Ingar Kaldal: Mindasaken, Trondheim 1888 - kva kan vi lære av historia?


Boka er utgitt av Universitetsforlaget, og kan frå desember 1997 kjøpast for 298 kroner (508 sider, med 150 bilde/illustrasjonar). Boka er utgitt på nytt i skriftsserien til Institutt for Historie og klassiske fag ved NTNU, og koster 350 kr. For kjøp, ta kontakt på epost: hi@hf.ntnu.no eller telefon 73 59 64 40.

Her finn du ein kort omtale av innhaldet i boka (baksideteksten). Her finn du liste over innhaldet i boka. Tilbake til Ingar Kaldals heimeside.


Vi tenker oss tilbake til Trondheim hausten 1888, tidleg ein laurdagsmorgon i oktober, i grålysinga omkring klokka seks: to arbeidarar, som var tidleg oppe i byen, gjekk seg den morgonen på ei ung jente liggande urørleg på gata, på torget utanfor byen sitt apotek. Dei varsla politiet. Og jenta vart straks tatt med til fyllearresten i Munkegata. Etterkvart kom det fram at ho om natta hadde vorte med ein mann inn på eit vaktrom på apoteket, der det også hadde vore eit par mann til. Om kva som hadde skjedd der, hugsa jenta ingenting. Men mistanken gjekk snart i retning at ho hadde vorte skjenkt full eller bedøvd, og misbrukt seksuelt i løpet av natta. Korvidt det var tilfelle, vart aldri bevist. Politiet sende ikkje jenta til lege for å få det undersøkt. Da politimeistern la bort saka fordi han meinte det ikkje fanst bevis for at noe kriminelt hadde skjedd, vekte det harme og opprør i byen, med folkesamling i gatene, og steinkasting mot politimeisteren sitt hus. Dette var noe nytt i byen. Og det som skjedde, hang saman med viktige endringar i samfunnet sist på 1800-talet.

Jenta heitte Minda, ho var fjorten år, og kom frå ein arbeidarfamilie. Dei mennene hadde vore inne på apoteket, hørte til gode borgarlege familiar i byen. I den offentlege debatten som følgde etter saka og opprører, vart det reist spørsmål om loven gjaldt ulikt for fattig og rik? Kva om jenta hadde komme frå rikfolk, og mennene hadde vore arbeidarar? Blant dei som engasjerte seg i den debatten, var diktaren Arne Garborg. Han brukte saka som eksempel på klassejustis. Trondheimsdiktaren Peter Egge var sjølv til stades i byen under opprøret. Han skreiv mange år seinare eit teaterstykke om saka, kalla «Politimesteren: skuespill i tre akter. Et billede fra atten hundre og åttiårene» (1947). Der retta han søkelyset mot politiet sitt forhold til både moralske og sosiale forhold i byen.

I eit av kapitla i boka «Veit og gate. Daglegliv i Midtbyen i Trondheim 1880-1950» (Universitetsforlaget 1997/Institutt for Historie og Klassiske fag 2004) har historikaren Ingar Kaldal (Historisk Institutt, NTNU) analysert ei stor mengd avisartiklar og politiavhør frå vekene etter at Minda vart funnen på torget den haustmorgonen for 110 år sidan. Dette materialet viser seg å fortelje mye om både politiske og kulturelle brytningar i Trondheim i 1880-åra: avisene og politimaterialet er fulle av spor etter ikkje berre nye måtar å bruke gata på til å uttrykke motstand mot autoritetar, og nye former for offentleg debatt om tema det enno var knytta sterke tabu til. Det same materialet fortel også om interessante forskjellar mellom kvinners og menns forhold til moral, politikk og «gate», og om kva ulike kulturelle betydningar som var knytta til det å leve som kvinne eller mann i byen.

Kapittelet frå denne boka om «Minda-saka» er no gjort tilgjengeleg for alle på Internet. Ved å lese det kan du sjå korleis ein historikar ved å tolke kjeldene frå ei heilt spesiell hending for over hundre år sidan, kan bruke historia til både å få fram viktige trekk ved samfunnet og kulturen i Trondheim på den tida, men også til å kaste lys over alvorlege spørsmål om kjønn, moral og politikk som vi er like opptekne av i dag som den gongen: det handlar om seksuelt misbruk av barn, det handlar om korleis politiet handterer slike saker, det handlar om bruken av gatene til å demonstrere politiske meiningar, og det handlar om avisene sine oppgåver i den offentlege debatten (dette skjedde i ei tid da Trondheim hadde fleire aviser, som målbar ulike politiske oppfatningar).

Arbeidsoppgåver for den som vil bruke historia om Minda-saka til å lære meir om 1880-åra i Trondheim, og om dei spørsmåla saka handla om:

Gjennom historia om Minda-saka kjem det fram at det i 1880-åra var i ferd med å skje viktige endringar på fleire plan i livet i Trondheim. Kva for endringar handla det om? Beskriv dei.

Kva viser historia om Minda-saka om kva ulike reglar og betydningar som var knytta til det å leve som kvinner og menn i 1880-åra? Kva er likt og ulikt om ein samanliknar med i dag?

Dagsposten og Adresseavisen sto mot kvarandre i debatten om saka. Kva var dei viktigaste argumenta dei to avisene brukte, og korleis kan ein summere opp dei oppfatningane dei sto for (om kjønnsroller - og kvinners og menns plass i samfunnet, vidare om moral, klasseforhold, demokrati og politiske opprør)?

Prøv ved hjelp av andre historiebøker som handlar om denne tida, å finne ut om liknande saker eller debattar skjedde andre stader i landet i 1880-åra. Kva var likt i t.d. Kristiania og Trondheim?

Arne Garborg såg saka som eksempel på «klassejustis». Korleis kan ein argumentere for eller imot eit slikt syn?

Om ein tenker seg at noe liknande hadde skjedd i Trondheim i 1998, kva trur du ville ha arta seg omtrent som i 1888, og kva trur du ville ha vore annleis?


Har du kommentarar eller spørsmål om Minda-saka, kan du skrive ein e-post og sende til Ingar Kaldal:

ingar.kaldal@hf.ntnu.no