Forfattaren tillet deg å bruke denne teksten etter dei same juridiske og moralske reglar og prinsipp som dei som gjeld for teksten i den trykte boka, ved at du ved sitat, referat eller annan offentleg bruk av materialet har plikt til å vise kor du har henta det i frå (forfattar, tittel, publikasjon).
Her finn du kort omtale av saka, og arbeidsoppgåver deg som vil bruke historia om Mindasaka til å lære meir.
Ingar Kaldal: Mindasaken
(www-versjonen av kapittelet om den i boka 'Veit og gate' frå 1997)
Tidleg ein laurdagsmorgon i oktober 1888, i grålysinga omkring
klokka seks, fann to arbeidarar ei ung jente liggande urørleg på
torget i Trondheim, rett utanfor Svaneapoteket. Ho låg på steindekket
med arma under hovudet. I seinare forklaringar frå dei som fann ho,
heiter det at ho låg heilt urørleg. "Kuften, Kjolen og
Snørlivet var ophavt", og "hendes Skjørtebaand og
baand rundt livet var opløst". Hovudtørkleet hennar var
"stuffet ind paa Brystet", som dels var oppknappa. Kleda satt så
laust på, i følgje ein av dei som fann ho, at "om han havde
reist op hende, vilde Skjørterne og Benklæderne have glidt
ned". Ein annan som kom til stades da ho vart funne, seier at kleda
likevel var omhyggeleg ordna og skjørta trekt godt nedover føtene,
på ein måte som gjorde det sannsynleg at ho var lagt dit av
andre.
Politiet vart varsla. Dei tok ho med til fyllearresten
i Munkegata. Der sov ho utover formiddagen. Da ho vakna, fortalde ho at
det siste ho hugsa, var at ho hadde vore inne på eit vaktrom på
apoteket, og at det der også var ein løytnant, ein farmasøyt
og ein mann til. Ho hadde fått noe å drikke, i følgje
politiavhøra to glas konjakk. Men i følgje jenta smakte det
heilt annleis enn konjakk. Etter det hugsa ho ingenting.
Minda - ei jente i Trondheim
Jenta heitte Minda. Ho var sped, hadde blå auge og raudt hår,
i følgje arrestprotokollen til politiet. I same protokollen står
det at ho sjølv hadde oppgitt å vere sytten år. Grunnen
for arrestasjonen var "Beruselse".
Kven var ho? For det første var ho fjorten
år og konfirmert berre to-tre veker før hendinga. Ho var fødd
i februar 1874 i Strinda. Faren var skreddar. Han var 38 år og mora
35 år. Til saman hadde dei åtte barn, og Minda var eldst. Foreldra
hadde gifta seg åtte år etter at Minda var fødd, og
alt da hadde dei fått tre barn. I deira eiga politiforklaring står
det at dei "sitter i smaa Kaar".
Minda hadde ofte i oppveksten vore med faren på
arbeid. Der hadde ho hatt oppgåver med å hente og levere både
varer og pengar for den skreddarverkstaden faren arbeidde i. Ho budde heime
hos foreldra heilt til eit halvt år før konfirmasjonen. Da
fekk ho seg teneste hos ein handelsreisande på Singsaker. Etter eit
par månader flytta ho heim, fordi foreldra fann ut at dei trong ho
til hjelp der. Etter konfirmasjonen hadde ho elles budd ei tid hos besteforeldra,
som var husmenn under ein gard i Strinda.
Den dagen det tragiske skjedde på apoteket,
skulle ho flytta frå besteforeldra til ei tante, søstra til
Minda sin far, som var gift med ein båtførar, og budde i Lillegårdsbakken.
Denne tanta fortalde seinare i avhør at det ikkje var noe godt forhold
mellom jenta og foreldra. Ein grunn ho nemnte til det var at "Pigens
Moder er af et vanskelig Gemyt" Kort tid etter hendinga på apoteket
fekk Minda seg teneste hos ein slaktarmeister, der ho vart oppsagt etter
8 dagar, da dei fekk høre kva ho hadde vore utsett for. Etter det
budde ho heime hos foreldra i Strinda. Like etter konfirmasjonen hadde
ho også vore fem dagar i arbeid på Ranheim Cellulosefabrikk,
men der slutta ho etter ønske frå tanta, som meinte at "de
fik saa stygt ord de som var der". Det er eit kjent inntrykk frå
1800-talet at fabrikkjenter lett fekk dårlegare ord på seg
enn t.d. tenestejenter. Om dei siste visste ein i alle fall noe sikrare
at dei kunne å lage mat og stelle hus. Og det var viktig for mange
menn på leit etter koneemne. Ein fordel for fabrikkjenter var derimot
at dei var friare frå paternalistisk herredømme enn tenestejentene,
men noen såg det òg som ein fare, friare kunne også
bety lausare i forhold til moralske band.
Berre på få månader hadde Minda
altså vore innom fleire tenestejobbar, og flytta mellom foreldre,
besteforeldre og ei tante. Til politiforhøra etter hendinga på
torget hadde faren skaffa attestar både frå arbeidsgivaren
sin og ein som hadde budd heime hos dei, som stadfesta at Minda var "stille,
pyntelig og redelig". Det bildet var det få som trudde på
etter at den saka ho no kom borti, var grundig bretta ut i avisene, og
i folkesnakket i byen. Det "kom opp" litt etter kvart at ho var ei jente
som alt i 14-årsalderen var kjent i byen for omgangen sin både
med alkohol og menn. Formålet her er ikkje over hundre år seiare
å finne ut kva av dette folkesnakket som var sant og ikkje, men å
bruke dei kjeldene saka let etter seg, til å kaste lys over kulturelle
brytingar i byen på den tida da Minda var ung og vanka i gatene.
Den kvelden i oktober 1888, da Minda gjekk forbi
apoteket på torget midt i Trondheim, var ho på tur til tanta
si for å snakke om flyttinga dit. Tidlegare på kvelden hadde
ikkje tanta vore heime, ho hadde vore borte på eit vaskearbeid. I
påvente av at ho skulle komme heim, gjekk Minda og dreiv litt i byen.
Da var det ho vart stoppa av ein mann utanfor apoteket og lurt med inn.
Kva hadde skjedd om natta på apoteket?
Farmasøyten, ein ung mann med etternamnet Angell, vart kalla
inn til avhør, og nekta først alt, men innrømte noe
seinare at jenta hadde vore inne på apoteket om natta. Men han nekta
for at noen hadde "pleiet legemlig omgang med pigen medens hun opholdt
sig paa apotheket". Dermed stoppa etterforskinga. Å få
jenta undersøkt av lege, vart berre snakka litt om på politikammeret,
utan at det vart gjort.
Løytnanten drog straks dagen etter frå
byen, truleg heim til Stjørdalen, der han var son av soknepresten.
Til vanleg var han "sekondløitnant" ved den Trondhjemske Brigaden.
Han var 24 år. Tidlegare på kvelden hadde han vore på
ein konsert, og elles drukke ein del alkohol. Etter konserten tok han ein
tur innom kameraten sin på apoteket, som hadde nattevakt. Der fekk
han kveldsmat og enda meir å drikke. Da det vart tale om at han skulle
bli natta over på apoteket, gjekk han først ein tur ut, i
følgje si eiga forklaring med den "hensigt at faa fat i Fruentimmer".
Der trefte han Minda, som han altså fekk med seg inn på apoteket.
Kva som så skjedde, vart ikkje utforska, før lenge etterpå.
For dagen etter var løytnanten altså
reist frå byen. Og han vart ikkje kalla inn til forklaring hos politiet
før mye seinare, da stiftsamtmannen tok saka ut av hendene på
politimeisteren. Heller ikkje den tredje mannen, ein fotograf på
54 år, tidlegare brukseigar, vart henta inn til noe avhør.
Han skal ha forlate apoteket nokså fort etter at Minda kom inn, seinare
sa han at han gjorde det fordi han ikkje likte det som skjedde på
apoteket.
Etter hendinga fortalde ikkje Minda noe til foreldra.
Det var tanta til jenta som først fekk høre om det dagen
etter, frå ein politibetjent. Heller ikkje ho fortalde det før
etter ei stund til foreldra. Ei veke seinare kontakta tanta politiet for
å høre kva som var gjort i saka, og ho kunne da opplyse for
politiet at jenta var berre knapt femten år. Det innebar som politimeisteren
sjølv skreiv i ein rapport, at "en utugtsforseelse med hende
af denne grund vilde være straffbar". Politiet svarte tanta med
å vise til at det ikkje fanst noe bevis for at noe brotsverk var
gjort mot jenta, og at saka derfor måtte "Henlægges". Og sidan
løytnanten var reist frå byen, kunne ikkje politimeisteren
ta opp forhør i annan kommune, som han sa. Dei same svara fekk mor
til Minda da ho enda ei veke seinare kom på politistasjonen for å
høre om noe meir var gjort med saka. Foreldra fekk hjelp frå
redaktøren i Dagsposten til å skrive ein klage til politimeisteren,
men heller ikkje det hjelpte. I løpet av dei neste vekene vart saka
eit offentleg tema i byen.
Det framsto snart som nokså sannsynleg at
jenta hadde vorte seksuelt misbrukt om natta på apoteket, og at politiet
i høgste grad burde ha sett i gang etterforsking. Dette var eit
syn som kom fram også da Dagsposten ein månad etter hendinga
trykte ein artikkel om saka, og forlangte at stiftsamtmannen måtte
sørge for å få sett i gang avhør.
I Dagsposten sin artikkel kom det fram at jenta
hadde vorte lurt inn på apoteket ved at mannen sa at det var ei dame
der inne som ville snakke med ho. Da ho kom inn, fanst inga dame der. I
staden vart ho teke med inn på eit bakrom, og tvinga til å
drikke. I følgje artikkelen skal farmasøyten etter å
ha innrømt at jenta var på apoteket, ha lagt skulda for alt
dette på løytnanten, både for å ha lurt jenta
inn, og for å ha skjenkt henne brennevin. Farmasøyten skal
også ha fått løytnanten til å stadfeste denne
versjonen i ei skriftleg erklæring, der han rett nok også påsto
at han hadde følgt jenta ut på gata etter ei stund.
Etter ei tid gjekk stiftsamtmannen med på
å ta initiativ til å få sett i gang avhør i "pikesaken".
Der tilsto løytnanten også å ha gjort "Forsøg
paa legemlig Omgang med Pigen". Det var i seg sjølv straffbart
så lenge jenta var mindreårig.
Det finst mye materiale frå saka i politiarkiva.
Avhøra har det ikkje late seg gjere å finne i originalavskrifter,
men avisene vigde saka god plass, og dei trykte alle forhøra i Mindasaka
ordrett, med unntak av "den detaljerede beskrivelse af de forskjellige
Utugtsforbrydelser og Forsøg derpaa". Det siste forbaud stiftsamtmannen
og Departementet avisene å trykke. 40 personar vart avhørde
om "pikesaken". Saka etterlet seg såleis eit mangfaldig materiale
som vi her skal prøve å få noe meir ut av enn berre
detaljar om kva som skjedde. Kanskje inneheld det spor etter viktige kulturelle
prosessar i tida.
Offentleg debatt og gateopprør
Dagsposten meinte at politiet hadde stoppa etterforskinga fordi jenta
var "en simpel Pige, Datter af uanselige Forældre", medan
dei mennene det handla om, var frå "de bedre stillede Klasser".
Hadde forholdet vore omvendt, hadde jenta t.d. vore dotter av ein embetsmann,
og vorte lurt på same måte av ein gjeng sluskar, da hadde det
nok vorte anna låt i pipa om politiet hadde lagt saka bort såpass
lettvint. Her var det ikkje ein gong kalt inn ein lege til å undersøke
om det kunne ha skjedd seksuelle overgrep, eller om det i tillegg til alkohol
kan ha vore bedøvingsmiddel ho fekk å drikke. Sjølv
om ein hadde gått ut i frå at jenta sov berre av alkohol, burde
ho ha vore ført til lege. Å gå ut i frå at ingenting
gale var skjedd fordi jenta ikkje kunne hugse noe, var i alle fall ikkje
forsvarleg av politiet, mente avisa. Her måtte det vere spesielle
grunnar til at politiet ikkje ville gjere meir, og ikkje ein gong hadde
innkalla løytnanten til avhør, sjølv etter at han
skriftleg hadde erklært å ha vore med og skjenkt ho full. Kven
trudde verkeleg at han hadde gjort det utan å ha visse "Hensigter"?
Avisa trekte inn enda eit forhold i argumentasjonen:
politimeisteren hadde i det siste vore svært så ivrig til å
gripe inn mot ein del "billeder som udhænges i Butikvinduer. Han
har skredet ind mod Billeder, der knapt er saa blottede som anstændige
Damer paa Bal, og han har skredet ind mod Billeder af to badende Barn.
Men nu naar det er spørsmaal om en Sædelighedsforbrydelse
af den mest oprørende Beskaffenhed, nu henlægges Sagen uden
nævneværdig Undersøgelse". Her var altså fleire
sider ved denne saka som er interessante i forhold til seinare tiders debattar
om moral og kjønn i offentlege rom.
Eit par kveldar etter at denne artikkelen sto i
Dagsposten, samlast ei gruppe menneske utanfor huset der politimeisteren
budde, i andreetasjen i ein gard i Søndre Gate. Det var ein skytung
men opplett kveld klokka ni. Huset til politimeisteren låg mørkt
og stengt. For det første var det ikkje mye lys av gasslyktene,
for det andre var alle vindauga i andre etasjen, der politimeisteren budde,
svarte. Han hadde hørt kva som skulle skje, og gjømte seg.
Det som her skjedde, var ein dels spontan, dels førebudd demonstrasjon.
Dagen før demonstrasjonen hadde det gått eit rykte i byen
om "at der vilde bli afholdt Pibekoncert udenfor Politimesterens Bolig.
Der var dog faa, som troede, at der vilde bli Alvor". Forfattaren Peter
Egge, som var til stades, og som laga ei skildring av hendinga seinare,
fekk ein anonym lapp på førehand om å samlast til pipekonsert
mot politimeisteren klokka ni. Også Adresseavisa fortel om anonyme
brev med opprop om å møte på Lilletorget til demonstrasjon
mot politimeisteren. I tillegg til Egge var det eit tjuetal andre som møtte
fram - til å begynne med, før det heile voks.
Og dei peip, noen av all kraft med leppene. Andre
bles i piper eller i hole portnøklar. Først let det spedt
"i den brede gaten", skriv Peter Egge, "enda vi pep av alle krefter".
Men snart strømte fleire til, lokka av bråket. Og eit og anna
nabovindauget vart opna. Folk ville sjå kva som var på gang.
Så ropte ei kraftig røst "Ned med politimesteren!"
Og andre følgde på, til det reine hylekoret. No var dei tjue
som hadde starta, vakse til over hundre, skriv Peter Egge. I følgje
reportasjen om hendinga i Trondheimsavisa Folketidende vart Søndre
Gate "fylt med Mennesker fra Kreditbankens Gaard nedover til Strandgaden.
Hoben begynte med at pibe og hyle, men gik derpaa over til Voldshandlinger
ved at kaste Sten mot Vinduerne". Plutseleg singla det i glas, ein
stein hadde treft eit vindauge i politimeisteren sitt hus. "..det hylende
koret steg og sank i styrke som et knurrende og truende kjempedyr".
Også steinkastinga auka på, og ramma snart vindaugsglas både
i eit pianolager i første etasjen under der politimeisteren budde,
i garden ved sida av, og i banken på andre sida av gata. Og ein politifullmektig
som prøvde å kjøre inn i mengda med ei hestevogn, for
å be folk gå heim, vart fort jaga bort med slag og tilrop.
Uniformshuva hans vart funne i rennesteinen dagen etter. Først etter
å ha gitt opp eit forsøk på å sprenge seg inn
porten til garden med felles trykk frå massen, nådde opprøret
si fysiske grense.
Etter eit par timar viste det seg at byen sine autoritetar
likevel hadde mobilisert, ikkje politiet, men først brannvesenet,
så militæret. Brannvesenet vart tilkalt for å sprute
vatn mot folkemengda. Dei brukte tre vasslangar, "hvormed de fra den
paa Krydset af Søndre Gade og Dronningens Gade værende Vandkum
tildelte Hoben et saa alvorligt Styrt, at Strøget fra Dronningens
Gade til Lilletorvet paa det nærmeste blev ryddet". Da heller
ikkje dette fekk folk til ro, kom ein tropp av elevar frå underoffiserskolen.
Dei storma no inn i folkemassen frå Strandgaten, væpna med
gevær (men utan bajonettar) som dei stort sett brukte til å
slå eller støyte med, mot folkemenga som møtte dei
med eit regn av stein. Borgarmeisteren kom samtidig med militærtroppene,
han òg i uniform. Han las opprørsloven, fleire gonger, også
med trugsmål om at snart ville det bli skote med skarpt. Slik vart
hopen litt etter litt brakt til ro. Militæret greidde langt på
veg å rydde Søndre Gate, Thomas Angells gate og Lilletorvet,
men stadig hagla det stein. Ikkje før i halv to-tida om natta var
"Gaderne ryddige og Ordenen gjenoprettet".
Kvelden etter samla det seg igjen "en større
menneskemasse" i byen, no på torget og utanfor Svaneapoteket,
for å demonstrere mot apoteket der affæren med jenta hadde
skjedd. Men da var politistyrken forsterka og militæret "efter
aftale med den kommanderende general (..) beredt til udrykning". Dette
var no gjort kjent i avisene, også at soldatane ville bli utstyrte
med skarpe skot. Noen prøvde no òg å starte piping
og roping, men da politiet patruljerte inni folkemengda, fekk det ikkje
utarte seg. Politiet var forsterka med "et anselig Antal Leiebetjenter,
saa de uafbrudt krydsede inde i Mængden, der næsten ikke turde
lade komme Lyd fra sig". Likevel auka folkemengda på utover kvelden.
I titida rykte militæret ut og sperra av gata frå hjørnet
av Svaneapoteket til politikammeret og frå hjørnet av Nordre
gate til det andre hjørnet av Hornemannsgården. Følgja
var at mengda av folk heldt seg rolege, og klokka eitt gjekk dei roleg
heim.
Dei som hadde leia opprøret to dagar før,
satt no bak lås og slå. Men også denne kvelden vart nye
"fremtredende Spektakelmagere" arresterte. Enda ein kveld seinare
skreiv politimeisteren i rapport til stiftsamtmannen at "Byen og alt
var rolig og stille". Slik skulle det vere. Folketidende skreiv: "Søndag
Aften fant ingensomhelst Ansamling af Mennesker Sted nogetsteds i Gaderne".
Dagen etter opprøret følgde fleire
arrestasjonar og lange avhør, med harde straffer som følgje.
Hovudpersonane vart dømde til 1,5 til 3,5 år med straffarbeid,
den største straffa vart seinare redusert til 2 år. I alt
vart 13 personar dømde for å ha vore med på opprøret,
dels med bøter, dels med fengselsstraffar. I løpet av hausten
vart i alt bortimot 130 vitne avhørde om opptøyane(desse
avhøra har det ikkje late seg gjere å finne avskrifter av).
Samtidig vart saka gjort til tema i striden mellom
dei politiske partia i byen, Venstre og Høgre, som berre få
år før vart starta som noe nytt i det politiske livet i byen.
For Adresseavisen og høgresida var opprøret uttrykk for "vild
Ødeleggelseslyst", som berre måtte fordømmast.
For dei konservative passa det godt å gi artikkelen
i Dagsposten skulda for opprøret. "Dragesæden som Venstrebladene
i en Del Aar har udsaaet, har nu baaret Frugt her i byen", skreiv Høgreavisa
Trondhjems Aftenblad. Venstrekreftene sto for ei "Nedrakning og Tilsmudsning
af Autoriteter og alt, hvad tilhører Orden i et Samfund".
Også Adresseavisen meinte, sjølv om
det der vart skrive noe meir forsiktig og innpakka, at opprøret
var forårsaka av Dagsposten sin artikkel. "Vi tror saaaledes at
have paavist, at 'Dagspostens' redaktør ikke staar aldeles udenfor
den Bevægelse, som endte med Voldsomhed og Ødeleggelse fredag
Aften (..) Det er neppe tvilsomt, at det er 'Dagspostens' Redaktør,
der ved sit Skriveri har været en meget væsentlig Aarsag til
de skede Optøier". Seinare skreiv avisa at "Det er 'Dagspostens'
Redaktør og ingen anden, der har det moralske Hovedansvar for Uordenen".
Spørsmålet var for Adresseavisen berre
om Dagsposten hadde skrive sine kritiske artiklar for å hisse
til opprør, eller om det hos Dagsposten-redaktøren rådde
ei naiv tru på at slike skriveri ikkje ville skape slik uro. I alle
fall burde redaktøren ha skjønt at når han held fram
med skrivinga si, "saa leger han paa en uforsvarlig Maade med Ilden".
Klassejustis
I Edvard Bull sitt bind om arbeidarrørsla si historie for denne
perioden er denne "pikesaken" i 1888 trekt fram som eksempel på eit
tidleg og spontant opprør bore fram av "fiendskapen mellom klassene".
På den eine sida viste saka korleis politiet og overklassen i byen
godtok urett mot ei fattig jente. På den andre sida handla det om
at lågare grupper i samfunnet mangla respekt og lydnad overfor autoritetane
i byen.
Heilt nytt var dette for så vidt ikkje i Trondheim.
I politiet si historie blir det fortalt om ei hending med liknande "uroligheter"
hundre år før, i 1789. Trass i at det gjennom politiplakatar
og "offentlig ved Trommeslag" var gjort kjent kor forbode det var
"at sammenløbe og samle sig paa Gaderne her i Byen, udenfor visse
av dem udpegede Huuse", så hadde slikt skjedd fleire gonger "i
de senere Aarringer", dels med "voldsomme Udøvelser".
Da òg var sosial misnøye og klassekjensler med i bildet.
Og bråket skjedde samtidig med den franske revolusjonen, utan at
det er kjent om det kan ha vore noen som helst samanheng. I det heile veit
vi lite om det som skjedde i 1789.
I 1888 skjedde opprøret om "pikesaken" i
ein annan kontekst, som var prega av viktige endringar: politikk og klassekjensler
var i ferd med å bli uttrykt i organiserte former på ein fundamentalt
ny måte, gjennom parti, aviser og offentleg debatt, der kjenslene
og hatet også vart kopla til offentleg diskuterte prinsipp om likskap
og rettar.
Fleire av dei samtidige kommentarane til opprøret
i 1888 bygde på offentleg diskuterte og grunngitte klasseperspektiv.
Blant anna gjeld det Arne Garborg, som i denne saka fann stoff til ein
artikkel, der han kritiserte "Den bureaukratiske Retsordning der gjennemfører
Principet 'Ulighed for Loven', endog naar Loven selv hævder et modsat
Princip". Artikkelen er ein grundig argumentasjon om korleis rettsapparatet
skilde folk etter klassar: "Lovens forskjellige Optræden overfor
de forskjellige Samfundsklasser kan observeres ikke blot ved Straffeudmaalingen,
hvor der ofte udtrykkelig tages Hensyn til 'Angjældendes sociale
Stilling' - man gaar nemlig ud fra, at den bedrestillede har for Ex. mere
Æresfølelse end den underordnede, eller er mindre istand til
at taale for Ex Sult end han - det er den hele Justisbehandling som er
forskjellig, eftersom sigtede tilhører den ene eller den anden af
Samfundets to Hovedafdelinger".
Med denne artikkelen bidrog den for lengst anerkjente
forfattaren Arne Garborg til debatten om saka i eit nystarta lokalt debattblad
som dei enno ukjente diktarane Peter Egge og Arne Dybfest starta i Trondheim
akkurat i dei haustdagane i 1888. Dybfest skreiv også ei skillingsvise
om hendinga, som skal ha vorte sunge over heile byen i tida etterpå.
Også i Dagsposten sin kritikk mot måten
politiet handterte "pikesaken" var klasseargumentet viktig. Og avisa var
fullt klår over at det var noe fundamentalt i samfunnet ein her rokka
ved, at ein var med på ei viktig endring. "Paa Grund af Aarhundreders
sociale Herredømme, tidligere Kulturperioders Litteratur, hævdvundne
Traditioner og arvelige forestillinger, - de forskjellige Klassers hele
Levevis, Opdragelse og nedarvede maade at omgaas paa, - i kraft af hele
den aandelige Føde, hvoraf den nulevende Slægt har næret
sig, sidder de bedre stillede Klassers Individer uvilkårlig og vanemæssigt
inde med en dobbel Maalestok, en for 'fine' Folk og en for 'simple'. Denne
forskjel i Maalestokken ligger dem i blodet. De kan være hæderlige,
retskafne Mennesker, men har levet sig ind i en Dobbelttankegang. De kan
som oftest ikke selv for det, - undertiden ved de ikke engang selv om det".
Heller ikkje politimeisteren "har (..) undladt at undersøge Sagen
af Lyst til at gjøre Uret mod ringere Folk. Men uvilkårlig
har han handlet ud af den uretfærdige Tankegang, der sætter
de bedre stillede Klassers Interesser over de lavere stilledes". Og
viktigast: dette sosiale mønsteret var noe Dagsposten og Venstre
no erklærte kamp mot.
Sjølv om Adresseavisen fordømde opprøret
mest muleg som rein "Ødeleggelseslyst" og kriminalitet, såg
dei òg at det hadde ein viss samanheng med strømningar i
tida som hadde med politikk og klasse å gjere. Avisa hadde observert
korleis venstresida og Dagsposten i aukande grad appellerte til klassekjenslene:
"Der er i Løbet af Høsten faldt andre Udtalelser om, at
netop Arbeideren og den fattige Befolkning bliver foreholdt sin Ret; man
har talt eggende Ord, advaret mod Arbeiderens Magt til at tage sig selv
tilrette og fremført Arbeideroptøier som Eksempler og søgt
at bibringe Arbeideren Bevidstheden om sin egen Styrke; og 'Dagsposten'
har stadig beilet til de 'smaa og fortrykte i Samfundet' der formentlig
har været egnet til opviglende Virkning". På liknande måte
refererte Adresseavisen fleire gonger også det Dagsposten hadde skrive
om at politiet nok hadde handla annleis om jenta hadde vore av høgare
klasse, og mennene av lågare. Altså erkjente høgreavisa
at klassekjenslene var den drivkrafta Dagsposten sine artiklar hadde løyst
ut. For Adresseavisen gjorde det Dagsposten enda meir til oppviglaravis.
Ei tredje avis, Folketidende, som var radikal, gjorde
eit poeng av at saka også på ein annan måte hadde vist
klasseforskjellen i samfunnet. Da mora til Minda hadde kontakta politimeisteren
for å høre om han ville gjere meir for å granske saka,
hadde han ikkje berre avvist det, men han hadde svart mora "barsk". Om
det skreiv Folketidende at "det er altfor almindeligt, at man blir uhøflig
behandlet af offentlige Fuktionærer, som man af en elder anden Grund
er nødt til at henvende sig til. Paa offentlige Kontorer er dette
'Affeiningssystem' alt for meget i Gang. Det smitter fra de Overordnede
til de Underordnede og er alt andet end Hyggelig. Man staar ligesom paa
Gløder med Hatten i Haanden ligeoverfor en Embedsmand og blir mange
Gange afvist baade fort og hensynsløst. Saadant sætter vondt
Blod, og æder sig ind i Folk og er derfor af større Betydning
end man tror. At der i Behandlingen af Folk gjøres stor Forskjel
er sikkert nok. En simpel Mand faar meget ofte en simpel Behandling, og
omvendt. La det bli slut med dette (..). Fattig som Rig har Ret til at
fordre en høflig og imøtekommende Behandling hos de offentlige
Funktionærer" Opprøret var altså drive fram av fleire
slags klassekjensler, og da bråket kom til utløp i gata utanfor
huset til politimeisteren, ser det ut til at det i stor grad var unge gutar
av arbeidsfolk som sto i spissen. Blant dei som vart arresterte som "Deltager
i Opløbet", fanst ein dreng, ein slaktargut, ein kaigut, ein
elev på den tekniske skolen, ein "tjenestedreng" og ein fiskar. Om
fire av dei står notert alder, dei var 16, 19, 20 og 25 år.
Den eine av desse, som vi skal høre meir om, var slaktarguten Severin.
Han var fødd i Namsos i 1869, og var som Minda barn av ein skreddar.
Han hadde vore i byen i to år, og hadde hatt arbeid hos fleire slaktarmeistrar
(ikkje hos den slaktaren som Minda var ei veke hos).
Men eit reint arbeidaropprør var det ikkje.
Dei anonyme breva som hadde starta det heile, var sende ut av ein eldre
kjøpmann Holm. I avhør seinare påsto han at han ikkje
hadde venta at demonstrasjonen skulle utvikle seg så voldsomt som
den gjorde. Holm finst heller ikkje blant dei som vart arresterte for aktiv
deltaking i opptøyene. Men i ein oversikt over dømde, står
han oppført med ei mindre bot for "Anstiftelse af Gadeuorden".
I politimeisteren si skildring av opprøret
og av arrestasjonane av dei mest aktive i gata, er det interessant å
lese kva han skreiv om eleven på den tekniske skolen, som den einaste
arrerstasjonen han fann trong til å grunngi nærare: "jeg
skal bemerke at jeg fandt at burde belægge ham med arrest da han
den foregaaende Nat havde været en af anførerne ved stenkastningen
og forsøget paa at sprænge porten til min bolig". Sjølv
om det var det same dei andre arresterte hadde gjort, er det tydeleg at
politimeisteren kjende trong til å forklare nærare kvifor det
til og med var ein teknikarelev mellom dei arresterte. Om dei andre står
ikkje noe tilsvarande.
Sjølv om opprøret kan seiast å
ha sprunge ut av provoserte klassekjensler, og sjølv om det hatet
var sterkt, var heile hendinga prega av usikker framferd. Ein del av deltakarane
har også skildra det etterpå: "Jeg var ingen helt",
skriv Peter Egge. "Jeg unte politimesteren all den pipingen han kunne
få; men jeg hadde ingen trang til å bli arrestert". Da
den første glasruta singla, trekte han seg bort frå plassen
og stilte seg opp for å sjå litt på avstand. Egge si
skildring ber preg av engsteleg deltaking i noe som sprang ut av sterke
kjensler, men som ein ikkje visste konsekvensane av. Det gjorde heller
ikkje den kjernen av kompromisslause i flokken, som ikkje ville gi seg
utan kamp. Opprøret var knytt til viktige endringar i tida, men
bar preg av sped og uvøren start på det som var i emning.
Sjølv om det var sendt ut anonyme brev til ei slags "mobilisering",
finst ikkje spor etter strategisk plan, verken frå noen i opprørsflokken
eller frå Dagsposten, som truleg vart like overraska som politiet
over den forma opprøret fekk.
Det er truleg mye rett i å karakterisere opprøret,
som Garborg gjorde i samtida og Bull i ettertid, som eit slags klasseopprør.
Men enda meir interessant er det at saka viser korleis dette no var ledd
i ein endringsprosess, og at det trass i dei eintydige klassekjenslene
som kom til uttrykk, handla om meir enn det.
Moral som sosial eigenskap og offentleg tema
I staden for å innkalle fleire som hadde vore på apoteket
om natta til avhør, tok politimeisteren kontakt med apotekar Brun,
arbeidsgivaren til farmasøyten. Om det skreiv politimeisteren: "...underrettet
jeg apoteker Brun hermed. Saavel han som hans provisor Dahl gav farmaceut
Angell et udmærket godt skudsmaal, hvilket ogsaa bestyrkede min antagelse
af at her ikke forelaa andet end en vild natlig orgie, en skandalesag,
som alle i den deltagende parter var bedst tjente med ikke rørtes
videre ved". Dette tyder på at når politimeisteren tok
beslutninga om å ikkje gjere meir med saka, var det mellom anna basert
på ei vurdering av farmasøyten sine moralske eigenskapar,
og på tillit til apotekaren sitt ord om dei.
Apotekaren vart seinare også kalla inn til
avhør i saka. Da han sjølv fekk høre "leilighetsvis
paa Gaden" at det "den omhandlede natt skulde have været en
Pige inde paa Apoteket, og som var bleven drukket fuld", hadde han
først trudd det var oppspinn. Og da han straks hadde spurt farmasøyten,
nekta han først for alt, som han hadde gjort til politiet. Apotekaren
hadde likevel god tru på farmasøyten. Han hadde vore på
apoteket berre eit par månader, men frå den apotekaren han
hadde vore i teneste hos før, var han "særdeles vel anbefalet".
Verken apotekaren eller politimeisteren ser såleis ut til å
ha hatt noen solid kjennskap til farmasøyten som grunnlag for sine
vurderingar. Både for apotekaren og politimeisteren ser likevel yrke,
og status og ry i kraft av posisjon i yrkeslivet, ut til å
vore sett som høgst relevant å bruke som grunnlag for å
vurdere farmasøyten sin moral - også i ei sak som hadde med
seksuelle forhold å gjere. For det første ga alt dette tydelegvis
grunn til å tru at ein her hadde å gjere med menn med god moral,
for det andre, om dei hadde vore med på ein "skandalesag",
ga det grunn til å ikkje gjere meir for å granske ho - altså
posisjon i yrkes- og samfunnsliv som grunnlag for både moralsk tillit
og ein viss immunitet.
Like sikker og førehandsinnvilga som politimeisteren
sin tillit til apotekaren og farmasøyten, var mistilliten
hans til Minda og det ho sto for. La oss igjen lese kva politimeisteren
skreiv: "thi det har vist sig, at hun har et gandske usedvanligt slet
rygte idet hun som det formodentlige ogsaa er konstateret under forhøret
baade skal være løgnagtig, glad i det stærke, naar saadant
bydes hende og løsagtig, og det har visselig ikke været nødvendig
hverken at lokke pigen ind paa apotheket eller der at anvende bedøvende
midler for at faa om nogen vilde have sin vilje med hende, da hun at dømme
efter hendes tidligere eller Liv vistnok var altfor villig baade til det
ene og det andet. Min antagelse at der paa apotheket hin nat har fundet
en vild orgie, der i og for sig vekte min dybeste indignation, men ingen
strafbar handlig sted, idet jeg forudsatte at pigen var over 15 aar gammel,
blev saaledes fuldt bestyrket". Her vart eit bilde av Minda si fortid,
bygd på rykte, brukt som grunn til å slå seg til ro med
at ingenting ulovleg var gjort mot ho. At også farmasøyten
ope hadde loge til politiet, ved først å nekte for at jenta
hadde vore inne på apoteket, vart på ingen måte brukt
til å dra liknande konklusjonar om hans moral.
La oss lese meir av politimeisteren sine vurderingar
av Minda: "..hun maatte være vant til at færdes ude om nættene
og at have oplevet noget af hvert, idet hendes ... maade at te sig paa
gav indtrykket af at ikke noget særdeles usædvanligt var vederfaret
hende. Hun tog nemlig den hele sag meget roligt, medens det vilde have
været en selvfølge, om hun havde været en uskyldig eller
sædelig pige der var bleven forført at hun havde været
nedbøiet og yderst ulykkelig over den situation hvori hun befandt
sig. Der var derfor efter min mening hvor stødende jeg end fandt
tilfældet og hvor indigneret jeg blev ved dette ikke nogen grund
til at tro at her forelaa nogen forbrydelse, ialfall ikke af den beskaffendhet
at politiet af egen drift skulde skride ind". Vidare i eit anna skriv:
"thi den omstendighed at en pige er tilstede ved en natlig orgie om
denne ogsaa gaar for sig paa et apothek og at hun derunder bliver hvad
man kalder død-drukken, involverer dog ikke nogen forbrydelse".
Det politimeisteren var indignert over, var at apoteket var brukt til vill
orgie, ikkje at jenta kunne ha vore utsett for eit overgrep.
Apoteket var ikkje eit kva som helst privat hus,
men eit
offentleg hus. Bakrommet var likevel truleg i ei mellomsone:
det var ikkje så privat at farmasøyten kunne arrangere dei
orgiane han ville der, og ikkje så offentleg at det i seg sjølv
ga grunn til å gripe inn, slik det ville ha vore om liknande orgiar
hadde utspelt seg på "open gate".
Det dårlege ryktet til Minda vart snart gjort
fullt offentleg i fleire aviser. Trondhjems Folkeblad skreiv eit par dagar
etter opptøyene at "Det er (..) fra flere Kanter berettet, at
Pigen ikke har noget godt Rygte". Dagsposten såg annleis på
det: at ei jente på under femten år vart hengt ut offentleg
som et "allerede udsvævende Fruentimmer" var noe av det som
opprørte folk mest ved saka, i følgje Venstre-avisa.
Minda si fortid kom til å bli eit hovudtema
i dei avhøra som endeleg vart sette i gang etter pålegg frå
stiftsamtmannen, og dei vart trykte i fleire aviser, også Dagsposten.
Den første som tok opp Minda sine moralske eigenskapar i avhøra,
var løytnanten. Til sitt "forsvar" sa han at han hadde
hørt
på byen at det var "slik" ho var. Deretter følgde avhør
etter avhør av politibetjentar som hadde hørt det same. Ein
av dei hadde sett jenta på byen før, og "gjort sig
den Tanke, at hun var forfløien, men noget positivt ufordelagtigt
om hende vidste han ikke da". Først etterpå hadde han
hørt av to andre poltibetjetnar at ho visstnok skulle vere "usædelig".
Ein annan sa at "Pigen havde et noksaa freidigt Udseende og var
temmelig
fri i sin Optreden, hun var ikke det ringeste betuttet
over Nattens Begivenheder, saavidt Deponenten (vitnet) kan huske
(mi uth)". Om Minda fanst ingen sosial posisjon i yrkeslivet å knyte
moralske vurderingar til, om henne vart desse i staden baserte på
rykte på byen, og ytre kjenneteikn, og mest interessant: alt dette
vart så knytt til hennar person.
Så kom det store beviset: vaktmeisteren på
fengselet hadde der hørt ein av leiarane for opprøret mot
politimeisteren, slaktarguten Severin, som var den som fekk lengst straff
for deltakinga i opprøret, fortelje rett ut at han hadde "pleiet
legemlig Omgang med Pigen". I seinare avhør stadfesta Severin
at dette stemte.
Dermed var to viktige aktørar i saka og opprøret
kopla saman på ein interessant måte - som nesten hørest
som eit litterært knep for å sette historia på spissen,
men det er sant: Ungguten frå slakteriet som no skulle straffast
for å ha vore frontfigur i opprøret mot politimeisteren, og
den usedelege jenta "frå gata", som no vart straffa for å vere
det gjennom offentleg uthenging. Begge hørde dei til det
same sosiale sjiktet, til og med hadde dei begge arbeidd på slakteri,
og begge hadde dei brote med rådande moral eller reglar, og bidrege
til offentleg utskjemming eller vandalisme mot representantar for byen
sin elite og samfunnet sin orden.
I utgangspunktet gjaldt saka om menn frå ein
"betre" del av byfolket hadde gjort seg skuldige i seksuelle overgrep mot
ei jente. Det vart aldri bevist, knapt nok granska. No sto ein av leiarane
for opprøret mot politimeisteren fram og innrømte å
ha gjort akkurat det som løytnanten for så vidt i avhøra
tilsto å ha prøvd, men nekta for å ha utført.
Opprørsleiaren hadde altså sjølv gjort den ugjerninga
som opprøret hadde vore retta mot. Eller sagt annleis: såg
ut til å vere retta mot. For kanskje tyder dette på at opprøret
ikkje var så mye sprunge ut av solidaritet med jenta, eller harme
over den seksuelle misbruken av henne, som av hat mot politiet - i alle
fall hos dei unggutane som var mest aktive i gata.
Ein svært stor del av avhøra i saka
kom til å handle om Minda sitt forhold til moral og umoral, meir
enn om kva som hadde hendt på apoteket. Som Dagsposten skreiv etter
forhøra: "Politifunktionærer har været Byen rundt
for at snuse op Personer, som har havt med hende at bestille". Etter
kvart kom det også fram andre som i avhør erkjente "at
have havt med Pigen at bestille med hendes fulde Samtykke". Blant desse
var også ein annan slaktargut, som innrømte å ha hatt
samleie med jenta, etter å ha "truffet hende paa Gaden", og
"af Omtale hørt, at hun var løsagtig".
Å innrømme dette offentleg i avhør
med politiet, ser heller ikkje ut til å ha vore vanskeleg for dei
unggutane det gjaldt. Det handla om vitnemål som først og
fremst ser ut til å ha "stadfesta" at jenta var usedeleg,
ikkje gutane.
Også kona til den slaktaren som Minda var
i teneste hos ei veke etter apotekhendinga, hadde fortalt at da ho var
der, "var hun meget forfløien, idet hun istedet for at udføre
sit Arbeide hellere vilde være i Slagterværkstedet og fjase
med Slagtergutterne". Og da ho vart oppsagt frå slakteriet, fekk
ho 80 øre i betaling, som ho straks kjøpte øl for,
som ho "fortærede sammen med Slagterguterne, og blev hun da saa
fuld at hun teede sig som en anden 'fintøite'", i følgje
"Madamen" til slaktaren. Ho var i sitt avhør tydeleg ute etter å
grunngi det at ho hadde sagt opp jenta etter så kort tid. Ho påsto
til og med at ho hadde hørt jenta fortelje sjølv ho hadde
fått betaling "for Aftenen paa Apopteket".
I retten var desse rykta og vitnemåla noe
Minda vart ope konfrontert med. Først, før Severin og dei
andre unggutane sto fram, svarte ho at ho aldri hadde hatt noe usømmeleg
å gjere med noen mannsperson. Her fekk ho også støtte
frå tanta si, som "aldrig før det Passerede (har)
vidst eller hørt Tale om at Pigen nogensinde havde gjort sig skyldig
i nogen letfærdig Adferd; nu bagefter har hun hørt dette 'siges
på byen'". I den tid jenta hadde budd hos tanta, "mærkede
hun ikke, at Pigen havde nogen Lyst til at være ude og føite
paa Gaderne; hun gik aldrig ud, uden hun havde et specielt Ærinde
at gaa efter".
Til slutt innrømte Minda også
at fleire av dei vitna som hadde erklært å ha hatt samleie
med ho, hadde snakka sant, og at ho hadde gjort det frivillig.
I lesinga av avhøra, får ein på
dette stadiet nesten ei kjensle av at "saka" på ein måte var
"oppklart". Den moralske skulda, i alle fall skamma, var plassert hos ho
som i utgangspunktet var "usedelig". Dermed vart søkelyset
dreidd bort frå det som hadde starta det heile, løytnanten
og hendingane på apoteket. I kraft av sine moralske eigenskapar -
og posisjon - gjekk dei fri. For Minda var det omvendt: i kraft av sine
umoralske eigenskapar - og person - vart ho på ein måte plassert
i tiltalte sin stad. I ei utanbys avis vart dette etter offentleggjeringa
av avhøra omtalt slik, nærmast som konklusjon på
saka: No var det "godtgjort (..) at hun til forskjellige Tider med fuldt
Samtykke havde bedrevet Utugt med flere Mænd". Dermed var alt
sagt. Minda var subjektet, mennene objektet. På liknande måte
var Adresseavisen sin konklusjon etter at avhøra vart kjende, at
"Det maa ansees for konstateret, at vedkommende Pige er i høieste
Grad upaalidelig". Og Adresseavisen retta dette mot Dagsposten, som
da i lang tid både hadde forsvart jenta, og trudd på det ho
hadde sagt. Dagsposten hadde late henne spele "Heltinderolle i det Drama"
som Venstre-avisa hadde sett i scene gjennom oppviglarartiklane sine.
Oppi all debatten om moral og skuld, om det var
løytnanten, jenta eller politimeisteren som var mest å laste,
reiste Folketidende eit anna syn. Skulda låg hos "Stærkdrikken",
"thi havde ikke Løitnantens Hjerne været saa omtaaget af
Drik den Gang, saa havde ikke Trondhjems By behøvet at være
Skuepladsen for slige Begivenheder". "Hvorom alting er, Brændevinet
har, som vi ser, ogsaa i dette sørgelige Drama spillet Hovedrollen".
Kvinneleg og mannleg
Det Minda si tante sa til Minda sitt forsvar, må kunne lesast
som uttrykk for eit ideal: ei 14 år gammal jente skulle ikkje "føite
paa Gaderne". Med det må ho ha meint noe meir enn det å
reint fysisk vere på gata, t.d. i samband med leik og samvær
med andre ungdomar. "Føite" er vanskeleg å oversette, men
det gir tydeleg assosiasjon til negativ og umoralsk framferd, noe vilt
og ustyrleg. Samtidig blir den mest fullstendige og tryggast garderte gjennomføringa
av idealet også sett som å halde seg fysisk borte frå
gata, om ein ikkje hadde spesielle ærend der. For ei jente betydde
det altså at ho berre ved å opphalde seg "på gata" stilte
seg lageleg til for den moraliserande offentlege praten. Ved å gjere
det, leverte ho i alle fall potensiell ammunisjon som kunne mobiliserast
viss den same jenta også gjorde noe anna folk fann umoralsk. Da var
forholdet hennar til "gata" i søkelyset. Og det forholdet var ikkje
det same for jenter og gutar.
Minda-saka handla like mye om kjønn og moral
som om klasse, og dei to dimensjonane var vovne i hop på ein måte
som vanskeleg let det eine skilje frå det andre. Som Dagsposten skreiv
noe seinare, etter at det i forhøra var avslørt at jenta
alt frå før av var "usædelig": "Det er dem som mener
at den mærkelige Sag ikke længer er saa mærkelig, efter
at det er kommet frem at Pigen har ført et usædelig Liv. Det
var jo en Tøite, siger man. Men Løitnanten, hvad var han?
Kavallerer som opsøger usædelige Kvinder,- tar dem ind fra
Gaden,- drikker dem drukne og lever sammen med dem - er de saa meget bedre
end disse Kvinder?"
Spørsmålet var retta som kritikk mot
tendensar til å frikjenne menn for handlingar som kvinner vart fordømde
for. Samtidig tyder problemstillinga i seg sjølv på at umoralen
hos menn lettare kunne vegast og målast også etter kor usedelege
kvinner dei var umoralske med. I alle fall var det eit moment å ta
med i forsterkande eller formildande lei. Medan det umoralske ved ei kvinne
si åtferd lett vart sett som ein eigenskap ved ho, slik var
ho berre, vart den same umoralen for menn ikkje så lett tolka som
eigenskap ved personen, men ved handlinga, og dels den kvinna
han var umoralsk med. Den kvinna sine eigenskapar som usedeleg
eller ikkje var altså viktige moment i vurderinga av umoralen i mannen
si handling, ikkje omvendt. I den offentlege vurderinga av Minda sin moral
finst det ikkje spor etter tilsvarande leiting etter personlege eigenskapar
hos løytnanten.
Dagsposten peikte vidare på at menn kunne
riste av seg det umoralske ved å gå "tilbake" til sine vanlege
posisjonar i samfunnet på dagtid: "Kavalleren finder man
kanske Morgenen efter paa sin Plads i Samfundet, omhyggelig antrukken,
alt i orden. Kontormanden til kontortid ved sin Pult og sit dobbelte Bokholderi,
Ægtemanden i Familiens Skjød, Officeren i himmelblaa Uniform
ved Paradebønnen i den Aarle Morgen. Men Pigen finder man kanskje
henslængt paa Gaden".
Dette kan lesast som ein interessant samfunnskritikk
frå 1880-åra. Samtidig kan ein lese teksten som uttrykk for
kulturelle kodar i tida. Da handlar det om at menn hadde posisjonar i samfunnet,
som dei i tilfelle av umoralsk åtferd tok utflukter frå, men
kunne vende tilbake til. Ei jente som gjorde det same var usedeleg,
og ho var ikkje på utflukt frå noen posisjon i samfunnet, ho
var frå gata. Her var ho det også bokstaveleg tala,
for frå gata vart Minda henta, og dit vart ho lagt (tilbake) etterpå.
Mindre bokstaveleg tala, men like rimeleg tolka, var det tydeleg at ho
i kraft av eigenskapen "usedelig" også hørde til "gata".
I alle fall mangla ho ein posisjon i samfunn eller familie å vende
tilbake til. For jenta var det usedelege ein eigenskap, inga utflukt.
La oss leite vidare i den same avisteksten. I følgje
Dagsposten var det mange som sa at det som hadde hendt Minda, eigentleg
var nokså daglegdags. I så fall meinte avisa at "Hvis Usædeligheden
har grebet slig om sig, og er saa udbredt, at det er en hverdagslig ting,
at Kavallerer tar ind til sig Piger fra Gaden, den første og den
bedste..". Da var det ille. Ikkje berre viser desse formuleringane
korleis menn i denne rolla let seg omtale som "Kavallerer", det viser også
at dei same kor mye dei sjølve først var på gata, fysisk
sett, og så tok med seg ei jente inn i eit hus, blir omtalte som
om deira utgangspunkt var inne, og at dei henta jenta "fra Gaden"
og "ind til sig", altså inn dit dei - i denne samanhengen - hørde
til, inne i hus. At dei jentene dei tok "ind til sig", var "piger fra Gaden",
må såleis forståast metaforisk, med referanse til bestemte
moralske eigenskaper ved jentene, og for så vidt både ved "gata"
og "inne".
Vidare står det: "..da skulde vi tro, der
er saa meget større Grund til at Gribe ind med Kraft for om muligt
at sætte Grændser for den begyndende Samfundsforraadnelse".
På ein måte ligg det her nær å tenke seg at ei
grense
mellom sunt og usunt gjekk mellom hus og gate, og at det var når
noe usedeleg "frå gata" vart ført "inn i hus", at det vart
verkeleg farleg - også for "samfunnet" (der menn hadde posisjonar,
og moralske eigenskapar i kraft av dei).
I Mindasaka handla det heller ikkje om noe kva som
helst slags hus, men langt på veg eit offentleg hus. Og, om ein tenker
etter: apoteket var eit ærverdig hus midt i byen der ikkje berre
høgt akta yrke vart utøvde, men eit hus som sto for ein front
mot det sjuke, usunne og ureine. Det kan i denne samanhengen ha
sett det skitne og usedelege i det som hadde skjedd i eit ekstra tydeleg
lys. At det usedelege hadde skjedd på eit apotek, kan ha verka ekstra
opprørande, og det kan ha vore ein ekstra grunn til den "Indignation"
også politimeisteren kjente, men ikkje fann grunn til å gjere
meir med.
Vidare var dei mennene som her hadde henta skamma
frå gata inn i dette huset, ikkje berre apotekaren, men ein representant
for forsvaret av land og samfunn, ein løytnant. Desse mennene representerte
på dagtid to viktige funksjonar for "samfunnet", for å halde
det sunt og fredeleg. Dei rollene hadde dei her teke ei utflukt
bort i frå ved å la seg freiste av ei jente som attpåtil
var
usedeleg. Dei var ikkje usedelege, men handlinga deira
vart
det gjennom kontakten med ho, som var usedeleg.
"At Pigen har levd et usædelig Liv, forværrer
Sagen for hende; hun personlig taber megen Sympati. Men det forbedrer kun
saare lidet Sagen for Løitnanten, og for Politimesteren aldeles
intet. Thi ingen af dem kjendte hendes Fortid", skreiv Dagsposten.
På ein måte ligg det i dette at dei handla utan å vite
at ho eigentleg var den skuldige, altså var løytnanten umoralsk
mot ei jente som godt kunne ha vore sedeleg, og politimeisteren let vere
å granske nærare noe som kunne ha vore eit brotsverk
mot ei skikkeleg jente. At ho etterpå viste seg å ikkje
vere noen av delane, fritok dei ikkje for å ha handla så umoralsk
som det ville ha vore om ho verkeleg hadde vore sedeleg, meinte Venstre-avisa.
Det usedelege ved jenta hadde altså to betydningar:
på ein måte gjorde det skamma sterkare for den som hadde
hatt seksuell omgang med ho, han var på ein måte avslørt
som jeger etter billig eller forderva byte. På ein annan måte
reduserte det skulda hans, og særleg ville det ha gjort det
om han hadde visst kor skuldig ho var på førehand, som den
usedelege jenta frå "gata" ho var.
"Gata" var ein stad for umoral, og i 1880-åra
heva fleire røyster seg mot det dei meinte var i ferd med å
bli stadig verre i så måte. Ein ting var at gata vart tilhaldsstad
for usedelege jenter, og at skikkelege menn let seg lokke ut på umoralske
utflukter frå elles skikkelege posisjonar i samfunnet. Eit problem
var dette også for kvinner som var skikkelege. "Den offentlige
Sikkerhed er her i Byen for Tiden ikke meget stor. Der klages stadig over,
at skikkelige Kvinder ikke kan gaa i fred paa Gaderne om Aaftenen. Pigejægeriet
er i fuldt Flor", skreiv Folketidende seinare på hausten 1888.
Og her var mennene subjektet: "Det er for galt, at skikkelige Kvinder
ikke skal kunne komme paa Gaden om Aftenen uden at bli antastet og skræmt
av slige uværdige Subjekter, der oftest tilhører Byens saakaldte
'bedste Folk'. Blir det ikke anden Raad, saa faar man offenliggjøre
vedkommendes Navne til Advarsel for skikkelige Folk". Her er det interessant
å sjå korleis "bedste" var eit klasseuttrykk, medan "skikkeleg"
meir handla om moral. Og begge dei to uttrykka kunne brukast til å
skilje mellom to typar av både menn og kvinner. I bildet av "gata"
som moralsk kamp- og jaktfelt fanst kvinner både som usedelege og
skikkelege, og menn både som "uverdige" og skikkelege. Dei skikkelege
var sett som potensielle offer for det andre kjønn enten dei var
menn eller kvinner, om enn på ulike måtar. Skikkelege kvinner
var utsette for uverdige jegerar, skikkelege menn var utsette for usedelege
jenter.
At skikkelege kvinner skulle halde seg borte frå
gata, kunne også gjerast til eit tema når gatene no vart tekne
i bruk til opprør. Det vart aktualisert eit par dagar etter gateopprøret
mot politimeisteren. Da dukka det opp eit rykte om at to av byen sine "bedre
damer" hadde teke del i pipinga. Om dette hadde det visst også komme
inn ei anonym melding til politikammeret, men der vart det dyssa ned. Plutseleg
visste ingen om den anonyme meldinga. Kan ho ha komme bort? Kan det ha
vore ei side ved opprøret som stemte for dårleg med bildet
av eit pøbelopprør, og med bildet av "bedre damer"?
Dette vart ikkje enklare da to kjente sakførarar
og elles leiande menn i byen dukka opp på politikammeret med spørsmål
om det stemte at politiet hadde fått melding om to damer i opprøret,
som var hustruene deira. Ein av dei to sakførarane var Jacob Lindboe,
leiar for Venstre i byen, og få år seinare stortingsmann for
partiet. Kona hans var dotter av Anton Jensen, leiande næringslivsmann
i byen. Den andre var Olaf Løchen. Han var overrettssakførar,
og elles ein såpass sentral figur i byen at han frå 1900 vart
tilsett som "ajungeret borgermester" i byen, med ansvar for fattigvesen,
skolevesen og helsevesen.
Den fungerande politimeisteren (som verka i staden
for den faste i oppfølgjinga av opprørssaka) innrømte
å ha fått eit anonymt brev om "et par av byens bedre damer",
men det hadde "forkommet fra ham". Dessutan meinte han å hugse
at damene ikkje var namngitte. Dei to sakførarane var rasande og
skulda politiet for å ha bidrege til rykta om hustruene deira. Deretter
kom det fram at også andre på politistasjonen hadde hørt
frå "en trediemand" "at fruene Lindboe og Løken efter rygtet
skulde have deltaget i pibningen". Dette ga dei to sakførarane
blod på tann. Dei ville både etterforske kven som hadde spreidd
ryktet, og stille poltiet til ansvar for å ha handtert hustruene
deira slik at dei "føler sig bristholdne". Kva som låg
i det framande ordet, vart ikkje konkretisert. Men det kan hende at politiet
i ein tidleg fase faktisk også hadde starta ei viss undersøking
omkring dei to damene, inntil dei fekk høre frå mennene deira.
Det hadde dei to advokatane mistanke om hadde skjedd.
Politimeisteren "forsøgte da at forfølge
dette rygte for muligens at komme efter dets ophav, men han kom snart til
den overbevising at Rygtet savnede grund, hvorfor han opgav efterforskingen".
Dessutan: "rygtet var almindelig udbredt idet det under andre af han
i anledning optøyerne anstillede undersøgelser, oftere hendte
at folk uden nogen foranledning fra hans side, omtalte rygtet". Politiet
forsvarte seg her mot den alvorlege skuldinga om å fare med sladder
om hustruene til to autoritetar i byen, ved for det første å
forsikre om at dei ikkje trudde noe på ryktet, for det andre
ved å vise til at det same ryktet var kjent på byen
frå før.
Same kor "allment" utbreidd ryktet var, vart det
ikkje funne grunn til å tru såpass på det, at dei to
damene burde kallast inn til avhør, sjølv om 130 andre vart
avhørde i samband med opprøret. Her er det tydeleg at tilliten
til damene sine gode namn og klasse var sterkare enn tilliten til det folk
flest på byen meinte å vite. Så da den anonyme meldinga
kom, fann politimeisteren "efter hvad han allerede havde erfaret, ikke
grund til at foretage nogen undersøgelse i anledning skrivelsen,
som han ikke offrede nogen opmærksomhed".
Politimeisteren heldt fram i forklaringa si: "Uagtet
jeg enn tidligere anført har holdt mig fuldstændig udenfor
de paagaaende Undersøgelser, skal jeg erbødigst tillate mig
at bemærke at jeg ikke kan skjønne at der fra de Herrer Lindboes
og Løkens side findes nogensomhelst befut grund til at anke over
politiets optreden. Det forekommer mig, at det havde været ganske
anderledes hensynløst straks at have henvendt sig i de nevnte fruenes
hjem, og at det omhandlede rygte skal være udbredt ved og have vundet
tilløb ved politiets optræden, tror jeg ikke". Omsynet
til dei to sakførarane sine heimar, talte for å ikkje
sette i gang noen nærare gransking av dei to damene.
Frå dei to advokathustruene sjølve
finst ikkje spor i noen kjelder. Og sjølvsagt let det seg ikkje
på noen måte avgjere om dei verkeleg var med på pipekonserten
i gata. Sidan dei var hustruer av kjende og mektige menn, den eine leiande
i det nye Venstrepartiet, og med ambisjonar i den nye politikken, er det
ikkje utenkeleg at noen hadde funne ryktet nyttig for å svekke ein
politisk konkurrent i byen. Det kan for så vidt ha vore tilfelle
same om kona hans verkeleg var med eller ikkje. Lindboe hadde berre eit
par år tidlegare lege i bitter strid med Høgre og Adresseavisen,
der han vart skulda for å ha spreidd usanne påstandar om at
Høgre i samråd med kongemakta hadde planlagt statskupp mot
parlamentarismen. Adresseavisen hadde fleire gonger prøvd å
ramme Venstre ved å drive kampanjar mot Lindboes "gode navn og
rykte".
Lindboe var altså på ein måte
sjølv ein opprørar i byen, men han ville slett ikkje bli
identifisert med det opprøret som skjedde mot politiet i Minda-saka.
Noe anna som sjølvsagt er muleg, er at dei to kvinnene verkeleg
kan ha representert eit gryande feministisk engasjement blant velståande
kvinner i byen, og at dei i så fall har kjent seg opprørte
over skjebnen til jenta på torget. Men sjølv om det kan ha
vore tilfellet, ville det ha vore nokså grensesprengande om dei hadde
brukt gata til å ytre seg offentleg om ei sak som dette. Sterke konvensjonar
i tida sa at kvinner "hadde (..) ingenting i en offentlig diskusjon
om sedelighet å gjøre. Ved bare å være til stede
satte de sin kvinnelige ære på spill". Det skriv historikar
Gro Hagemann om da kvinner nettopp i 1880-åra begynte å gå
på møte der slike spørsmål vart diskuterte offentleg.
Men same korleis det verkeleg kan ha vore: når
mennene deira gjekk til aksjon, forheldt damene seg tause. Dei kontakta
i alle fall ikkje sjølv politiet. Dette var ei sak for mennene.
Og det er grunn til å tru at det var dei som kjende det som si oppgåve
her å forsvare seg sjølve og heimane sine. Det var deira
ære som var skadd, og det var det som truleg var den viktigaste grunnen
til at dei no gjorde opprør - på sin måte. Dei kan her
tolkast som handhevarar av ei mannleg ære som det var særleg
viktig for dei som velståande og kjende menn i byen å verge.
Å "ha" kvinner som ikkje tok del i offentlege opprør, var
her ein del av ei mannleg ære. Dette var ei ære dei to kvinnene
hadde sett i fare, viss dei hadde gjort det som ryktet sa, og teke del
i eit offentleg opprør i gata. Enda ein gong var kvinnene sitt forhold
til "gata" - her som politisk felt - eit avgjerande element i bevaringa
av ei mannleg ære.
Her er vi inne i eit felt der det i 1880-åra
var i ferd med å skje faretruande endringar, ved at kvinner tok del
i offentlege debattar på nye måtar, og til og med var med på
pøbelopprør i gatene. Vi veit ikkje kor mange kvinner som
var med på opprøret mot Minda-saka, berre at både kvinner
og menn var med: Folketidende skreiv at "Af Urostifterne var
naturligvis en stor Del halvvoksne Gutter, men der fandtes dessverre ogsaa
Mænd og Kvinder, af hvem man ikke skulde have ventet en saadan Optræden,
som deltok i Pibningen og Hylene. Saaledes skal et Paar Damer i særlig
Grad have udmærket sig med sin Opførsel". Dette er det
einaste sporet i noen av avisene etter noe som kunne ha vore dei
to sakførarkonene, men dei to som avisa her nemnde, kan like gjerne
ha vore heilt andre kvinner. Også i Adresseavisen står det
under overskrifta "Fromme Enfoldighed" at ein hadde sett "2 Kjærringer
med megen Nidkjærhed at bære Sten i sine Skjørter fra
Raadhusalmendingen til Olaus Jensens Vinduer. De troede formentlig derved
at arbeide i Kvindesagens Interesse". Sjølv i romanforfattaren
Peter Egge si skildring av opprøret 50 år seinare blir det
hugsa at det fanst kvinner blant dei aktive i gata: Det vart henta stein
til ammunisjon i "luer og hatter og i vide, side skjørter".
Privat og offentleg
Når politiet let vere å etterforske dei to sakførarhustruene
for deltaking i gateopprøret, var altså omsynet til heimane
ein viktig grunn. Den private heimen, vel å merke den borgarlege
og velståande, vart såleis tilkjent ein slags immunitet, som
gjorde at dei to "damene" slapp å bli granska - så lenge dei
vart sett som delar av den same private heimen. Og det vart dei.
Dei to kvinnene vart verga på ein måte
som får dei til å framstå nærmast som delar av
ektemennene sine private domene. Og det mennene verga damene sine mot,
var eit rykte på byen om at dei hadde vore med på noe svært
så offentleg og kontroversielt, eit gateopprør. I det siste
ligg på ein måte eit forsøk på å forsvare
eit bilde av kvinnene ikkje berre som lovlydige, men som ikkje-deltakande
i gata som rom for ein ny type offentleg meiningsytring. Samtidig handla
dei to mennene sitt strev overfor politiet også om å forsvare
si eiga offentlege ære. Begge dei to mennene var offentleg kjende,
dei var to menn som sto sentralt i byen sitt offentlege liv. Det gjorde
det truleg ekstra viktig for dei å ha kvinner som ikkje braut med
sterke ideal i tida om at kvinner hørde til i heimen, der det rådde
fred og harmoni - i motsetning til i det offentlege livet som mennene var
med på. Ein kan nesten vanskeleg tenke seg ein meir radikal måte
å bryte dette idealet på for dei to kvinnene enn å gå
"ut på gata", og der ta del i eit opprør.
Som kontrast til dette står det at Minda som
"usedeleg" på ein måte hørde til i gata, og i det
offentlege. Ein av dei som bidrog til det inntrykket i avhøra
seinare, var den tredje mannen som var inne på apoteket da Minda
kom inn, men som forlet staden nokså snart. Han understreka for det
første at han ikkje hadde hørt noen ytring frå jenta
som "i nogen Maade tydede paa at Pigen var narret ind. Deponenten fik
det indtryk at pigen var et offentlig Fruentimmer. Hun ytrede intet
om at hun vilde gaa sin Vei, hun var noksaa villig til at sætte sig
ned uden nogenslags Opmuntring (mi utheving)". Vidare fortalde han
òg, som dei andre, at ho drakk frivillig. Men at noe utuktig skal
ha gått føre seg, var han nokså sikker på ikkje
var tilfelle - sjølv om både han og farmasøyten meinte
å hugse at noe hadde skjedd borte i ei seng, men da sat han som her
fortalde, med ryggen til. Dessutan var det eit forheng framfor senga (!)
Bruken av ordet "offentleg" er her interessant.
Utan at det blir sagt eit einaste ord for å konkretisere det nærare,
står betydninga i samansetninga med det eintydig lada ordet "fruentimmer"
nokså klårt: å vere "offentleg" for ei kvinne var å
vere umoralsk - og lite kvinneleg - slik det her framstår i teksten
frå eit mannleg vitne. Medan det for ein mann var ein del av noe
mannleg å vere offentleg, var det kvinnelege knytt til noe privat.
Dette er vel kjent. Medan menn, når dei var "offentlege", tok del
i politikk og samfunnsliv, var kvinner "offentleg" i ei anna meining, som
tilgjengelege for "alminnelig avbenyttelse".
Det som er verdt å merke seg i tilfellet med
dei to advokatane, er at det private ved "det kvinnelege" - sett med mannlege
auge, også var så viktig for menn si ære som "mannlege",
og da som offentlege menn. Kvinner som heldt seg til det private, var her
viktige som del av eit sjølvbilde som offentlege menn. Viss
dei engasjerte seg i offentleg debatt eller meiningsytring, tok dei steget
over i "det offentlege" - og da i den mannlege meininga av ordet,
og da vart dei opplevde som trugsmål mot ideala i tida for både
kvinneleg og mannleg.
Minda vart altså oppfatta som "offentleg"
i betydninga allment tilgjengeleg. Men ved å bli tema for avisskriving
og folkesnakk, vart ho også offentleg i ei anna meining: ho fekk
det ein vanlegvis ser som privatliv bretta ut for alle. Hadde ikkje Minda
vore "offentleg" i den betydninga før, så vart ho det i løpet
av saka. Som sagt kom forhøra, da dei endeleg kom i gang, i stor
grad til å handle om hennar fortid, som ei gransking av kor "usædelig"
ei jente ho var, medan han som eigentleg var den som vart mistenkt for
brotsverk mot jenta, løytnanten, fekk stå nokså ugranska.
Hans fortidige liv var privat og vart heller ikkje no gjort offentleg,
verken i retten eller avisene.
Om dette skreiv Dagsposten: "Men Løitnant
Rodes Fortid og tidligere Liv, særlig i sædelig Henseende -
hvorledes er det med det? Slet ikke undersøgt (..). Pikens Fortid
er ubarmhjertig afdækket. Hans Fortid er der trukket Slør
for. Og dog er Rode anklaget og forbryder i denne Sag; Pigen er Anklager
(..). En Løitnant og en Mand - hvem falder paa at blande sig op
i hans sædelige Forhold? Og endmere: hvem falder paa at fremlægge
for Offentligheden en saadans 'Fortid'? Men en Pige, og en Pige af lavere
Stand - hendes Liv dækker ingen over". Både Dagsposten
og Adresseavisen trykte alle avhøra i saka, med ein viktig
liten forskjell: I Adresseavisen vart fleire vitneutsegner og formuleringar
som var negative for Minda, mellom anna slike som handla om å offentleggjere
kor usømmeleg eit liv ho elles hadde levd, utheva med større
typar.
Her er eit interessant forhold mellom moral, kjønn
og offentlegheit. Medan mennene i Minda-saka fekk behalde som private dei
moralske sidene ved det livet dei elles hadde levd, var det nokså
automatisk eit offentleg tema når det gjaldt Minda. Når ei
kvinne braut med ideal og normar for det kvinnelege, vart ho altså
på fleire måtar ei "offentleg" kvinne - og dermed mindre
"kvinneleg". Som menn "sine" kvinner derimot, vart det gjort mye
for å verge dei som private, også om dei hadde gjort noe som
braut med visse ideal for kva som var "kvinneleg".
For å forstå betydninga av Minda-saka,
må ein vite at dette hende på slutten av 1880-talet, midt i
ei moralsk og politisk brytingstid, der grenser for rett og galt, sedeleg
og usedeleg, vart sette på prøve - og like mye: trekte opp
på ny. Minda-saka skjedde midt i eit tiår med politisering,
framveksande kvinnesak og berre eit par år etter at kjente romanar
som "Kristiania-bohemen" (Jæger), "Albertine" (C. Krogh) og "Mandfolk"
(Garborg) skapte debatt blant anna om kjønnsmoral, og om kvinneleg
og mannleg.
Når Minda-saka verkeleg vart ei "sak", som
blant anna let etter seg såpass med kjelder at vi her kan skrive
så grundig om ho, er det fordi ho skjedde i ei ny tid, ei tid da
offentleg informasjon og debatt var i ferd med å bli noe anna enn
det hadde vore. I framveksten av den stemninga som førte til opprøret,
spelte folkesnakket og ei samfunnskritisk avis på lag. Rett nok meinte
Dagsposten at saka var "bekjendt udover hele Byen, længe før
vi rørte ved den". Likevel er det lite grunn til å tvile
på at avisartikkelen i Dagsposten ein månad etter hendinga,
kan ha vore med på å utløyse opprøret, som altså
skjedde andre dagen etter at artikkelen var spreidd til lesekyndige, og
kommunisert, rundt om i heile byen. I følgje Dagsposten var det
ei kvar avis si plikt å gi "Offentlig Opmærksomhed"
til ei "saadan Embedshandling som Poltimesterens". Da den same politimeisteren
bad alle aviser slutte å skrive om saka til ho var avgjort i domstolane,
svarte Dagsposten at ein heller burde gi saka "saa grundig Opmærksomhed,
som det er muligt".
Adresseavisen sto for det omvendte synet: her var
det eit hovudankepunkt mot Dagsposten at den avisa i det heile hadde begynt
å skrive om saka, at avisa hadde valt å gjere saka offentleg.
Sidan redaktøren for Dagsposten var advokat, fann Adresseavisen
det ekstra slagferdig å kunne seie at det han her gjorde, var å
"indanke en Sag for Almenhedens Dom". Og "Den 'Almenhed' som
'Dagspostens' Redaktør paakaldte, afgav sin Kjendelse ved Optøierne
den 9de November".
Men her var ikkje forholdet så enkelt at ei
avis gjorde saka offentleg, og den andre ikkje. Også Adresseavisen
hadde
si "Almenhet", som kunne hentast inn til "Kjendelse", ikkje
mot løytnant og poltimeister, men mot jenta: "'Almenheden' var
imidlertid vidende om, at Pigen var et mere end almindeligt rutineret 'Barn'",
skreiv avisa.
Her sto to syn mot kvarandre: Poltimeisteren, som
var høgremann, og Adresseavisen, meinte at Dagsposten sin offentlege
kritikk mot politiet var injurierande, og ville gå til sak mot avisa.
Venstreavisa Dagsposten såg det som si plikt å kritisere politimeisteren
offentleg når han hadde gjort feil i embetet sitt. For Adresseavisen
var Dagsposten sin kritikk mot politimeisteren sine handlingar i Minda-saka
oppvigleri. ".. selv om de Data, den (artikkelen i Dagposten)
indeholder, var Fuld Sandhed, saa er selve den Tendents, der gaar igjennem
den, direkte eggende, ophidsende og vildledende". Når sanninga
verka slik, burde ho ikkje gjerast offentleg. Adresseavisen hadde her møtt
noe nytt og irriterande innan offentleg samfunnskritikk i byen.
Minda-saka skjedde elleve år etter at Dagsposten
var etablert som det første verkelege alternativet til Adresseavisen
i Trondheim. Og det skjedde på slutten av 1880-åra, det tiåret
da politikk for alvor vart prega av partiorganisering, der meniningane
vart kjørte mot kvarandre i ordna frontar, og i hard drakamp om
folkemeininga. No var det faktisk i ferd med å bli slik som Adresseavisen
hadde frykta i 1879, i ein debatt om eit forslag frå venstresida
om å utvide stemmeretten slik at større grupper også
av arbeidsfolk kunne få vere med å stemme: "det kommer til
at bero mere paa Mængden af Stemmerne end paa disse Stemmers
intellektuelle Overlegenhet (uth i avisa)". Frå da Dagsposten
i 1882 framsto som Venstre sitt offisielle organ, hadde den offentlege
debatten i byen vore prega av at to parti og to aviser kjempa om oppslutning
frå "mannen i gata", eller "mængden" - som her bokstaveleg
talt viste eit skremmande ansikt i gata.
På denne tida var kampen mellom avisene om
hegemoniet på fleire måtar ein kamp i gata, ikkje minst
ved at mye av salet gjekk gjennom avisgutar som i ein ofte pågåande
salsstil verka som avisene sine fotsoldatar i gatene. I 1889 vart det sendt
inn eit forslag til politimeisteren om å forby avissal på gata,
fordi han meinte folk ikkje fekk gå i fred for avisgutane.
Når Adresseavisen i 1879 hadde vore redd for
"Mængden" si makt ved utvida stemmerett, er det interessant å
kunne lese i politiet sitt materiale om opprøret i 1888, at det
der òg var "Mængden" ein var redd. I grunngivinga av arrestasjonen
av ein av opprørsleiarane, heiter det at ein gjorde det for å
hindre gjentaking ved "de optøier der berygtedes at skulde have
fundet sted ogsaa igaar, det blev nemlig Nat til igaar af mængden
udtalt at optøierne skulde fortsættes næste aften".
Det var "mængden" som her framsette trugsmål, og var farleg.
Til dette begrepet "mængden" knytte det seg
viktige brytingar og endringar i siste del av 1800-talet. Noen såg
store farar for auka makt til ein uopplyst og uansvarleg folkehop i gatene.
For andre var "mængden" tvert imot eit mål for det nye demokratiet,
basert på at alle hadde like rettar uavhengig av sosial stand og
klasse - og intellekt.
"Gata" var viktig i desse brytingane i tida. Det
var der "mængden" kunne markere seg, særleg så
lenge mange sakna stemmerett. Peter Egge hugsa 50 år seinare godt
korleis pipinga læt "spedt" i "den brede gaten" - før
fleire strømte til, og gjorde opprøret sterkare. Og i Dagsposten
sin reportasje frå opprøret var det eit hovudpunkt at "Folkemassen
øgede stadig og fyldte snart hele Gaden (mine uth.)". Når
det skjedde i såpass breie gater som Trondheim, må det ha styrkt
kjensla av makt. Betydninga av mengda var truleg relativ i forhold til
rommet, så også med "Mængden" si makta over "Gaden".
Betydninga av "gata" handla ikkje berre om to motsette
politiske syn, eit til høgre og eit til venstre. Eit skilje gjekk
også mellom "gata" på eine sida og den organiserte politikken
på den andre. Det var grenser også for kva Venstre-politikarar
og ei ansvarsfull avis som Dagsposten ville vere kjent for å vere
alliert med. Etter skuldingane for å ha forårsaka opprøret,
sto Dagsposten ved kritikken mot politimeisteren, men tok avstand frå
opprøret. Kven kunne ha trudd at aviskritikken mot politimeisteren
ville bli følgt av slikt eit opprør. "Ingen, som kjender
Thrøndernes rolige Temperament", kunne ha spådd dette,
"og ingen kan beklage Optøierne mere end vi", skreiv avisa.
Årsaka til opprøret plasserte Dagsposten
hos politimeisteren, og om hans handlemåtar hadde avisa berre fortalt
fakta. Og sjølve ansvaret for aktivt å ha gjort dei same fakta
til tema for opprør, låg hos opprørarane, ikkje hos
avisa. Seinare ytra Dagsposten også eit anna synspunkt: hadde politiet
vore meir til stades med uniformer da det heile starta den kvelden, kunne
det som først berre var litt "vanlig gateuro", ha vorte roa
ned før det vart såpass valdeleg. For politiet visste på
førehand at demonstrasjonen var påtenkt. Av og til hørest
det nesten som Venstreavisa lasta politimeisteren for ikkje å ha
stoppa opprøret, nesten like sterkt som ho lasta han for måten
han hadde handtert "pikesaken" på. Ein spurde seg om byen var tent
med å ha ein politimeister som mangla nøktern vurderingssans
i ein så alvorleg situasjon som eit opprør var.
Det var tydelegvis viktig for Venstre å komme
unna å bli identifisert med opprøret. I strevet for å
sleppe det, påsto Dagsposten at det også hadde vore fleire
Høgre-folk blant dei som peip mot politimeisteren. Det vart no trekt
fram både for å få fram at det ikkje var berre Venstrefolk
med, og for å hindre at opprøret vart gjort til partisak:
"Ethvert alvorligt Menneske maa misbillige, at denne Sag gjøres
til en politisk Partisag".
Dette kan tolkast på fleire måtar: Samtidig
med at saka handlar om framveksande offentleg debatt, der autoritetar kunne
kritiserast på nye måtar, viser ho korleis den organiserte
venstresida i iveren etter å bli teken alvorleg i politikken, ikkje
torde å støtte eit så utprega "gateopprør" som
dette. Tolka noe annleis kan dei som sto for kritikken mot politimeisteren,
og kanskje hadde sympati for opprøret utan å støtte
dei ulovlege sidene ved det, også ha vore redde for at sjølve
saka kunne bli svekka ved å bli trekt inn i partipolitikken. For
saker som hadde oppslutning i "gata" var det ein fordel å ha støtte
frå folk på tvers av dei nye partigrensene.
Slik sto den nye bruken av gata til offentleg
meiningsytring, og den nye "politikken" der meiningar vart ordna og ytra
gjennom
parti, i eit fleirtydig forhold til kvarandre. Begge handla
om å mobilisere "mengda". Men i "gata" samlast denne mengda spontant
og for saker som ikkje kjende partigrenser. I den nye "politikken" gjaldt
det å ikkje la eigne partisaker bli smitta av den same mengda sin
bruk av "gata", av det udisiplinerte, valdelege og ustyrlege. "Gata" og
"politikken" sto såleis i eit både symbiotisk og "antibiotisk"
forhold til kvarandre, dei henta næring frå kvarandre, samtidig
som dei ikkje ville bli smitta av svakheitene til kvarandre.
For Venstre var opprøret i gata eit ris bak
spegelen, ikkje noe ein støtta, i alle fall ope og offentleg. Samtidig
var gateopprøret noe ein gjerne viste til som sannsynleg konsekvens
når
samfunnsautoritetar, som i dette tilfellet politimeisteren, handla urettferdig.
Og den kritikken fekk også støtte i Venstre sitt namn,
så her var det ikkje noen heilt gjennomført konsekvens i ønsket
om å ikkje gjere saka til partisak. Ein innsendar i Dagsposten skreiv
at kanskje ville det ha vore rett om Dagsposten hadde "holdt inde med
Historien om den mishandlede Pige", slik høgreavisene hadde
gjort, for da kunne ein kanskje ha unngått opprøret. Men,
skreiv han etterpå: "Venstre ser sagen fra et andet Synspunkt.
Det krever Rettferdighed og Menneskelighed overfor ethvert Medlem af Samfundet,
hvad enten han er rig eller fattig". I Dagsposten kunne det i andre
samanhengar komme fram at ein forsto opprøret som uttrykk for rettferdssans
hos dei som gjennomførte det. Dette viser ambivalensen. Langt på
veg ser det ut til at Venstre og Dagsposten støtta, eller i alle
fall forsto, harmen bak opprøret, men tok avstand frå
måten det var gjennomført på. "Hos den oplyste
Borger og Borgerinde vil Retfærdighedsfølelse og berettiget
Harme altid gi sig Udslag paa lovlig Vis". Dessutan: "Var det at
vente andet end at Folk maatte bli oprørt og foreta noget" - slik
politimeisteren hadde forsømt pliktene sine?".
Debatten om opprøret viser at det i denne
tida var nokså flytande grenser for kva som skulle kunne godtakast
som lovlege eller sømmelege måtar å ytre meining på
i gatene. Ei oppfatning gjekk ut på at det å ta del i pipekonserten
mot politimeisteren var både umoralsk og straffbart, fordi ein hadde
"forhaanet en offentlig Myndighed". Det fanst paragrafar i loven
som kunne trekkast fram når embetsmenn vart håna, men da i
sine embete. Og i følgje Dagsposten var det tvilsamt om det
kunne seiast om politimeisteren den kvelden, for han oppheldt seg "i
sine Bagværelser" - som her hørest nesten som motpolen
til "i sitt embete". Dagsposten meinte det her ikkje kunne bli snakk om
anna enn eventuelt mulkter for "Gadeuorden". Dessutan meinte avisa at "En
almindelig Opinionsytring inden Lovens Grænser vilde vi have fundet
naturlig i en Sag som denne, der har grebet Gemytterne som ingen anden
i umindelige Tider". Også for ein som skreiv i Adresseavisen,
var pipekonsert ei lovleg "almindelig Opinionsytring". Men å
bruke det uttrykket om det som hadde skjedd i Trondheim, var å stimulere
til opprør, meinte han.
I Venstreavisa var det eit syn at gata absolutt
kunne brukast til meiningsytring på fredelege og lovlege måtar,
utan bråk: "Mishag kan tilkjendegives ved fredelig Optog, uden
Piben og Optøier, med en valgt Deputation til at tilkjendegi vedkommende,
hvad der er den almindelige Opinion". Som modell viste avisa til "det
store Protesttog i Kristiania mod Beslaglæggelsen af Albertine".
Vidare kunne ein arrangere massemøte, der ein vedtok resolusjonar.
Og ein kunne samle "Masseunderskrifter". Oppi det ambivalente forholdet
til "gata" fanst det altså i Venstre interesse for å ta i bruk
gatene som ei politisk meiningsytring på nye måtar, vel å
merke om det skjedde under kontroll og disiplin.
Blant leiarane for ordensmakta i byen hadde opprøret
sett skrekk. Eit par månader seinare nådde enda ein gong eit
rykte politiet om planar om demonstrasjonar. Det vart latterleggjort i
Dagsposten: "Politiet marscherede i Patruljevis gjennem Gaderne ved
10-tiden igaaraftes til megen forundring for de faa andre som var ude for
at trække frisk Luft". Ryktet hadde gått ut på at
noen ville starte eit fakkeltog til støtte for redaktøren
i Dagsposten. Men truleg var ryktet planta av ein "Spasmager, som har
villet more sig paa Politiets bekostning. Vi tror ogsaa, det er bedst,
at ingen tænker paa nogen saadan Demonstration for Alvor; det fører
kun til Spektakel og Ubehageligheder for alle Parter". Enno i jula
1888 fanst såpass med angst for nye opprør i byen at soldatar
ikkje fekk reise heim til "sin Familie paa Landet" i jula slik dei
hadde fått tidlegare om åra.
Lys og mørke - igjen
I denne gjennomgangen av Minda-saka har eitt formål vore å
få fram korleis fleire kulturelle prosessar som utspelte seg i byen
i siste del av 1800-talet, møttest i ei konsentrert hending. Saka
kan såleis lesast som eit forstørringsglas eigna til å
få fram tydelegare noen av dei kulturelle samanhengane det handlar
om. På liknande måte verka striden om lyset i gatene under
kongen si opning av jernbanen i 1877 til å få fram korleis
lyset hang saman med fleire kulturelle prosessar i tida. Forholdet mellom
lys og mørke var også framme i fleire samanhengar under Minda-saka.
Som nemnt sørgde noen av deltakarane i opprøret
i 1888 under dei verste tumultane for å få sløkt gasslyktene
i nærleiken, "saa Gaden var fullstændig i Mørke".
Det kan sjølvsagt tolkast som utslag av raseri og lyst til å
ødelegge. Ein annan grunn kan ha vore at ein i mørket kjende
seg tryggare til å delta i pipinga og ropinga og valdshandlingane.
Etterpå viste det seg også at politiet hadde sivile betjentar
i mengda for å notere kven som var med. Dei fekk det sjølvsagt
vanskelegare i mørket.
Vi har tidlegare vore inne på kva lyset hadde
å seie, m.a. for kontrollen med og fridomen til å ferdast i
tid og rom. Meir lys i gatene auka sjansane for politiet til å kontrollere
ei opprørsk folkemengd. Det er kjent frå fleire stader i Europa
på 1600-talet at innføring av gatelys vart sett som einaste
løysing på uro og bråk i gatene. I det perspektivet
bør ein også forstå den symbolske effekten av at "pøbelen"
i Paris under den franske revolusjonen i 1789 brukte lyktestolpane til
å henge rike adelsmenn i. Grunnen til det var ikkje berre at stolpane
eigna seg som galgar, men at dei bidrog til å gi straffehandlinga
symbolsk innhald som omsnunad av gata som orden. Der hang representantane
for den gamle orden på ein måte og "lyste" av skrekk - i staden
for det lyset dei tidlegare hadde hatt til å verg seg med. I dette
spelet utfalda det seg ein kamp om kontrollen med "gata" og det offentlege
rommet. Også under julirevolusjonen i 1830 ødela folkemassene
systematisk gatelyktene. Det skal ha vore ein viktig grunn til at troppane
til tropper mislykkast i å få kontroll med opprørarane
i gatene.
Noe liknande kan dei opprørske i Trondheim
ha håpa på opprørskvelden i 1888. I mørket kunne
dei lettare og utfalde opprørshandlingane sine utan å bli
tekne av ordensmakta, og gjere "gata" til si.
Også i debatten etterpå om korleis opprøret
kunne ha vore unngått, vart lyset trekt inn. I Dagsposten heitte
det: "At slige Optøier bedst foregaar i Mørke, behøver
ikke at noteres". I så måte fann avisa det interessant
at ho hadde fått høre at andre bebuarar i garden der politimeisteren
budde, hadde fått ordre - av politimeisteren - om ikkje å tenne
lys den kvelden. Poltimeisteren burde ha visst "at hvad der behøvedes,
var Lys og ikke Mørke". I staden hadde han på denne måten
bidrege til å gjere "Arenaen saa bekvem som muligt" for opprørsmakarane,
noe dei sjølve også viste ved å ytterlegare å
sløkke "de faa Lygter, som var dem ubeleilig". Hadde alle
hus halde vindauga sine opplyste, ville det neppe gått slik, meinte
han som skreiv dette i avisa. "Hvorfor berammes denslags Fornøielser
ellers i Regelen til om Aftenen? Er det ikke for at nyde godt af Mørket?".
Å delta i slikt var "en ganske anderledes Affære, naar det
er lyst".
Men samanhengen mellom Minda-saka og lys eller mørke
kunne også sjåast i andre retningar. I eit lesarbrev i Adresseavisen
vart det føreslege å jage Dagsposten sin redaktør ut
av byen for det oppvigleriet han hadde stått for i "pikesaken". Da
svarte Dagsposten ironisk: "Se det er der Mening i; men ikke Dagspostens
Redaktør alene, lad os jage fra Byen alle dem som ikke gaar med
paa at holde Forbrydelser skjult, naar de begaaes i de høiere Samfundslag!
Ud af Byen med den Slags Folk; da vil der bli Fred og gode Dage for alle,
som er pene Borgere og agtværdige Folk saa længe Solen er oppe,
men i Smug er Slyngler, naar Mørket falder paa".
I forlenginga av denne tankegangen kunne mørket
gjerast til tilhaldsstad for den kritiserte autoritet som politimeisteren
var, og hans gjerningar. Og ikkje berre hadde han valt mørket, han
hadde gjømt seg i bakgarden: Han "stængte sin Port, lod
Lysene slukke i alle værelser til Gaden og tilbragte Aftenen i Bagværelserne".
Dette fekk han til å framstå som "ynkværdig". Når
det no vart kravd tiltak for "at bringe Lys i denne smudsige Sag",
var det no like mye politimeisteren som dei mannfolka som eventuelt hadde
misbrukt jenta, som representerte det "smudsige".
Med den retoriske krafta som låg i lyset som
metafor, var det viktig å plassere dei kreftene ein kritiserte, i
"mørket". Også det at politibetjentane ikkje hadde vorte kommanderte
ut for å stoppe bråket, men utkledd som vanlege deltakarar
i oppptøyane, som spionar for å notere kven som var med, kunne
tolkast som ei gjerning som hørde "mørket" til. I denne situasjonen
var politiet, det mest synlege og handgripelege teiknet på offentleg
ordensmakt i gata, gjort til noe usynleg, og på ein måte:
omvendt av offentleg. Det skjedde i ein situasjon da ein opprørsk
folkemasse verkeleg okkuperte det offentlege rommet. I dette ligg både
symbolske og høgst reelle vendepunkt for det innhaldet som fekk
fylle gata som offentleg rom.
Det var ikkje slik at lyset eintydig var reiskap
for makta, og at mørket var eit rom for fridom og opprør.
I den nye kampen om å dominere gatene med sine bodskapar, gjaldt
det også å erobre lyset, og kanskje som her: sette makta i
mørket. Også dette finst det fleire eksempel på frå
opprørssituasjonar på 1800-talet elles i Europa. I 1848 feira
folkemassane i store byar erobringane sine med imponerande fakkeltog og
prangande "illuminasjonar", som er vortne skildra på måtar
som minner aldri så lite om debatten om lyset da kongen kom til Trondheim
i 1877: Frå Wien heiter det at "kein Fenster der Stadt und der
Vorstädte war unbeleuchtet, es war eine aufrichtige Freudenbezeigung".
Makta i gata
Gateopprøret i 1888 vart slege ned. Men det hadde uttrykt ei
makt som låg att i byen, i gatene og i forholdet mellom "mængden"
og autoritetane i byen. Det viste seg godt i eitt av resultata: politimeisteren
greidde ikkje etter Minda-saka å gjenopprette den personlege tilliten
sin i byen. Dei konservative avisene som fordømte opprøret
sterkast, prøvde heller aldri å ta politimeisteren si handtering
av Minda-saka i forsvar. Ein triumf for både opprørarane og
Dagsposten var det da Stiftsamtmannen mot råd frå politimeisteren
ba politiet innhente forhør i saka.
Politimeisteren vart såpass lite omtykt i
byen at han to år seinare vart beden om å søke seg ei
anna stilling. På denne måten var det markert kva makt som
låg i den nye offentlege debatten, der grenser vart sprengde for
kva som kunne kritiserast og ikkje, og der "gata" var i ferd med å
få nye betydningar som arena for meiningsytring og samfunnskritikk.
Da politimeisteren under Minda-saka søkte justisdepartementet om
fri rettshjelp for å føre sak mot Dagsposten, svarte avisa
rett ut at det var irettesetting han heller skulle fått av departementet.
Dessutan spurde avisa: "er det slet ikke tilladt at kritisere en Politimester".
Utfallet av saka viste at det no både var muleg, og at det
låg makt i å gjere det, offentleg og i gatene.
Opptøyane i 1888 hadde vist at politiet sto
svakt, og det ga argument for større pengeløyvingar. I 1890
vart politibudsjettet utvida, slik at ein kunne betale tolv leigekonstablar
i vinterhalvåret. I 1891 vart det søkt pengar til ein åttande
betjent og tre nye konstablar, og 25 nye telefonboksar vart utplasserte
rundt om i byen. Politiet ønskte seg no ein utrykkingsstyrke som
ein kunne ha ståande klar med hest og vogn, slik dei hadde i Chicago,
vart det sagt. Det vart ikkje noe av, men i 1893 fekk korpset seks nye
konstablar. Og i 1896 vart ei eiga kriminalavdeling utskild med tre mann.
I 1890-åra vart politiet kraftig bygd ut, slik at det i 1900 talte
10 betjentar, 8 overkonstablar, 41 konstablar og 1 kontorist. Sjølvsagt
var denne utbygginga grunngitt i mye anna enn faren for uro av det slaget
ein hadde sett under Minda-saka. Men det er neppe tvil om at den hendinga
i lang tid baud på erfaringar det vart lagt vekt på å
unngå. Og kor som er: utbygginga av politiet må ha betydd mye
for makta og kontrollen i gatene.
Men korleis gjekk det med Minda?
Til slutt må nesten nemnast korleis sjølve Minda-saka
endte, sjølv om det ikkje har vore noe hovudføremål
å granske saka som rettshistorie.
Løytnanten si sak vart overført til
militærdomstolen, medan det mot dei unggutane som innrømte
å ha hatt seksuell omgang med jenta, vart reist sivile rettssaker.
Løytnanten vart dømt for "Forsøg paa Forbrydelse"
til 30 dagar Festningsarrest.
Og Minda? Korleis det gjekk med henne etter at ho
vart vaksen, veit vi ikkje, men noe små teikn peiker i ein bestemt
retning. I politimateriale frå 1892 er ho atter nemnt, da som arrestert
for "beruselse og gateuorden".
Dessutan finst spor i kjeldene som viser at det
var Minda, ikkje mennene, som sat att med den mest sviande skamma etter
hendingane i 1888. Det får ein eit inntrykk av i eit avisinnlegg
der innehavaren av ein Skofabrikk i Dronningens gate gjekk offentleg ut
og avkrefta eit rykte om at det var ei jente tilsett hos han, som hadde
vore "Gjenstanden for den Skjændige Opførsel av en Løytnant
paa et Apotek".
I eit seinare avhør med foreldra til Minda
kom det fram at ho etter hendinga rett nok hadde fått ei teneste,
men den hadde ho fort mista, fordi "Tildragelsen blev hendes Madmoder
bekjent (..) og det er vel meget tvivlsomt, om hun i nogen nær Fremtid
kan faa en anstændig og varig Tjeneste efter dette, ja om hun nogensinde
vil kunne faa den".
I referatet frå det siste møtet i den
sivile rettssaka mot slaktargutane som hadde hatt seksuell omgang med Minda,
fortel Adresseavisen at Minda for det første nekta å avlegge
eid på at forklaringane hennar var rette. Dessutan: "Hun optraadte
meget frimodigt derude og udtalte Ønske om at faa en flaske Øl
og en Cigar at vederkvege sig paa, medens hun sat paa Venteværelset".
Dette kan nemnast som eit siste teikn på at ho i alle fall ikkje
slutta å utfordre - på sin måte - dei kulturelle kodane
i tida for sedeleg og usedeleg, og - med sigaren - for mannleg og kvinneleg.