Ingar Kaldal: Veit og gate. Daglegliv i Midtbyen i Trondheim 1880-1950

Boka er utgitt av Universitetsforlaget, og kunne frå desember 1997 kjøpast for 298 kroner (508 sider, med 150 bilde/illustrasjonar). Det første opplaget vart utselt i løpet av få månader, og forlaget trykte ikkje opp noe nytt opplag. Her finn du ein kort omtale av innhaldet i boka (baksideteksten). Her finn du liste over innhaldet i boka. Tilbake til Ingar Kaldals heimeside.

Lenger nede finn du også noen av dei 150 bilda frå boka! 


Kort omtale av prosjektet: Denne sida inneheld ein kort informasjon om eit forskningsprosjekt som Ingar Kaldal, Historisk Institutt, NTNU (universitetet i Trondheim), fullførte i 1997. Prosjektet vart utført på oppdrag for Trøndelag Folkemuseum, Sverresborg, Trondheim. Prosjektet vart starta 1.1.1994. Det var ledd i eit granskingsarbeid for å opparbeide kunnskap på fleire frontar i samband med at Trøndelag Folkemuseum er i ferd med å bygge opp ei eiga byavdeling ved museet.

Formålet var å analysere kulturelle endringar i måten folk i Midtbyen i Trondheim har brukt gatemiljøa sine på. Perioden som vart undersøkt, varfrå sist på 1800-talet til den første tida etter andre verdskrigen. Meir om kva det handla om finn du her!

Prosjektet vart finansiert av Norges Forskningsråd, som løyvde pengar til lønn for to årsverk. Ingar Kaldal var forskar på prosjektet med eitt årsverk. Det andre vart brukt til å lønne historikarane Svein Gynnild og Hanna Mellemsether som forskingsassistentar på prosjektet. Dei samla kjelder frå ulike arkiv og samlingar, og utførte intervju med gamle menneske om livet i Midtbyen. Prosjektet vart fullført vinteren 1996-97, og boka vart utgitt av Universitetsforlaget. Utgiinga var finansiert av Trøndelag Folkemuseum, og utført i samarbeid mellom museet og forlaget. 


Noen bilde frå boka!

Her er noen av de 150 bilda frå boka, klikk på bildet, så blir det forstørra (eigarar og rettar til dei ulike bilda står i boka s. 513f):

Utsikt bortover Kongens gate mot landskapet vest for byen. Vår Frue kyrkje til venstre (1920 eller noe før)

St. Jørgensveita, fotografert i retning Vår Frue kyrkje, og med inngangen til Bruveita til høgre (udatert)

Kvardagsleg situasjon i bakgard i Trondheim i 1941. Ei kvinne ber ved, den andre ber hatt og kåpe.

Kvinne på trapp i prat med forbigåande i Skradikveita (udatert).

Dronningens gate i snøslaps og søle ein gong omkring 1910-15.


Kommentarar og spørsmål om meir informasjon kan sendast til
ingar.kaldal@hf.ntnu.no