Tilbake til liste over historiefaglig produksjon. Tilbake til Ingar Kaldals heimeside.


Bokmelding i Historisk Tidsskrift 1/1999:

NING DE CONINCK-SMITH, MOGENS RÜDIGER OG MORTEN THING (red): Historiens kultur. Fortælling, kritik, metode, Museum Tusculanums Forlag, Københavns Universitet 1997, 336 s.

Festkrift er bøker eg sjeldan kjøper, viss eg ikkje må for å få namnet mitt i lista over dei som vil gratulere jubilanten. Samtidig bruker eg ofte kopimaskina på artiklar frå festskrift. Kvifor er det slik? Ein grunn ligg truleg i måten festskrift ofte blir til på. Når eit fagmiljø skal feire at ein emeritus i flokken fyller rundt år, og inviterer kollegaer til å bidra med artiklar til ei festleg bok, blir resultatet ofte ei samling artiklar som saknar det artikkelsamlingar elles helst bør ha av konsentrasjon om avgrensa emne eller felt. Samtidig ber mange festskrift preg av å ha fått fram frå skuffer og dvelande PC-filer tekstar som vi elles ville måtte vente lenge på å få lese. Og i feststemninga hender det at sjølv historikarar trør til med dristige markeringar -- m.a. av kontroversielle program. Den sprikande blandinga gjer festskrift også krevjande å vurdere som bokmeldar, fordi det handlar om mye ein ikkje har greie på. Løysninga får bli å legge vekta på det ein sjølv har funne mest interessant. Og det har eg faktisk funne meir enn vanleg av i det festskriftet som vart tileigna den danske arbeidar- og sosialismehistorikaren Niels Finn Christiansen, på hans «tres-års» gebursdag i 1997. Atten artiklar har hans kollegaer og fagfeller samla til eit omfattande festskrift, inklusive bibliografien som Anette Ekelund Hansen har laget over jubilantens historieproduksjon.

Boka «Historiens kultur» spenner over mange tema. Ut frå eit høgst personleg utval skal eg ta for meg noen av dei nedanfor (i det ligg inga vurdering av kva som er mest verdt å lese i boka, andre ville ha trekt fram heilt andre artiklar). Men først er det rett å vise mangfaldet. Artiklane femner langt i tid, frå 1600-talet til «posthistorisk» tid (uendeleg langt inn i framtida, spør du meg), og breitt i tema, frå børsspelet om B&W i 1972-73 til miljøkatastrofar i Turkestan, og ei bedragerisak om eit saltfunn i 1930-åra, frå arbeidarkvardagar til spesialisering av legeyrket, frå pietisme til sosialisme og jordbruk, frå daglegliv, strid og opprør blant bønder på 1600-talet til politi og etteretning mot radikalisme i dansk klassekamp, vidare frå det mest empiriske og praktiske (m.a. feltarbeidets gleder og vanskar) til det høgst teoretiske (og i Danmark er det høgt), og frå Machiavelli til Fukuyama (kor langt sprang er det?). Dei fleste av forfattarane er danske, og fleirtalet er frå Køpenhavn. Arbeidarhistorkarmiljøet i nabolanda er representert med ein artikkel frå Norge, ein frå Sverige og ein frå England.

Når det var Niels Finn Christiansen boka skulle rettast til, måtte arbeidarhistoria bli godt representert, og det er ho her med artiklar som viser noe av den spennvidda dette feltet no har vore prega av ei tid. Birgitta Skarin Frykmans artikkel er eit eksempel på korleis forskinga om arbeidarkultur let seg vidareutvikle ved å bruke fantasien til både å ta i bruk nye kjelder, og til å reise nye spørsmål. At det er ein etnolog som gjer det, overraskar ikkje. Ved å leite opp avisreportasjar frå rettssaker om brannar, har ho funne materiale til å lage rike skildringar av dagleglivet til arbeidsfolk i Göteborg i siste del av 1800-talet, og i stor grad nattlivet, for det var om natta det brann. I avhør frå slike saker kom det fram kva folk hadde for seg når katastrofane skjedde. Det gir innsikt i døgnrytme, arbeidsliv, buforhold, hushaldstypar, slekts- og naborelasjonar. Oppi alt det elles ekstreme eignar brannmaterialet seg godt til å få fram heilt vanlege, daglegdagse forhold, fordi dei oppsto når som helst, midt i folks vanlege virke, eller kvile. Resultatet er eit bilde av arbeidarlivet som eignar seg dårleg til å analysere med enkle kategoriar, men som gir rikt grunnlag for å tolke kulturelle forhold.

Ein annan artikkel om arbeidarhistorie er Knut Kjeldstadlis «Solidaritet og individualitet». Han summerer opp kva skiftande vilkår solidariteten har hatt i «norske mannlige arbeideres historie de drøyt siste hundre år». Kjente begrep frå arbeidslivssosiologien på 1960-talet, der likheit, nærheit og felles problemsituasjon danna det strukturelle grunnlaget for framvekst av sterke arbeidarkollektiv, blir her suplert med kategoriar som storleik på arbeidargruppa, avstand til leiinga og stabilitet over tid. Samtidig får artikkelen fram viktige nyanseringar -- frå forsking som langt på veg grev grunnen unna dei enkle begrepsmodellane: I Norge voks den organiserte arbeidarsolidariteten kraftig i tida 1900 -- 1920, og da var arbeidarklassen «ekstremt heterogen». Arbeidsfolk var ikkje solidariske av vesen, eller i kraft av strukturelle vilkår som nærleik, likheit osv. Men dei vart det ved at ei rørsle skapte alliansar omkring saker og idear som samla på tvers av ulikheitene. Fleire prosjekt har i seinare år vist at ein for å finne ut kva som da skjedde, må gå nye vegar -- også slike som peiker ut over tilvande tenkemåtar i etablert sosialhistorie. Denne artikkelen tek fleire viktige steg i den retningen.

I forlenginga av dette er det interessant å lese korleis Knud Knudsen argumenterer for at sosialhistoria enno står for ei livskraftig utfordring innan historiefaget. Tre trekk ved sosialhistoria blir framheva: Totalitet og samfunnsperspektiv; den menneskelege handlinga; og respekten for fortida og evnen til å «forstå på historiens egne premisser». I staden for å sjå dette som tenkemåtar som i seinare år er vorte alvorleg utfordra m.a. av nyare kulturhistoriske retningar - som kunne vore relevant, legg Knudsen vekta på å demonstrere sosialhistoria sin eigen evne til fornying innanifrå, gjennom «metodisk selvransagelse». I den prosessen dreg han inn eit spekter av vidt forskjellige historieteoretiske posisjonar, som han bruker til å diskutere sosialhistorias forhold til sine «facts», og til forteljinga. Eit spørsmål som blir reist er om empirisme og narrativisme står så imot kvarandre som mange trur.

Mange artiklar i denne boka handlar faktisk -- meir eller mindre eksplisitt -- om utfordringar historiefaget har møtt i seinare år. Noen gjer det ved å demonstrere nytenking i arbeid med konkrete emne, andre argumenterer kritisk omkring nye posisjonar. Ein som gjer det er Claus Brylds artikkel om «Francis Fukuyamas dilemma -- og vort». Her blir «End of history»-tesen granska på ein måte som får fram ikkje berre korleis den heng saman med gamal og velkjent teleologi, men også med 1990-åras politiske landskap. Oppi all kritisk avstand til Fukuyama-tesen, meiner Bryld at den vanskeleg let seg heilt avvise så lenge det manglar nye ideologiske alternativ som alvorleg utfordrar vestleg liberalt demokrati og kapitalisme -- som er Fukuyamas «Endlösung». Dette reiser fleire spørsmål, som denne artikkelen er inne på, men som bør diskuterast vidare: for det første betyr ikkje knuste kommuniststatar at debatten om demokrati og kapitalisme er død, like gjerne har den etter 1989 fått eit opnare landskap å røre seg i. For det andre: i staden for å lese «historias slutt» ut av ideologiske og politiske samanbrot, ber slike situasjonar også i seg mye som opnar for nye måtar å tenke «historie» på. Og kan hende er det nettopp i tider da «måla» med «Historia» ikkje er klåre, at det også er lett å tenke verkeleg historisk om menneskelivet.

I motsetning til i dag hadde «historia» klårare mål og retning i 1970-åra, da teoriane ga beine liner å sortere det meste etter. Ikkje minst gjaldt det i Danmark, der kapitallogikken lyste på sitt sterkaste. Det viser Bernard Eric Jensen i artikkelen «Teoriens årti». Han har teke seg bryet med å lese om igjen tekstar som for berre eit par tiår sidan sa «sanninga» om historiske emne som få i dag tør uttale seg brøkdelen så sikkert om. Dette har lenge vore vanskeleg å skrive om, både for dei som trudde «så feil» da, og for dei som lever vel tilfredse på at dei ikkje gjorde det. Om det i datida rådde «Fragenverbot» om dei ortodokse sanningane, så har ettertida vore minst like ivrig til å forby seg sjølv å utforske på historisk vis denne tida sitt særeigne intellektuelle klima. I denne artikkelen blir det forbodet langt på veg brote: I staden for berre å legge tida bak seg med etterpåklok sjølvironi og latterleggjering, blir forteljinga om 70-åra her gjort med auge som også er opnare enn vanleg for å tolke tidas historieteoriar som teikn frå tida.

Ein artikkel som ber i seg interessante teikn frå vår eiga tids intellektuelle kulturbrytingar, er Raphael Samuels «Når Minervas ugle flyver». Teksten har fleire lag: delvis er den ein nådelaus kritikk av ei bok frå året før om livet til den engelske kulturforskaren Raymond Williams, som er full av feil og manglar, delvis er den eit oppgjer med ein «tidsåndens toneart» som han ser boka som uttrykk for, og delvis fortel Samuels sin eigen versjon av historia om Raymond Williams og det han sto for som kulturforskar. Vidare har denne artikkelen også interesse som uttrykk for kva arbeidarhistorikaren Raphael Samuel var oppteken av på slutten av sitt liv, for han døde i 1996, før han fekk denne artikkelen heilt ferdig.

Gjennomgangen min har til no vore oppteken av programmatiske sider ved tekstane i boka. Ein artikkel som til slutt kan trekkast fram som eksempel på 1990-talets eksperimentering med å kaste nytt lys over viktige historiske prosessar, er Ning de Coninck-Smiths «skolebiografiske» artikkel om «Overlærer Jens Olsen 1840-1911». Hovudpersonen er ikkje vald ut fordi han har hatt noen leiande plass i dansk skoledebatt. Han var ein av mange reformvennlege skolefolk på 1800-talet, og framstår på den eine sida som eksempel på dei. Mye av vekta i artikkelen ligg likevel på å fortelje slikt som viser at han «ikke (var) som alle de andre». Ved å sleppe til mye av det uvanlege ved denne (dermed?) vanlege skolereformatoren, får Ning de Coninck-Smith fram eit konkret, mangfaldig og nyansert bilde frå dansk skolehistorie, som fører lesaren inn i nyanserte sider ved grundtvigianismen og tidas debattar om barns eigenskapar og dermed av oppdraginga av dei. Artikkelen kan lesast som eksempel på kva styrke som ligg i å analysere «vanlege» menneske sine liv såpass nært og på mikroplan at det uvanlege ved også dei får sleppe til. Da kjem det fram fargerike bilde av prosessar som ein elles har lett for å danne seg almene bilde av -- i få fargar.

Så vart det eit programmatisk poeng også ut av lesinga mi av den artikkelen. Den er ein av mange artiklar i boka som gir innblikk i eit vidt spekter av emne og innfallsvinklar som i 1990-åra blir dyrka i det danske forskingsmiljøet som Niels Finn Christiansen representerer. Det nærmar seg at eg no dreg følgjande konklusjon: Den som ikkje har fått denne boka som betaling for å omtale ho i Historisk Tidsskrift, burde kanskje kjøpe ho likevel.


Spørsmål eller kommentarer kan sendes til
ingar.kaldal@hf.ntnu.no