Tilbake til liste over historiefaglig produksjon. Tilbake til Ingar Kaldals heimeside.


Bokmelding trykt i HIFO-nytt 1 og 2 - mars 1998, s. 48-52:

Ingar Kaldal: Gratulasjon og grensemarkering.

Knut Kjeldstadli, Jan Eivind Myhre, Tore Pryser (red). Valg og vitenskap. Festskrift til Sivert Langholm. Den Norske Historiske Forening - HIFO 1997.

Festskrift er ein særeigen sjanger. Dei er samlingar av artiklar som ofte ikkje er mye meir samla enn at dei er trykte mellom dei same to permane. I den grad dei er ordna tematisk, er det gjerne med tanke på at boka skal heidre ein og same fagpersonen, og bidra med noe til dei felta som ho/han har arbeidd med, men også vise fram anna arbeid som skjer i fagmiljøet omkring vedkommande. Det tematiske mangfaldet det kan gi, gjer festskrift vanskelege å omtale, i alle fall på ein måte som yter heile boka rettferd. Vidare ber festskrift stadig preg av å ha fått fram frå skuffer og dvelande PC-filer tekstar som vi elles ville måtte vente lenge på å få lese - og det er ikkje negativt meint. I feststemninga hender det også at sjølv historikarar trør til med personlege markeringar - m.a. om kontroversielle spørsmål. Det gjer noen festskrift ekstra spennande å skrive om for ein bokmeldar som tek seg rett til å velje ut noen av artiklane til omtale.

Festskriftet til Sivert Langholm er meir velredigert enn mange festskrift bruker å vera. Utvalet av artiklar er her gjort tydeleg med tanke på å dekke felt som heiderspersonen har hatt med å gjere. Og det er ikkje berre historiefagleg produksjon (den er presentert bak i boka, av Ulla-Britt Waagaard). Boka krinsar kring fleire tyngdepunkt: universitetshistorie, der Langholm som institusjonsbyggar og forskingspolitikar har sett fleire spor etter seg; sosialhistorie, der han står for eit eige program; og historisk teori og metode, der han har markert seg både som lærebokforfattar og debattant. Elles handlar artiklane om svært ulike emne: endringar i trua på store og små einingar i industrien (Lars Thue); sosialstatistisk oversikt over norske tenargrupper (Sølvi Sogner); sosiale elitar som sosialhistorisk emne, med eksempel frå hovudstaden (Jan Eivind Myhre); nye innfallsvinklar til den idrettshistoriske forskinga (Finn Olstad); framveksten av alderspensjonen som resultat av industrialiseringa (Elin Myhre); overvakingshistorie på individnivå (Tore Pryser); historie som emne i bygginga av Hamars identitet som by (Brynjulv Gjerdåker); geografiske grenser i lokalhistoria (Gunnar Thorvaldsen); to artiklar om universitets- og vitskapshistorie - ein om skole- og utdanningspolitikk under og etter den franske revolusjonen (Kåre Tønnesson), og ein om profesjonalisme i vår tids universitetshistorie (Rolf Torstendahl). Tre artiklar er utprega teoretisk-metodiske - ein demonstrerer korleis eit såpass mye og sjølvsagt nytta begrep i politisk historie som «totalitarisme» har hatt eit mangfald av ulike innhald, som det er viktig å halde frå kvarandre (Ottar Dahl), to demonstrerer korleis det i historiefagets møte med nye teoretisk-metodiske utfordringar let seg gjere å bringe fram både rike lærdommar og temperatur (Knut Kjeldstadli og Per Maurseth).

Det siste føyer seg inn i ein interessant tråd i den norske festskriftsjangeren. Nesten påfallande er det kor naturleg det har vorte for norske historikarar å publisere sine dristigaste, skarpaste og ikkje sjeldan beste programmarkeringar nettopp i festskrift når vel meriterte historikarar runder høg alder. Den som har følgd med noen år, vil lett kunne sette saman nesten ein følgjetong av festskriftartiklar som har utmerka seg såvel som grensesprengande som grensesettande. Nye kandidatar til den lista finn ein også i dette festskriftet. Og det gjeld ikkje berre artiklane av Per Maurseth og Knut Kjeldstadli, som på kvar sine måtar tek opp spørsmål som er vorte aktualiserte i møte med tidas teori- og metodedebatt. Forholdet til programmatiske brytningar i tida er også oppe i dagen i fleire av dei andre artiklane i boka.

Ein systematisk presentasjon av noen av dei teoretisk-metodiske utfordringane historikarar i dag har å hanskast med, om vi vil, er Knut Kjeldstadlis artikkel om «den språklige vendingen». Tonen i hans artikkel er først og fremst prega av søkande vilje til å lære nytt - og å lære bort. Framstillinga er ein innhaldsrik, kompakt og som vanleg: glitrande pedagogisk demonstrasjon av korleis lingvistiske, semiotiske og litteraturteoretiske perspektiv både har mye verdifullt å tilby historiefaget, og på fleire måtar opnar for ny refleksjon over kva det er å skrive historie. Det er grundig og samtidig brei fagleg nyorientering som her blir formidla til lesaren. Samtidig er Kjeldstadli oppteken av å markere grenser. Det nye er nyttig i sine moderate versjonar, men på sitt mest «radikale» blir det både forkasteleg og «etisk og politisk problematisk». Det skjer når krava til sanning blir undergravne slik at ein kan påstå kva som helst om kva som har skjedd i fortida, som t.d. at konsentrasjonsleirane ikkje fanst.

Til akkurat det siste er det verdt å minne om at det er ein påstand som på ingen måte er avla fram på grunnlag av verken ontologisk eller epistemologisk relativisme, men av høgreekstreme historikarar som i høgste grad trur på sin versjon som den eine rette Sanninga, og da som kjeldekritisk grunngitt. At dei både tek feil og lyg, gjer dei ikkje til eksponentar for noen «anything goes»-posisjon, det viser heller at dei som empiristar er av det sviktande og svikefulle slaget (jmfr tidlegare debatt om dette mellom Kjeldstadli og Erling Sandmo i HT). Diskusjonen vidare om dette har mye å tene på å få avklåra kven som er fiendar, og kven som berre er dårlege vikarar. Å kle av David Irving er viktig, men det spørst om ein ikkje kan flå han til beinet utan å ha rispa noen som helst vitskapsteoretisk posisjon i skinnet (jmfr også Paul Knudsen i HT 4/1997).

I ei meir polemisk form går Per Maurseth til verks mot tendensar i tida som han vil åtvare mot. Med stilsikker retorikk slær han opp på veggen det mange med han ser som livsviktig for historiefaget å forsvare mot farar for utgliding frå grunnleggande prinsipp: erkjenninga av at fortida har skjedd, er forlatt og borte, og dermed uforanderleg, og at det gir kva historikaren skal rekonstruere, og ikkje konstruere - sjølv om artikkelen ikkje nemner det begrepet mye. Alternative synsmåtar frå «andre» hald får framstå, dels indirekte, først og fremst som farar for undergraving av faget sine krav, m.a. om sann viten. Maurseth tek vidare for seg tendensar til å rote til erkjenninga av fortida som skjedd og borte. Han refererer ein historikar som skriv at «historien lever i nåtida», ein annan har presentert historie som «Dialog med fortida», og ein tredje seier om kjeldene at ho kan «’hear’ them speak». Få vil lese dette som uttrykk for at dei enten ser det som del av historikarkompetansen å kunne samtale med døde menneske, eller ikkje har fatta at historia som skjedd fortid er gjort og «gone forever». Når Maurseth likevel dreg det langt i retning å tolke det slik, lemner det ikkje mye sjanse til det desse historikarane verkeleg kan ha meint. Dette eignar seg mindre til å fremme fruktbar diskusjon om alvorlege spørsmål for historiefaget enn til å gi raskt polemisk overtak. Men som øving i det, er det glitrande.

Her er det freistande med eit lite sideblikk på den norske debatten elles om «farlege» tendensar i tida for faget. Den som har følgd med i den, bør ha lagt merke til eitt interessant trekk: Det ser ikkje ut til å ha vore lett til no å finne historikarar som verkeleg nektar for at fortida har skjedd, eller som i sitt syn på historie som litterær eller narrativ verksemd også verkeleg meiner at ein kan dikte opp kva som helst om kva som har skjedd. I mangel på handfaste referansar til slike oppfatningar blir ein ofte presentert enten for vikarar og stråmenn, eller for diffuse bilde av dei «mest ekstreme», eller «mest radikale» utslaga innan det nye, ofte utan meir konkret namngiing (som neppe er umuleg å leite opp, om ein vil). Dermed blir det som utfordrar og trugar, framstilt svært så redusert og forenkla, ikkje sjeldan også banalisert og vulgarisert. Og da trengst lite av raffinert argumentasjon til å stå imot det. Noe av den energien som blir retta mot «ekstreme» stråfiendar kunne ein kanskje heller brukt til å diskutere innlegg frå historikarar som ikkje seier: fritt fram - dikt i veg, men som like fullt tek opp nye spørsmål ved kva det er å skrive historie.

Tilbake til festskriftet: I den samtalen mellom jubilanten og redaktørane som innleier boka, heiter det om den posisjonen som ser mye likt mellom roman- og historieskriving, at den «ikke har noen dominerende status». Det er sant. Er det noe som dominerer metode- og teoridiskusjonane mellom historikarar akkurat no, i alle fall på dette planet, ser det heller ut til å vere ein utbreidd angst for «farar» knytta til nye utfordringar, og ikkje sjeldan blanda med ein trong til å seie at dette «nye» har ein visst frå før (og da tenker eg ikkje på Kjeldstadlis artikkel, som først og fremst viser kor mye nytt vi har å lære, men på meir spontane stemningsuttrykk som ein kan legge merke til i tida). «Nå har liksom folk oppdaget at skriver du historie, så er det også fortelling. Akkurat som en ikke alltid har visst det», heiter det i same samtalen. No skal ein ikkje ta dette for meir enn kva det er, ein rask merknad i ein uformell kollegaprat. Men det føyer seg inn i mønster som kanskje uttrykker meir grunnleggande haldningar: Det nye er både farleg og ufarleg, skuldig og uskuldig, alvorleg viktig å stå i mot og samtidig heilt ubetydeleg - nesten ikkje til å legge merke til, på same tid. Kanskje kan dei faglege forsvarsstemningane i tida noe narraktig summerast opp slik: Lite nytt å lære, men noe er i gjære, så samle våre hære!

Ei viss fagleg gjæring kjem fram i fleire av dei andre artiklane også. Av plassomsyn skal eg berre gå litt inn på to (utan at det i valet av dei ligg noen vurdering av kva artiklar i boka som er mest lesverdige): Finn Olstad er opptatt av korleis idrettshistoria kan berikast med nye perspektiv: «..det blåses klart for nye forsøk på å utfordre menneskets, samfunnets og kulturens hemmeligheter. Ville det ikke være forsmedelig å komme i baktroppen når startskuddet går?» Han er likevel ikkje sikker på kor i feltet han vil legge seg, for «Uansett hva en mener om de mer ekstreme post-moderne teorier og om imperialistiske krav på ‘integrasjon av politisk og sosial historie gjennom en felles kulturhistorie’, må det vel innrømmes at de nye tendensene er i ferd med å få gjennomgripende betydning i historiefaget». Og «Selv for den skeptiske må det være fristende å bli med for å utforske og påvirke» (s.166f). Og det gjer han: Blant anna får han godt fram kor mye unytta potensiale som ligg i å utforske idretten ut frå eit kjønnsperspektiv. Vidare kan ein med meir vekt på kultur også få fram betre korleis idrett har handla om svært så varierande ideal, frå klokkemålbare prestasjonar til stil og posering.

Eit eksempel i boka på konkret og praktisk eksperimentering med kulturanalytiske innfallsvinklar, utan mye eksplisitt markering av program, er Brynjulv Gjerdåkers artikkel om feiringa av Hamar 100-års-jubileum i 1949. Med utgangspunkt i Paul Connertons teoriar om korleis samfunn «hugsar», og korleis det sosiale minnet ofte manifesterar seg performativt og kroppsleg, får vi her innblikk i interessante kulturelle prosessar som jubileumsfeiringa var ledd i. Utan at det blir teke opp eksplisitt i artikkelen, kan den også lesast som eksempel på korleis det er nyttig for historikarar av og til å bytte ut eit konvensjonelt mytebegrep, som i historiefaget gjerne betyr det omvendte av sanning, med ei vidare forståing av mytar som har vore meir nytta i antropologi og folkloristikk. Om dei historiene som vart så aktivt brukte under jubileumsfeiringa på Hamar, er det ikkje viktigast å avgjere om dei fortel sanning eller ikkje om fortida, men å undersøke kva dei betydde og uttrykte i sin bruk i samtida. Frå feiringa finst eit rikt materiale av forteljingar om fortida som samtidig fortel mye om meiningssamanhengar i den identitetsskapande prosessen i byen på den tida.

Sivert Langholm har fått eit festskrift som er fullt både av lærerik historie (korav det meste ikkje har fått komme fram i denne meldinga) og av interessante spor etter brytningar og stemningar på slutten av 1900-talet i det faget han har vore med og prega i mange tiår. Mye av det han sjølv står for, blir her heidra og forsvart på nøkternt vis, samtidig som det i fleire av artiklane kjem godt fram korleis faget nett no møter utfordringar som kaller både på forsvar, debatt og utprøving. Dei mest programmatiske av artiklane i boka bør også lesast som utfordringar i seg sjølv: det finst fleire mulege retningar å utvikle debatten vidare i, som ein ikkje bør vente med å prøve ut til sjansen byr seg i neste festskrift. Forresten: Who’s next? Nei da, det er ikkje Ranke, for han var 200 år i 1995. Kven da?


Spørsmål eller kommentarar kan sendast til

ingar.kaldal@hf.ntnu.no