Ingar Kaldal: Historisk forsking, forståing og forteljing

Arbeidsoppgåver
om 'Historisk materiale'

1. Finn Arkivverket si internettside (http://www.riksarkivet.no/). Klikk deg vidare fram til informasjon om dei ulike delane av det norske Arkivverket. Noter deg samtidig stikkord som du kan bruke til å lage ein fyldigare oversikt enn det læreboka gir, over kva ulike arkiv som finst, kva dei inneheld. Vel deg så ut noen av dei smakebitane dei ulike arkiva har vald å presentere på sine sider, og studer dei nærare. Lag ein oversikt over kva tema og spørsmål dei kjeldene du her har funne, kan vise noe om.

2. Gjer ei rask kartlegging av internettplassar kor du finn gode internasjonale oversikter over historisk kjeldemateriale. Kjør søk f.eks. på 'history source', 'history archives', el. likn. Peik så ut eit land langt borte frå Norge, og prøv å finn ut kva historiske kjeldesamlingar og arkiv i det landet du kan hente interessante kjelder frå via internettet.

3. Ein av dei plassane du da kanskje finn, er Internet Modern History Sourcebook (http://www.fordham.edu/halsall/mod/modsbook.html). Lag ei vurdering på ca ei halv side av kva slags materiale dette arkivet har lagt vekt på å samle, og kva slags materiale det ikkje har lagt vekt på.

4. Tenk på ein bestemt person som du veit levde i 1900, og som du veit namnet på og kor ho eller han budde. Prøv så å leite opp vedkommande ved å nytte deg av folketeljingane frå 1900 som fu finn på Digitalarkivet (http://www.digitalarkivet.no/). Når du (eventuelt) har lykkast i å finne den personen (kor sikker er du på at det er den du leitte etter), prøv så å finne ut mest muleg anna om den same personen i det same folketeljingsmateialet. Set opp ein oversikt over kva du har funne ut. (Eit par tips, viss du ikkje kjem vidare: har du registrert deg med brukarnamn og passord (gratis)? Har du tenkt over at personen kan ha hatt eit anna etternavn enn du trudde, fordi mange tok namn etter plassar dei budde på, ..?)

5. Finn Nasjonalbiblioteket si internettside (http://www.nb.no/). Leit deg så fram til den samlinga Nasjonalbiblioteket har av gamle plakatar. Leit der opp dei eksempla biblioteket har lagt ut på nettet, med bilplakatar frå det tidlege 1900-talet. Studer plakatane, og noter deg stikkord om kva du meiner kan tolkast ut av dei. Kva aspekt ved bilen si første tid i Norge kan dei brukast til å kaste lys over?

6. Her finn du ei avskrift av ei side frå Amtmannsberetninga får 1861-65 for Nordre Throndhjems Amt.
a. Lag ein oversikt over kva ulike sider ved den tida teksten stammer frå, som den kan brukast til å seie noe om. Legg vekt på å få fram korleis den viser noe på fleire plan, og kan utnyttast frå fleire synsvinklar
b. Noter deg kva som er vanskeleg å fortså i teksten, og noter så idear om korleis du trur du kan finne ut kva det betyr.

7. Her finn du ei avskrift av noen avsnitt frå ei Medisinalberetning frå 1859, som omtaler 'Almuens Levemaade' i Skogn og Levanger i noverande Nord-Trøndelag fylke.
a. Lag ein oversikt over kva ulike tema og spørsmål denne teksten kan brukast til å kaste lys over. Prøv også å notere stikkord om problem som teksten byr på viss du vil bruke den til å seie noe om dei ulike tema og spørsmåla du har notert
b. Noter deg kva som er vanskeleg å fortså i teksten, og noter så idear om kva du vil prøve å gjere for å finne ut kva det betyr.

8.



Tilbake til oversikt
Epost:
ingar.kaldal@hf.ntnu.no
Heimesida mi er her

Denne sida vart sist oppdatert 18.9.2003