Tilbake til liste over historiefaglig produksjon. Tilbake til Ingar Kaldals heimeside.


Bokmelding i Nyhedsbrev for Netværk for Nordisk Velfærdsstatshistorie:

Hilde Danielsen. Husmorhistorier. Norske husmødre om menn, barn og arbeid. Spartakus 2002.

Når eg i mine førelesingar stadig prøver å ta opp tema frå arbeidet si historie, spør eg dei som lurer på om det kan vere så viktig eller interessant, om dei veit om noe som fleire menneske har brukt meir tid og krefter på å gjere gjennom heile menneskehistoria, enn å arbeide. Dette poenget kan ein ta med seg viss ein må forsvare å legge vekt på husmora sitt arbeid, og spørje kva slags arbeid ein i større grad kan finne att i ulike former og i stort omfang, ja som avgjerande økonomisk og kulturell berebjelk, i alle samfunn og alle epokar av historia, enn dei oppgåvene husmødre har teke seg av.  Slik sett er etnologen Hilde Danielsen si bok Husmorhistorier. Norske husmødre om menn, barn og arbeid, eit kjærkomme bidrag, som enno kan seiast å fylle eit rom der det finst uendeleg mye meir å skrive om. Ho har undersøkt dette arbeidet i den perioden av norsk historie kor husmora var sterkast fokusert på som ei kvinne som aller mest, og helst berre, skulle vere akkurat det: husmor - nemleg 1950-åra. 

Boka bygger på intervju med kvinner som har fortalt om eigne erfaringer frå ulike sider av husmoras liv på 1950-talet. Danielsen hentar her mye frå intervju andre forskarar har gjort. Men ho har også sjølv intervjua 30 kvinner først og fremst frå industristadene Odda og Tyssedal, men noen også frå andre stader på Vestlandet. Intervjua vart utførte i 1998 som del av dokumentasjonsprosjektet Kvinnekraft i industristaden, i regi av Norsk Vasskraft- og Industristadsmuseum. I tillegg til det desse kvinnene har fortalt, bygger framstillinga også på andre kjelder, som bøker, aviser, blad som var retta inn mot husmødrene, og til dels handskrivne dokument frå organisasjonar og lag kor husmødrene var med. Men minna er her kjernematerialet. Vektlegginga av dei muntleg uttrykte livsskildringane gjer det lett for lesaren å bortimot sanse og kjenne korleis det var å vere husmor, og ’leve med’ i dei ulike verksemdene som blir skildra. Dette gjer at boka ikkje berre formidlar kvinnene sine eigne stemmar, men også gir grundige, konkrete og handfaste bilde av den verda dei levde i. Ein leietråd i framstillinga er livshistoria til Gerd, ei av dei kvinnene som har levert mye informasjon til boka gjennom eigne forteljingar. Ho blir brukt til å bringe lesaren inn i problematikken i kapittel etter kapittel.

Strukturen i boka er elles delt inn tematisk, med eigne hovudkapittel om overordna tema frå 1950-talets husmorhistorie. Og kvart kapittel er delt inn i undertema. Slik sett er boka meir ei vandring mellom ulike sider av husmorlivet i denne bestemte perioden, enn ei reise der ein følgjer forandringar over tid. Likevel er 1950-åra såpass prega av sterke krefter som ville prege, forme  og modernisere husmora og hennar arbeid, at forandringsprosessane likevel kjem godt i fokus.

Vidare har også livsfasane til husmora vore med i tankane når strukturen i boka er vorte til. For etter ei innleiing der store spørsmål og linjer i husmorhistoria blir introduserte, og noen problemstillingar for den vidare teksten blir skisserte, følgjer eit kapittel om korleis jenter vart husmødre. Her handlar det om kva som vart forventa (og enno på denne tida: ikkje forventa), av jenter når det gjaldt skolegang. Dette var minst eit tiår før det vart vanleg for jenter å ta utdanning etter grunnskole, anna enn kanskje husmorskole. Der lærte mange jenter mye om det dei var tilsikta å skulle ta seg av som kommande husmødre. I tillegg handlar det i dette kapittelet også om oppdraginga i familien av jenter til koner, mødre og husarbeidande kvinner. Mange arbeidde enno i denne tida gjerne som hushjelp hos andre ei tid før dei vart husmødre i eigne hus.

Den andre delen, ’Den fornuftige heimen’, handlar om korleis husmora sitt virke på 1950-talet var tema for moral, normar og verdiar som ho hadde å rette seg etter når ho utførte sine oppgåver. Her får ein grundig dokumentert korleis det frå ulike hald vart retta kraftfulle oppdragande og agiterande bodskap mot husmødrene, for å få dei til å fylle den plassen dei no vart tiltenkte i forminga av eit meir moderne, effektivt, rasjonelt og fornuftig liv. I dag er det lett å dra på skuldrene av at også husmødrene sitt arbeid vart gjort til tema for forsking om agitasjon om effektivisering etter modell frå tayloristisk fabrikkfilosofi, men i 1950-åra var det altså muleg å både tenke og seie at slik kunne ein ordne livet også på kjøkkenet. Her finst forresten også stoff til å reflektere kritisk over ein vanleg talemåte om kvinne- og husmorhistorie, som her òg blir presentert i innleiingskapittelet: at det handlar om ei gruppe og eit virke som var lite verdsett og i stor grad usynleggjort. Ingen tvil om at det på mange vis var slik, men samtidig var husmora også nettopp i denne tida såpass mye tema for offentleg moralspreiing og opplysning, at ’usynleg’ slett ikkje er berre treffande. Noe anna er at dei måtane ho vart fokusert og synleggjort på, tilskreiv ho betydningar som underordna, tjenande og usjølvisk i forhold til andre i familien. Som det var husmora i denne tida tydelegvis meir synleg enn kanskje i periodar både før og etter 1950-åra.

I tredje hovuddelen av boka blir blikket dreidd meir mot det konkrete arbeidet og virket husmødrene utførte, sjølv om dei dominerande normane og ideologiske tenkemåtane husmora vart gjort til tema i, her også blir følgd opp. Dette kapittelet lånar godt treffande tittel frå Anna Jorunn Avdem og Kari Melby si klassiske oversiktsbok om husmorhistorie, ’Oppe først og sist i seng’, og er frå ende til anna ei skildring av arbeidsoppgåver som kvinnene fylte dei lange dagane sine med.

Så følgjer eit kapittel som samlar fleire elles nokså ulike tema under overskrifta ’Vegen ut av heimen’. Her peikar teksten ut over 1950-åras mest typiske og reindyrka husmorkultur, ved at blikket blir retta mot utviklingstrekk kor kvinnene også var i ferd med å bryte ut av husmorverda, eller i alle fall kor alternativa også begynner å vise seg. Både lønnsarbeid (og dobbeltarbeid) og skilsmisse er her tema. Men mest handlar det her om korleis dei forventningane boka til no har presenterte i stor grad som rotfesta og dominerande, vart sett under diskusjon.

Dette er ei typisk mosaikk-bok, sett saman av eit mylder av tema, bitar, fargar og inntrykk frå ulike sider av husmora sitt liv. Ein kan godt lese ho samanhengande om ein vil det, og la forfattaren styre seg frå plass etter plass i denne mangfaldige verda. Men like gjerne kan ein også lese ho etter leite- og plukke-metoden, og gå til dei avsnitta og tema ein er interessert i, og sjå kva informantane fortel om det, og ikkje minst korleis Danielsen kommenterer det ved å sette det kvinnene fortel om, inn i større samanhengar. Eit problem for den som vil lese ho på frå perm til perm, er at tema ikkje alltid er orda etter kvarandre i ei rekkefølgje som det er lett å sjo noen plan eller tanke bak. Av og til gjer også den måten boka er fyllt med lange sitat, at den tråden ein trur ein er inne på, blir broten av uheldige tekniske løysingar, som når ein finn att fullføringa av den setninga som ikkje blir fullført på ei side, først 3-4 sider seinare, fordi det er plassert heile sider med andre tekstar på sidene mellom, markert berre med ein noe annleis skrifttype. Til gjengjeld er dette altså ei bok som ein kanskje kan få enda meir glede og nytte av om ein bruker ho til å bla seg fram til ulike tema på eiga hand, og leite seg fram til det ein er interessert i, og ikkje minst: til det ein ikkje visste frå før om husmora si på eitt vis lille og avgrensa, men på andre vis innhaldsrike og uendelege kvardagsverd. Da vil ein finne at om dei mest forskjellige tema i husmødrene sine liv, så finst det her eit mylder av lærdom både i dei fyldige sitata frå både kvinner som fortel sjølve, og frå andre kjelder i den tida det handlar om, og i Hilde Danielsens eigne refleksjonar og kommentarar.

Ein peikefinger til slutt til forlaget, og samtidig andre forlag: når det i vår tid, med vår tids teknologi, blir trykt bøker med fotografi som illustrasjonar, er det pinleg og irriterande å sjå at forlaga tillet dei som behandlar bilda, bestemmer papirkvalitet, og styrer trykkeprosessen, å lage produkt som er mye dårlegare enn det som var muleg i tider lenge før digitalalderen. Danielsen si bok har med mange bilde, dei fleste med motiv som illustrerer og utfyller teksten på ein effektiv måte. Men alt for mange av dei er alt for dårleg gjengitt. Da eg sjølv fekk sjå mi siste bok, angra eg at eg trass i forlaget sitt ønske om å gjere produksjonen billegare med minst muleg bilde, likevel ba om å få ta med to bilde, for desse to vart skammeleg dårleg gjengitt på trykk. Så la dette vere eit meir allment råd: Kanskje burde vi som forfattarar ikkje berre krevje å få sjå siste korrektur av teksten, men også prøvetrykk av bilda, før forlaga får sende dei gjennom sine kostnadsnedsparte og bildeødeleggande trykkeprosessar.

 


Spørsmål eller kommentarer kan sendes til
ingar.kaldal@hf.ntnu.no