Ingar Kaldal

Forslag til tema å skrive mastergradsoppgåver om i historie

Heimesida mi (der finn du meir om hva eg har arbeidd med, og skrive av historie)  

Generelt
Eg er interessert i å tilby rettleiing av masteroppgåver innan fleire felt i nyare tid. Sjølv har eg i mi eiga forsking arbeidd med historie om daglegliv, sosiale og kulturelle forhold, men eg har også skrive om emne innan politisk historie og organisasjonshistorie.

Når ein skal ta master i histoire, er det viktig å velge tema å skrive om som ein har ei personleg interesse for. Det hjelper på motivasjonen, og gir ofte gode resultat. Derfor er eg interessert i å diskutere mulige oppgåvetemaer innanfor mange ulike områder i nyare tid. Er du på leit etter noe å skrive om, eller har ein idé eller to som du grublar på, så stikk gjerne innom meg på kontoret i øverste etasje på instituttet (rom 6520). Og skulle eg ikkje vere på kontoret når du bankar på, så send meg ein epost, så kan vi avtale tid for ein prat: ingar.kaldal@ntnu.no

Meir spesielt – oppgåver om arbeid, daglegliv og kultur i nyare tid
Kan du tenke deg noe som fleire menneske gjennom all tid har brukt meir av sine liv og sine krefter på, enn å arbeide? Men kor mye står det om det du til no har lest av historiebøker?

Eg vil invitere nye masterstudentar til å vere med på å utforske korleis også det arbeidet folk har levd av, og fylt sine liv med, har gjennomgått forandringar. Her er det mye å skrive om i alle tidsperiodar. Eg er gjerne med på å rette søkelyset mot forhold som er vorte ekstra aktuelle i seinare tiår. Kanskje lever vi no i ei tid da arbeidet og arbeidet sine betydningar i folks liv og kultur gjennomgår meir djuptgripande forandringar enn under industrialiseringa. Ingenting av det som her har skjedd av endringar, er for nytt til å utforskast historisk. Om dette kan det lagast interessante masterprosjekt med ulike tema og perspektiv, her berre noen eksempel:

• Vi kan ta for oss ein arbeidsplass, eit yrke eller arbeidsområde, og undersøke
- korleis innhaldet i arbeidet er vorte forandra
- endringar i makt over folks arbeid
- krav til kunnskapar og kvalifikasjonar i arbeidet
- moral, verdiar og identitetar osv.. knytta til arbeidslivet
- endringar i kva arbeidet har betydd i folks liv, i ulike miljø og kulturar
- møte mellom ulike kulturar i arbeidslivet
- lovar, reglar, avtalar, organisering og forhandlingar som rører ved folks arbeid
- … her finst i det heile uendeleg mange ulike tema som kan utforskast ut frå både kulturelle, sosiale og politiske synsvinklar

• Vi kan bruke mange typar kjeldemateriale i slike prosjekt
- intervju med dei som kan fortelje om eige arbeidsliv
- foreiningsarkiv
- litteratur av ulike slag, kor arbeid blir skildra eller diskutert
- aviser og blad
- bedriftsarkiv
- arkiv frå ulike institusjonar og organisasjonar som har hatt med arbeid å gjere (som departement, Arbeidstilsyn, fagorganisasjonar)

Eg er open for å diskutere alle mulege idear om mastergradsprosjekt innanfor dette feltet. Sjølv bruker eg ein stor del av forskingstida mi til å skrive om kultur og daglegliv knytta til skogen. Her er også arbeid eit hovudtema. Om dette har eg fleire idear til oppgåver som kan skrivast.

Men som sagt: ta gjerne kontakt for å diskutere kva som helst som DU er interessert i å skrive om!

Denne sida vart sist oppdatert 5. september 2011
ingar.kaldal@ntnu.no