleis blir dei brukte, og kva meiningsinnhald bidreg dei til å skape om denne delen av norsk historie?

3.

4.

Tilbake til oversikt
Epost:
ingar.kaldal@hf.ntnu.no
Heimesida mi er her

Denne sida vart sist oppdatert 25.9.2003