Tilbake til liste over historiefaglig produksjon. Tilbake til Ingar Kaldals heimeside.


Kronikk i Adresseavisen 19. juni 2000:

Del 2: Marknadens karneval

PS: etter at denne artikkelen vart trykt, har gode kolleger gjort meg klar over at det er lite som tyder på at Trondheimsmartna'n eksisterte så tidleg som i middelalderen. Da eg skreiv artikkelen, var dette eit poeng eg fann i Trondheims Byleksikon. Dette var ikkje sentralt i artikkelen, og min tittel på den var "Martna'n før i tida". Det var avisredaksjonen som endra den til "Martna sidan middelalderen"

Ingar Kaldal: Martna sidan middelalderen (1)

Det er ikkje lett å vite når martnan i Trondheim vart ein fast årleg skikk, men den skal ha vore vanleg langt tilbake i middelalderen. På 1500-talet prøvde dei som bestemte i byen, å halde den i faste former. Dei påbaud dei som ville sette opp marknadsboder, å gjere det på torget. Seinare vart også Munkegata brukt til å ha boder i, og da gjekk ho under namnet "martnasgata". Frå slutten av 1700-talet vart martnan også lagt fast til det tidspunktet som den sidan har vore knytta til, og som gav den namnet, St.Hans-martna'n. I tillegg til denne sommarmarknaden, var det i Trondheim lenge også vanleg med ein haustmarknad.
    Frå tidleg tid vart slike marknader arrangerte for at dei som hadde noe å selje eller var ute etter å kjøpe, og som drog langt for å få det til, kunne ha ein fast plass og fast tid der dei kunne møtast. Kjøpstemne heitte det også. Mange europeiske byar kan føre sin framvekst tilbake til ein spe start som marknadsplass. Den vart gjerne plassert der ferdselsvegar møttest, eller ved ein elveos, som ved Nidelvas utløp. Når det så omkring ein slik plass grodde fram ein by, vart marknadsplassen ofte gjort til byens torg. I Trondheim låg torget i tidleg tid der Erling Skakkes gate no kryssar St. Jørgensveita, men den plassen vart borte i seinare reguleringar.
    Til marknadene kom folk gjerne lange vegar. Dette gjorde dei faste marknadene, som voks fram til tradisjonsrike arrangement fleire stader rundt om i landet, til møtestader der ikkje berre varer vart utveksla, men også informasjon og kontaktar, kjennskap og vennskap, og ikkje minst: kultur og kunnskap. Til martnan i Trondheim kom folk frå Nord-Østerdalen og svenskar frå Dalarne og Härjedalen (folk frå Jämtland heldt seg meir på Levangsmartnan – som lenge var like stor som den i Trondheim). Samar kom frå fjerne fjellstrok. Og på jekter og galeasar kom folk frå kysten og fjordane. Mange hadde dei med seg sine meir eller mindre spesielle varer som dei ville selje, og sine historier som dei fortalde - på sine like særprega dialektar. Noen gjorde martnasomsetning til levebrød og levemåte, og var å treffe på Levangsmartnan før jul og Rørosmartnan seinare på vinteren, på Romsdalsmartnan om våren og i Trondheim ved St.Hans. Eller dei tok seg fram til marknader og kjøpstemne nordover kysten og i Lofoten, på jekter som ofte var så fulle av varer at dei såg ut som flytande kramboder.
    I den globaliserte verda vi lever i i dag, er det vanskeleg å førestille seg korleis alt dette må ha gjort eit besøk på martnan til ei oppleving full av framande og oppsiktsvekkande inntrykk. Samtidig er det verdt å tenke over at ein liten by, som Trondheim lenge var, heilt sidan middelalderen har vore arena for eit slikt mylder av framande impulsar frå fjerne og ulike miljø. Det viser at livet i "det gamle samfunnet" ikkje var så prega av lokal avgrensing og isolasjon som ein av og til får inntrykk av. Og da bør ein hugse at når ein fjellkar frå Rørostraktane kom i prat med ei jente frå ei av dei mørke veitene i byen, så var den verda dei kom i frå, og dei liva dei levde, på fleire måtar meir forskjellige enn når to menneske frå ulike sider av kloden i dag "møtest" på internet. Globaliseringa skaper lettvindt kontakt mellom folk frå heile verda, men kjensla av at verda er stor og mangfaldig, kan ha vore sterkare på ein martna i gamal tid.
    Dei som dreiv handel til vanleg i byen, såg ikkje alltid berre med blide auge på den vareomsetninga som gjekk føre seg på torget, verken under martnan eller elles i året. Viss dei ville gjere det til heilårs levebrød å selje varer av det slaget som også vart bydd fram i store mengder på martna'n, kunne den ødelegge prisane. Samtidig følgde mye bråk og fyll med martna'n, som noen av dei bufaste og skikkelege borgarane i byen sette lite pris på. Men forsøka på å nedlegge martnan vart stadig stoppa, for den var også til nytte.
    Frå gamalt hadde martnan dekt eit behov både folk i byen og frå bygdene omkring hadde for å møtast for å utveksle varer, og for å kunne gjere dette innanfor ei avgrensa tid av året. Dette var nyttig i eit samfunn der folk elles i større grad enn seinare avla eller laga sjølve det dei trong til dagleg. Denne gamle betydninga av martnan kan ein framleis oppleve i samfunn der folk produserer lokalt ein stor del av det dei treng for å leve, men der dei likevel er avhengige å kjøpe noe utanfrå. Er behovet for kjøpevarer avgrensa til visse varer som tåler lagring, treng ein ikkje dagleg tilgang til ein marknad, og det er nok å kunne besøke den med lang tid imellom. I slike samfunn hadde gjerne dei faste marknadene innan ein større region også kvar sine spesialiserte funksjonar, som gjorde at dei som drog dit, visste kva dei fekk tilbod om å kjøpe der. Ein plass kunne det handle mest om fisk, ein annan stad om korn, eller skinn og jaktbytte, eller smykke, sølv og gull.
    Trondheimsmartnan var i så måte truleg mindre spesialisert enn t.d. Rørosmartna'n. Men her òg fanst spesialmarknader, som til dels vart arrangerte samtidig med St.Hansmartna'n. Hestmartnan var langt ut på 1900-talet eit fast slikt innslag i byen. Lenge vart den halden på Ilevollen. Seinare vart den flytta til ytre Kongsgård og enda seinare til Øya.
    Også i marknadsgatene inne i byen var salet gjerne ordna slik at bestemte varesorter hadde sine faste plassar. Slik var det omkring 1900: "Blikkmartna'n" var i St.Olavs gate, "klokkebytteriet" heldt til på hjørnet av Kongens og Prinsens gate, vis a vis Arbeiderforeningen. Kvinnene som selde sine vevnader fann ein borte ved Hornemannsgården. Øl og dram fanst over alt.
    Også i tidleg tid skal martnan ha vore forbunde med fest i byen, men da var dette meir enn i dag ein integrert del av det økonomiske. Å feste hørte med til det å handle, så å seie, slik det til akkederinga hørte med å ta ein dram. Slik skildrar ei gamal vise livet på martna'n:

Komme hvo som komme kan!
Her er markedsløjer;
Her er alt i prægtig stand,
Som din Sands fornøjer.
du deilig kaffe faar,
Her paa Bordet Flasken staar
Med sin Styrkedraabe.
Seinare vart martnan enda sterkare forbunde med fest og folkeliv, og det sosiale aspektet ved den kom meir i framgrunnen. Det kan du lese vidare i neste artikkel om martnan som "varemarknadens karneval".

Spørsmål eller kommentarer kan sendes til
ingar.kaldal@hf.ntnu.no