Tilbake til liste over historiefaglig produksjon. Tilbake til Ingar Kaldals heimeside.


Kronikk i Adresseavisen 20. juni 2000:

Del 1: Martna sidan middelalderen

Ingar Kaldal: Marknadens karneval (2)

Frå midten av 1800-talet mista St.Hansmartnan i Trondheim gradvis noe av si gamle økonomiske betydning, som viktig arena for vareutveksling mellom by og land, og mellom ulike delar av regionen. Ein av grunnane var at det vart lettare å få kjøpt dei varene som det hadde vore vanleg å kjøpe på martna'n, i faste forretningar i byen, der ein kunne få tak i dei heile året, og der noen butikkar spesialiserte seg på varer frå bygdene. Samtidig kom nye varer frå utlandet, og frå den nye industrien, som gjorde gamle varer overflødige.
    I 1840-åra klaga avisene over at det var stadig færre boder med varer å sjå i byen under martna'n. "Derimod har man i hver Krog for Øie ædende og drikkende Personer, Kaffe og Mjød, Æg og Lax, Kage og Brændevin, og hver Kippe er fuld af stridende og skraalende og drukne Mennesker". Det sosiale livet hadde alltid vore viktig under martna'n, men no kom det meir i framgrunnen, som det fleir enn før tenkte på med "martna'n". Det som vart att sjølv om salsbodene i periodar vart færre, var lirekassemennene, felespelarane, dansarane og konene som selde kaker. Og dei som kom til martna'n, kom i aukande grad for å oppleve festen og ablegøyene, og kjøpe seg opplevingar, eller varer som ikkje var å få tak i på kvardagens varemarknad.
 Når martnan mista gamle funksjonar, betyr det ikkje at den slutta å handle om kjøp og sal. Men innhaldet vart endra. Når marknadsøkonomien inntok meir og meir av kvardagslivet, vart den årlege St.Hansmartnan ein nisje for mye som kvardagsmarknaden ikkje tilbaud. Og når martnan framleis også omsette vanlege varer, vart det ofte gjort på andre måtar enn til kvardags.
    Martnan vart det moderne marknadssamfunnets karneval, der salsverksemda vart iscenesett på måtar som ikkje følgde vanlege mønster for kjøp og sal. Her var både varene og prisane uvanlege. Martnan vart marknadens pustehol, der kvardagens omgang med pengar og verdiar, og kvardagsmarknadens rasjonalitet, let seg bryte - og av og til harselere over. Samtidig vart mye som til vanleg ikkje var tema for kjøp og sal, her både utstilt og betalt for.
    I fleire periodar såg det ut til at martnaslivet kom til å døy ut, og nedlegging vart diskutert. Men martnan tok seg opp att. Det gjorde den ikkje ved å ri gamle tradisjonar, men ved stadig å by folk noe anna enn før. Mot slutten av 1800-talet vart den fylt med nytt innhald som trekte til seg tusenvis av menneske. I fleire dagar før martnan tok til, var byen prega av førebuingane, montering av salsbuer og slikt som gjekk under namnet «gjøggel»: skytebanar, karusellar, menasjeri, dokketeater og andre raritetar. Så braka det laus. Kva nytt i år?
    Martnan var staden å få oppleve det "første", det "største" og det utanomvanlege, som "uovervinnelige Ali", som utfordra tilskodarar til brytekamp. I 1880-åra kunne ein på "verdens største panoptikon" få sjå "gripende scener fra den store fransk-tyske krig". Eller ein kunne få sjå "verdens tykkeste dame". Ho var visst på Trondheimsmartnan i mange år, og vart særleg hugsa fordi ho hadde så store bryst, som ho la ei trefjøl over, og let ein av tilskodarane å stå oppå. Slike vanvittige ting hørte med til martna'n, attåt dei meir faste innslaga. Og her fanst slangar og apekatter, og «Kvinnen uten underkropp». Det var ei levande «byste» som besto av ei kvinne som nikka og snakka, men der underkroppen vart skjult ved hjelp av eit sinnrikt speilsystem. Slike forunderlege ting sette spiss på martnasstemninga for hundre år sidan.
    Til den stemninga hørte stadig eit mylder av salsverksemder, som framleis var eit hovudelement ved martna'n. I tida omkring 1900 gjekk salsverksemda føre seg i telt og buer som fylte gatene frå Vår Frue kyrkje til Arbeiderforeningen, og frå Erling Skakkes gate ned til Ravnkloa, eller Fjæra som folk sa. Ein del av det folk kom for å kjøpe, var varer som ein ikkje fekk elles, og varer som ein ikkje "trong". Martnan var ein marknad med plass også til det det uvanlege og "unyttige".
    Også det som framleis vart omsett på martnan av varer i meir kvardagsleg forstand, vart prega av den karnevalistiske samanhengen martnan utgjorde. Martnan var som alltid før ein møtestad mellom by og land, men også dette møtet fekk nye meiningsinnhald frå siste del av 1800-talet. Tradisjonelt hadde store mengder trevarer (møblar, stampar, trau, kar, river), vadmål, ulltøy, åkle og anna bygdehandverk vorte frakta inn til byen for sal under martna'n. Når byfolket no meir enn før brukte både mat, redskapar og klede som var industrielt laga, fekk desse bygdevarene også nye betydningar. Å kjøpe ein handlaga pynteting eller treredskap frå bygda, eller ei spekepølse, vart oftare enn før å kjøpe noe spesielt, enten noe som var "meir ekte" og "opprinneleg", eller noe ein hadde spesielle kjensler for. Og på kjøpet følgde gjerne ei førestilling eller forteljing: om at "ein slik kniv hadde bestefar min", eller "slik bakte dei flatbrødet der mor mi kjem frå".
    Slik fekk truleg også uttrykket "bønder i byen" nye meiningsinnhald. Frå å vere leverandørar av varer frå bygda som byfolket trong til livsopphaldet, vart "bønder" eksponentar for ikkje berre varer av særeigne kvalitetar, men også for "livet på landet", som noe eksotisk, tradisjonelt og annleis.
 Enno i dag er martnan ein stad der det er meir lov enn elles å kjøpe ting av andre grunnar enn dei vi trur vi bruker på kvardagens marknad. Men forskjellen mellom martna og dagleg marknad er vorte utydeleg, og forretningslivets "toilldagar" er vorte kvardagar. Likevel kan martnan kanskje enno lære oss noe om at også dei varene vi omgir oss med til dagleg, får sine betydningar gjennom ei eller anna forteljing – som når vi kjøper økologisk produserte egg, og får med på kjøpet ei førestilling om ei sunn og lykkeleg høne. Poenget er ikkje at vi dermed lurer oss sjølve, men at det er slik varemarknaden stadig verkar også til dagleg - ved å selje oss forteljingar innpakka som "varer" (og ikkje berre omvendt). Kanskje er martnan ein stad der ein enno også kan dra noen av maskene av kvardagens kjøpegalskap, ved at den får spele seg ekstra tydeleg ut i noen dagar (slik karneval alltid kan dra maskene av kvardagslege maktforhold). Men dette er det - som før - opp til dei menneska som er med på martnan å gjere.


Spørsmål eller kommentarer kan sendes til
ingar.kaldal@hf.ntnu.no