Teoretiske og metodiske sider ved sosial og kulturell historie

Heimesida mi er her


Ved sida av historieskriving om emne frå arbeid og daglegliv i ulike kontekstar har eg lenge vore oppteken av teoretiske og metodiske spørsmål knytta til historisk utforsking av sosiale og kulturelle forhold.

Eit spørsmål eg syslar ein del med å prøve å finne ut av, er korleis den sosialhistoria som vart etablert i 1970-åra, i seinare år har møtt utfordringar frå nye retningar - som gjerne blir samanfatta som "ny" kulturhistorie (men som handlar om mange ulike retningar og spørsmål). Kva er nytt, kva betyr det nye, og kva inneber debattane i seinare år for oss som vil skrive sosial og kulturell historie, og historie om arbeid og daglegliv? Spørsmåla er til dels historiografiske, og til dels teoretisk-metodiske og epistemologiske.


This page was updated on Oct 12, 2004.
ingar.kaldal@hf.ntnu.no